Eit rocka menasjeri

 

HEILT KONGE: Apar er ikkje til å spøke med, og apekongen (Tor Einar Bekken) tar han heilt ut i dette elleville opptrinnet. FOTO: AMUND GRIMSTAD

JUNGELBOKA

Basert på barnebøkene av Rudyard Kipling
Tekst: Arne Lindtner Næss
Dramatisert av: Arne Lindtner Næss og Wayne McKnight
Musikk: Svein Gundersen
Tekstbearbeiding og regi: Elin Stangnes
Scenografi: Ole Fredrik Wannebo
Koreografi: Ida Skaret Fjøseide
Kostyme: Silje Botten
Musikalsk ansvarleg: Øyvind Jo Heimdal Eik
Produsert og framført av Teaterlaget i BUL Nidaros
Tårnet på Munkholmen, Trondheim

Det er godt å bli forført, og Teaterlaget i BUL greier det til fulle i denne uvanleg sjarmerande og velregisserte oppsettinga.

Eg vedgår det gjerne. Eg likar å bli forført når eg er på teater, og Teaterlaget i BUL plar greie det med det årvisse sommarteatret på Munkholmen. I tretti år har desse unge entusiastane – og for all del – amatørane, presentert klassikarar i god familietapping i det scenografisk sett nesten heilt umogelege tårnet på Munkholmen. Og ikkje sia «Alice i Eventyrland» i 2007 har eg blitt så forført som i år.

Det er «Jungelboka» denne gongen, og for den som har vore ulvunge som barn og hatt Kipling som pensum, er det ikkje så mye anna att av originalteksten enn menasjeriet i denne oppsettinga. Dette er musikalversjonen som baserer seg på dramatiseringa Wayne McKnight og Arne Lindtner Næss gjorde for Bryggeteatret i 1989, og med ein god del teksttilpassing og bearbeiding av instruktøren, Elin Stangnes. Framleis er hovudpersonen Mowgli, menneskebarnet som veks opp i ein ulvefamilie i India, godt tatt hand om av panteren Baghera og bjørnen Baloo, og med naturlege fiendar som slangen Kaa, tigeren Shere Kahn, og også apane som ein heller ikkje skal kimse av. Her veks Mowgli opp, det er farar over alt, men også venskap og varme. Og historia er bygd opp over ei rekke tablå der Mowgli blir sett på ulike prøver.

Jamvel om dette er familieunderhaldning og mye kos, er det likevel ei temmeleg rocka historie som heldigvis ligg milevis frå den klamme Hakkebakkeskogen. Dette er ein slags faunaens West Side Story med rivaliseringa mellom The good guys og The bad guys. Og midt i det heile er hybriden Mowgli som gjerne vil gli inn, men som like umiskjenneleg er eit menneske. Tolkingane av Kiplings originalmanus er legio, og slik er det også med denne produksjonen, sjølv om det til sjuande og sist nok handlar mye om å høyre til, og om å følgje naturens orden.

Men dette er ikkje først og fremst teater med mange botnar, men derimot fantastisk god underhaldning. Det kan stundom vere vel så bra. Tårnet på Munkholmen er særs vanskeleg å møblere, men Ole Fredrik Wannebo har utnytta rommet optimalt og skapt ei scene som ga både truverd, oppleving og godt rom for alle opptrinna. I dette universet har Elin Stangnes gjort ein formidabel innsats med tekstbearbeiding og regi. I ei uendeleg rekke tablå med heilt saumlause sceneskift og store masseopptrinn med eit par dusin aktørar på scena skapar ho ei fengande, energisk, litt sjølvironisk, velkoreografert og særs underhaldande framsyning. Og sjølv om mange av dei berande rollene er spela av vaksne, så er det store fleirtalet barn og ungdom, og alle er sjølvsagt amatørar. Til det å vere, er det forbausande gode songprestasjonar og god koring, og sjølv om spelet er sjarmerande ujamt, er her rikeleg med spelemessige svisker utan at eg skal nemne nokon ved namn, for dette er først og fremst strålande ensemblespel.

Ida Skaret Fjøseide har ansvaret for koreografien som er alt frå tåspissballett til apar som svingar seg frå trea. Med så mange aktørar på ei så lita scene, er resultatet ikkje mindre enn imponerande. Øyvind Jo Heimdal Eik har vore ein trollmann med musikken og skapar stort sett åleine eit rikt og godt lydbilde, og eit akkompagnement som aldri overdøyver songen. Og som vanleg har dugnadsgjengane i BUL laga flotte og fantasifulle kostyme.

«Jungelboka» er ein rå og ganske rocka familiemusikal med ei litt skummel historie for dei minste og med enorme mengder artige vriar og metaforar for dei vaksne. Som vanleg er sommarteatret sjarmerande, men det spesielle denne gongen er energien, musikken, sceneskifta og ensemblespelet. Trøndersommaren kan vere så kald han vil. Det blir alltid varmt nok når BUL spelar opp på Munkholmen.

Leave a Reply