Skuld og forsoning

TEATER

MARTRING: Eyolf blir nesten meir fysisk til stades for Rita og Alfred etter at han har drukna. FOTO: ARILD MOEN

Lille Eyolf
Teatret Vårt, Molde
Av Henrik Ibsen
Regi: Peer Perez Øian
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt
Musikalsk ansvarleg: Britt Elise Skram
Med: Valborg Frøysnes, Bjørnar Lisether Teigen, Kamilla Grønli Hartvig, Daniel Karlson og Erik Hagen Lisether Teigen

Ei vanskeleg oppsetting om ein gut som blir meir fysisk til stades etter at han er død.

 

Teatret Vårt i Molde inviterer til ei modernisert utgåve av «Lille Eyolf», og i Peer Perez Øians regi opnar det temmeleg annleis. Medan Britt Elise Skram spelar tradisjonsmusikk på fele, dansar ensemblet seg gjennom ei form for stolleik der Alfred Allmers til slutt står åleine att på scena før den eigentlege handlinga tar til. Skodespelarane går i vanlege klede, og Eyolf i supermannsdrakt, og vi reknar difor med at handling og språk også er modernisert og henta frå vår eiga tid. Men så syner det seg at både tekst og handling er så godt som heilt opp mot originalen. At det ikkje er fullt samsvar mellom kostyme og spel, er for så vidt eit greitt val, og skal vel syne at denne oppsettinga handlar om ålmenne problem som ikkje kjenner korkje rom eller tid. Meir problematisk er det at skodespelarane gjennom heile framsyninga slår seg på hælane og gjer kast som om dei skulle danse halling. Det er ganske forstyrrande, og ikkje med min beste vilje har eg funne noko i denne oppsettinga som skulle forsvare slike tidvis akrobatiske krumspring.

«Lille Eyolf» handlar om mye, og det er ikkje enkelt om alt skal presenterast som like viktig. Øian ser ut til først og fremst å ha freista å ta tak i forholdet mellom Alfred (Bjørnar Lisether Teigen) og Rita Allmers (Valborg Frøysnes), og korleis dei først slit med skuldkjensla for at Eyolf fekk funksjonshemminga si då dei to var for opptekne med kvarandre, for korleis dei kan gjere dette godt att, og for Ritas vedkomande sjalusien mot Eyolf for å stå mellom henne og mannen.

Tematisk er «Lille Eyolf» kanskje eitt av Ibsens mest moderne drama. Rivinga mellom ønsket om sjølvrealisering og omsynet til ungane er nok vel så vanleg i dag som på Ibsens tid. Og skuldkjensle, sorg, kjærleik og sjølvsagt også meininga med livet er ganske universelle og evigvarande tema for menneska. Likevel blir ikkje «Lille Eyolf» spela så ofte. Eg skal ikkje meine mye om årsaka til det, men slik denne produksjonen framstår, kan ein av grunnane vere at stykket femnar om for mye. Det har Peer Perez Øian freista å gjere noko med. Han er overraskande tru mot originalteksten, men har likevel gjort eit viktig unnatak. Rottejomfrua, som Ibsen la inn som ei som skulle drive ut alt som «nagar og gnagar», som i manuset er den som lokkar Eyolf ut i drukningsdøden, og som slik har ein sterk metaforisk funksjon, er stroke. Det er eit dristig val, og i utgangspunktet ville eg tru at det kunne vere ei for drastisk stryking. Men slik blei det ikkje. Oppsettinga står seg godt utan denne nesten mytiske skapnaden. Men når ho er ute av rollelista, stussar eg over at Øian ved to høve nyttar rottemasker på skodespelarane, ein metafor som nå ikkje lenger har noka meining. Om han då ikkje freistar å innføre laboratoriedyra som ein ny metafor for korleis livet kan arte seg?

Den scenografiske løysinga til Olav Myrtvedt, med relativt enkel bruk av ei manuell dreiescene med ei framside og ei bakside slik det også er i livet, fungerer bra. Og særleg vellukka er bruken av det indre rommet, som ein skinnerboks,  der Eyolf leikar bak ei glasrute og slik sett er til stades utan å vere det. Akkurat som han er det i livet til foreldra. Eyolf er forbausande godt og naturleg spela av Erik Hagen Lisether Teigen, og jamvel om han døyr i første akt, er han med heilt til slutt som ei martring og påminning for foreldra. Og slik blir han i dobbel tyding meir til stades i livet deira etter at han er borte.

Peer Perez Øian har levert mange gode produksjonar, og han har openbert særs høge ambisjonar, også med denne oppsettinga. Her har han laga ei symboltung framsyning der konfliktane er tydelege og metaforane mange. Men likevel lukkast det ikkje heilt. Det er så uendeleg mange tema, og eg ser ikkje heilt kva det er Øian freistar å seie meg.

Finalen, med ei relativt lukkeleg forsoning der Alfred og Rita finn kvarandre att gjennom felles arbeid for fattigbarna, ei oppgåve som kan gi livet meining, er ganske utypisk for Ibsen, og kan fort tolkast ironisk. I den stiliserte og visuelt vakre finaleversjonen Øian gir oss, blir eg nok ein gong uviss på kor han vil. Rett nok er det i Ibsens and å reise spørsmål, men dei bør kanskje ha tydelegare retning?

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 31. mars 2014.)

Leave a Reply