Dokumentarteater

SKULEGANG: Azra Halilovic ruslar kommenterande rundt i sitt eige liv, mellom anna skulegang i Banja Luka. FOTO: ELISA ELß

TEATER

Telling the truth
Teaterhuset Avant Garden
Av Azra Halilovic og
Per Ananiassen
Regi: Jörg Karrenbauer
Musikk: Andreas Elvenes og Svein Segtnan
Med: Azra Halilovic, Andreas
Elvenes og Elhad Karadzic

Dokumentarteater som er best når det heilt private får dokumentere hendingane.

For fire år sia sette Azra Halilovic opp monologen «1000 zašto 1000 zato» (1000 kvifor 1000 difor) der ho på bakgrunn av eigne dagbøker frå 11-årsalderen i Bosnia fortalde om daglegdags ungpikeliv med krigen som bakteppe fram til ho kom som flyktning til Norge nokre år seinare. Med stor grad av sjølvironi og humoristisk distanse presenterte ho ei gripande fortelling om krig og trivialitetar. Nå har ho laga ein frittståande oppfølgjar, «Telling the truth» der ho i langt større grad freistar å skildre krigen og brotsverka, men framleis med sin eigen familie og si eiga historie som inngangsport.

I Haag går saka mot Radovan Karadzic, den hovudansvarlege for krigsbrotsverka, nå mot slutten, og i det langvarige arbeidet med denne teaterproduksjonen har Halilovic vitja tribunalet, og jamvel freista å få snakke med Karadzic, noko han sa ja til, men som tribunalet avslo. Men i prosessen fekk ho også kontakt med ein annan Karadzic som under krigen sjølv blei fanga, torturert og måtte flykte. Elhad Karadzic, eller «den positive Karadzic» som han sjølv kallar seg, fatta interesse for prosjektet hennar og deltek med si eiga historie i oppsettinga.

Som i førre produksjon, har Halilovic vald ein slentrande og særs upretensiøs presentasjonsform der ho nærast ruslar kommenterande rundt i sitt eige liv. Som ein pendant til krigsforbrytardomstolen sit Andreas Elvenes på scena og stiller spørsmål, korrigerer og delvis sufflerer henne. Vi får presentert familiebakgrunn, opptakten til krigen, skulegang, flukt og relativt private historier om familien. Men jamvel om noko kan verke nesten pinleg privat, er likevel alt med på å illustrere Jugoslavia, krigen og livet til muslimane i Bosnia på ein innsiktsfull og forståeleg måte. Denne delen av framsyninga er den absolutt sterkaste og beste.

Produksjonen er delt i tre klårt avskilte bolkar. I den andre møter vi Elhad Karadzic som har skrive bok om opplevingane sine, og som har skapt seg eit nytt liv for seg og familien i Tyskland. Han fortel om arrestasjon, tortur og fangeliv før han ved hjelp av Raude Krossen kom seg ut og til sitt nye heimland. På sjarmerande vis fortel han, og Halilovic omset. Sjølv om historia hans er både gripande og interessant, manglar ho dramatisering, og får slik sett ikkje den intensiteten vi opplever i Halilovic’ forteljing.

I den siste bolken blir vi med Halilovic til Haag i ein freistnad på å få Radovan Karadzic i tale, men der ho i staden får eit videointervju med hans juridiske rådgjevar, eit intervju dei fleste nok vil oppfatte som blotta for empati med ofra, men heller ikkje særleg interessant.

Azra Halilovic har denne gongen freista å lage eit meir typisk doku-teater, og til det har ho også fått regihjelp frå Jörg Karrenbauer frå det tyske dokumentarteaterkompaniet Rimini Protokoll. Personleg meiner eg ho burde ha halde fast ved det særeigne med sitt eige prosjekt slik det kjem fram i første del og i førre produksjon. Ved å bruke seg sjølv og si eiga historie kjem ho tettast på hendingane, og greier på det viset å skape ein intensitet og autentisitet som rører oss langt meir enn det ein tradisjonell dokumentar maktar.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 30. august 2014.)

Leave a Reply