Sjalusi og hemn

RØYK: Utan annan kapital enn kroppen sin, freistar Medea å få kongen til å gjere om lovene. Medan psykiateren tar ein røyk. FOTO: ODD MEHUS

TEATER

Medealand
Den Nationale Scene, Teaterkjellaren
Av Sara Stridsberg
Omsett av Cecilie Løveid
Regi: Lene Therese Teigen

Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes
Lysdesign: Arne Kambestad
Med: Ida Cecilie Klem, Audun Sandem, Ane Skumsvoll, Marianne Nielsen, Kim Kalsås, Linn Pettersen og Reny Gaassand Folgerø.

Sterkt om sjalusi og hemn, men penselen er stundom i breiaste laget.

Ved sia av Sofokles’ Ødipus, er truleg Euripides’ Medea verdslitteraturens mest fortolka og vidaredikta rolle. Den greske myten om Medea frå Kolkis er erkehistoria om sjalusi og hemn. Ho forelskar seg i den greske helten Jason, tek livet av bror sin for å flykte med Jason til Korint der dei får to barn saman før Jason gjer ein avtale med kong Kreon om i staden å gifte seg med dottera hans. Åleine i eit framandt land blir Medea kasta ut, og hemnar seg ved å ta livet av både kongen, prinsessa, – og dei to sønene ho har med Jason. Kan ei mor verkeleg ta livet av barna sine? Frå vår eiga samtid veit vi at dei fleste mord finn stad i nære relasjonar, og at drap på eigne ungar faktisk også skjer. Men likevel?

Denne historia er gjennom snart 2500 år blitt grunnlag for stadig psykologisering og nytolking, og laurdag var det Norgespremiere på «Medealand» frå 2009 av den svenske dramatikaren og forfattaren Sara Stridsberg. Ho har sett handlinga inn i ei moderne setting der vi tar til når Medea brått blir ein statslaus flyktning og åleinemor utan opphaldsløyve, og opplever dei høgst patriarkalske innvandringsreglane.

I ein stilisert og ljos grå scenografi der eit nedsenka badekar er einaste rekvisitt, får vi ein like stilisert presentasjon av eit Medealand som kan vere eit bilde på korleis Medeas verd fortonar seg etter sviket frå Jason og vedtaket om utkasting. Ho, framifrå og ganske mangefasettert framstilt av Ida Cecilie Klem, er ei sterk og sjølvstendig kvinne som brått opplever at heile fundamentet hennar kollapsar. Fråtatt all eigenverd har ho ikkje annan kapital enn kroppen sin som ho nyttar for å kjøpslå med kongen for å gjere om reglane. Fånyttes. Ho er sterk, sta, ekstremt sjalu, suicidal og hemngjerrig. Stridsberg har skapt eit univers der vi med mytane som bakteppe opplever ei langt meir feministisk vinkling på historia med ei ung tobarnsmor som ikkje har vore gift lenge nok til å få opphaldsløyve, og som brutalt blir gjort til inkje. Medea søkjer hjelp hjå psykiatrien, og møter eit tidvis ganske avvisande helsevesen. Det er personifisert ved Gudinna (Ane Skumsvoll), som er ei moderne gudinne, ein psykiater som yter meir motstand enn empati, og som faktisk er med på å framskynde den katastrofale finalen. Samspelet mellom desse to er noko av det beste ved framsyninga.

Handlinga er dagens, men den greske tragedien er bakteppet. Jamvel koret er med som eit slags forsterkande ekko av Medeas tankar. Men eg er ikkje viss på at koplinga til Euripides alltid er like vellukka. Stridsbergs og regissør Teigens prosjekt kan sjå ut til å nytte Medea til å freiste å forklåre korleis ei etter kvart desperat kvinne kan drivast til å drepe sine eigne barn. Det er framleis like uforståeleg. Og når det gjeld utlendingslover og flyktningpolitikk,  finst det nok betre parallellar enn Medea frå Kolkis. Både Medea og Gudinna er til å tru på, og får spele på store register. Men dei øvrige får stort sett ikkje høve til å bli anna enn sjablongar måla ut med alt for brei pensel. Det er trist, for det gjer handlinga mindre truverdig i ei elles særs sterk oppsetting.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 23. september 2014.)

Leave a Reply