Magnus og Hedda

ANNLEIS: Fysisk, ekspressivt og ikkje så reint lite humoristisk om å vere annleis. FOTO: CHRISANDER BRUN

TEATER/DANS 

Jeg satt på en stein og så utover «havet»
Teaterhuset Avant Garden
Av og med Magnus Myhr

Iscenesetting: REBEKKA/HUY
Scenografi: Lisa Hjalmarson
Musikk: Bendik Giske
Lysdesign: Chrisander Brun


Særs lovande solodebut for multitalentet Magnus Myhr i ei personleg utforsking av kjønnsidentitet og det å vere annleis.

Magnus Myhr er eit ungt multitalent frå Klæbu rett sør for Trondheim. Han er utdanna samtidsdansar frå Statens Balletthøgskole, men har den siste tida vore engasjert som skodespelar i to produksjonar på Nationaltheatret. I tillegg er han og ein utmerka songar. Og slik skulle ein fort tru at han er eit vedunderbarn frå den grøne greina, men røyndomen er nok ofte annleis. Å vekse opp i eit lite bygdesamfunn som den einaste guten som ikkje spelar fotball, og som etter kvart finn ut at han er homofil, var neppe berre enkelt. Basert på sine eigne oppvekstrøynsler har han lenge ønska å utforske forventingar til kjønnsidentitet og mye meir, og etter mange års arbeid var det torsdag urpremiere på ei tidvis forrykande framsyning på Teaterhuset Avant Garden i Trondheim.

Den som på bakgrunn av det eg har skrive over og tilsvarande brei førehandsomtale ville tru at dette var ei introvert og lett melankolsk reise i det å vere annleis, blei nok ganske overraska. For Myhr tar i staden til med ein særs humoristisk og personleg monolog om Hedda Gabler der han på rekordtid ikkje berre greier å fortelje plot og intrige i Ibsens drama, men gjer det også så sjarmerande, innsiktsfullt og personleg at tablået blir ei lita framsyning som står fullstendig på eigne bein. I jakta på sitt eige sjølv, fortel han på førehand at han ville spele Hedda Gabler, gå rundt med pistol og vere undertrykt, for så å gjere noko med det. Og det er for så vidt akkurat det han gjer der han med masse humor og vidd greier ut om sin fascinasjon for Heddafiguren.

Så tek dansaren over, og Myhr kastar oss inn i ein ekspressiv dans som i alle fall eg opplevde som ein enorm kamp mot ulike tvangstrøyer der vi i stort tempo etter kvart også anar ei gryande frigjering og aukande livsglede. Gjennom desse to tablåa demonstrerer Myhr at han både kan skrive, fortelje, spele og danse. Han er fysisk særs tilstades, han har ein enorm scenesjarm og har publikum i si hole hand. Men så mistar framsyninga mye både av energien og det overraskande. Vi får ein lang og litt uforløyst monolog om alle dei ulike dyra i Arken før han avsluttar med karaokesong til heile tre DDE-låter av tidleg årgang. 

Magnus Myhr har med denne produksjonen synt at han har eit enormt potensial til å kombinere teater, song og dans, og at han er i stand til å skrive fengslande forteljingar. Eg gler meg til å sjå meir, og får berre akseptere at han i debuten ikkje greidde å stå løpet heilt ut.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 27. september 2014.)

Leave a Reply