Løven og kondoren

ELEGANT: Moritz Rabinowitz i dress med godt snitt, ein nytenkande entreprenør og verdsborgar frå Polen og Haugesund. FOTO: FIGURTEATRET I NORDLAND

FIGURTEATER 

FABRIK
– The Legend of M. Rabinowitz
Trøndelag Teater, Teaterkjellaren
Jødisk Kulturfestival i Trondheim i samarbeid med Den kulturelle skulesekken
Av Wakka Wakka Productions i coproduksjon med Figurteatret i Nordland
Med: David Arkema, Gabrielle Brechner, Kirjan Waage og Gwendolyn Warnock

Ei lun og varm forteljing om ei viktig og etter kvart tragisk historie.

Den 5. til 7. september er det Jødisk Kulturfestival i Trondheim, men festivalen tjuvstarta alt 29. august med Trondheimspremiere på «FABRIK – The legend of M. Rabinowitz», eit gjestespel frå det norsk-amerikanske kompaniet Wakka Wakka Productions. Kompaniet, som har base i New York City, blei starta i 2001. «Fabrik» er ein produksjon som hadde premiere i Stamsund alt i 2007, og som etter det er blitt vist i ei rekke land, og som har hausta både ei rekke nominasjonar og prisar. Men dette er fyrste gongen han blir vist i Trondheim. Det var på høg tid, for «Fabrik» er heilt eineståande figurteater. Nå skal han visast i ei dryg veke framover, og det er å håpe at flest mogeleg finner vegen til teatret, for dette er ei særs god og varm dramatisering av det som var livet og lagnaden til eit utal jødar på første halvpart av nittenhundretalet.

Historia som blir fortald er i hovudtrekk like fantastisk som ho er sann. Moritz Rabinowitz blei fødd i Polen i 1888, og kom til Norge i 1909 der han busette seg i Haugesund som det han sjølv seier var den einaste jøden i byen. Med patriarkalske briller er dette kanskje rett, men han hadde også ei kone og ei dotter. I Haugesund slår han seg opp med herrekonfeksjon og opna butikkar i heile fem byar på sørvestlandet samt at han i heimbyen bygde opp Nord-Europas mest moderne konfeksjonsfabrikk; Condor. Han var ein entreprenør og ein samfunnsdebattant som tidleg tok til orde mot nazismen og den aukande antisemittismen. Som så mange andre jødar blei han send til Sachsenhausen der han døydde i 1942.

Denne historia om den nytenkande og framgangsrike kjøpmannens vekst og tragiske fall blir presentert som figurteater med eit tjuetals flotte og ganske spektakulære dokker og med synlege dokkeførarar. Presentasjonsforma er eventyrets, med røter både i norsk og jødisk forteljartradisjon. Det er ei varm og humoristisk historie, ikkje så reint lite sjølvironisk og presentert med mye kløkt og innleving. Dokkeføringa er imponerande presis og synkron, og alt det tekniske er sjølvsagt på plass. Men det som gjer produksjonen til noko langt meir enn berre godt figurteater, er blandinga av den spesielle forma dei har gitt presentasjonen av ei god og ikkje minst viktig historie, med ein uvanleg intelligent, men likevel særs diskret bruk av sceniske verkemiddel. Scenografien og utstyrsbruken er relativt enkel, men så illustrerande og sjarmerande. Perspektivforskyving, god bruk av lys- og lydeffektar og flotte modellar gir liv til handlinga og gjer dette til fysisk og visuelt teater på sitt aller beste.

Moritz Rabinowitz er ein sjarmerande mann til å bli verkeleg glad i. Han har nok sine sider, mellom anna den patriarkalske, men han er nyskapande, tenker stort, syner omsorg for sine tilsette, og blir, trass i at han er ei dokke, presentert så levande at du trur han er verkeleg. Sjølv om framsyninga er både varm og humoristisk, er det mot eit dystert bakteppe av jødepogromar, og etter kvart holocaust. Med meir enn sytti års avstand til hendingane, aukande historieløyse og også veksande framandfrykt og rasisme, trur eg den enkle historia om den polskfødde skreddaren frå Haugesund kanskje kan seie meir til nye generasjonar enn avisartiklar og lærebøker. Om du ikkje blir glad i Moritz Rabinowitz slik han blir presentert av Wakka Wakka Productions, er det noko alvorleg gale med kjenslene dine.

Leave a Reply