Ei sanseleg totaloppleving

TEATER

VEKTLAUS: Ein vektlaus vengehest er berre ein av dei mange magiske illusjonane som blir skapt av scenografen Gilles Berger. FOTO: GT NERGAARD

«Hundre hemmeligheter»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Anne Marit Sæther/Cirka Teater og Eirik Hegdal
Regi: Kjersti Haugen og Anne Marit Sæther
Scenografi: Gilles Berger
Kostyme: Jenny Hilmo Teig og Gilles Berger
Lysdesign: Eivind Myren
Komponist: Eirik Hegdal
Lyddesign: Asle Karstad
Lyd/komp/kor: Trondheim Voices
Med: Sondre Pettersen, Kingsford Siayor, Ingrid Bergstrøm, Hans Petter Nilsen, Marianne Meløy, Tor Ivar Hagen og Per-Theodor Paulsen

Vakkert, visuelt og litt vondt om at ikkje alle løyndomar er like artige å avdekke.

 

Jørgen (Sondre Pettersen) er tretten år og har saman med foreldra (Ingrid Bergstrøm og Hans Petter Nilsen) akkurat flytta inn i huset etter mormor. I flyttesjauen dukkar ein mystisk boks opp. Den har påskrift om at den ikkje må opnast, men Jørgen greier sjølvsagt ikkje å halde seg. Boksen viser seg å vere full av løyndomsfulle og kryptiske brev til fødselsdagane hans, og dei blir akkompagnert av visuelle, musikalske og tidvis heilt magiske openberringar.

Slik opnar «Hundre hemmeligheter» på hovudscena på Trøndelag Teater. Dette er ein samproduksjon mellom mange ulike aktørar, men i botn ligg Cirka Teaters særs visuelle og magiske teaterverd og uttrykk. Kompaniet, som i røynda berre består av ekteparet Anne Marit Sæther og Gilles Berger, feirar 30-årsjubileum i år, og er invitert inn på Trøndelag Teater. Der har dei vore før med både «Pingvinhjelpen» og Erlend Loes «Kurt koker hodet», båe visuelle og leikne oppsettingar med fantastisk scenografi og kostyme.

Slik er det sjølvsagt også denne gongen, men Cirka Teater sprenger stadig nye grenser. For to år sia sette dei opp opera på Røst, og «Hundre hemmeligheter» er ein særs eksperimentell og nyskapande familiemusikal. Eirik Hegdal har skrive musikken, og den er poetisk, varm og vakker. Men det mest spesielle er akkompagnementet. I tillegg til bruk av eit par gitarar, er alt laga av Trondheim Voices i sann tid. Under leiing av Siri Gjære, er seks songarar frå denne vokalgruppa nærast del av scenografien. Med kostyme som går i eitt med omgjevnadane, styrer dei kulissane og det musikalske bakteppet. Med stemmene sine og individuelle lydkontrolleiningar kopla opp trådlaust mot data og høgtalarar, improviserer og manipulerer dei fram bakgrunnsmusikken der og då. Dette er ny teknologi utvikla under leiing av lyddesignaren Asle Karstad, og det fungerer imponerande bra.

Historia Cirka fortel er for alle frå åtte år og oppover. Saman med vennen Mika (Kingsford Siayor) grev Jørgen seg ned i løyndomane som skjuler seg i dei mystiske breva. Det er eit dramaturgisk godt grep som held på spenninga, og dei merkelege skapnadane Zakariankazarian (Marianne Meløy), Vingehesten (Tor Ivar Hagen) og Bagasjemannen (Per-Theodor Paulsen) gjer det heile både mytisk og magisk. Ikkje alle løyndomar er like artige å avdekke, og etter å ha etablert ein harmonisk og veltilpassa familieidyll, tar handlinga brått ei ny retning. Det blir kaos i Jørgens liv, scenografi og fysiske omgjevnadar dekonstruerast og alt ser temmeleg svart ut. Men vennskap kan løyse det meste, og saman med Mika greier Jørgen å kome fram til ei forsoning som lett kunne ha blitt klissete, men som her er rørande og vakker.

Røyndomen kan vere hard, og dette er ei tøff historie å fortelje åtteåringar. Men Sæther har tillit til publikum. Dette er realisme som ungane kan kjenne seg att i, samstundes som det er kombinert med ei magisk draumeverd med lag på lag av sanselege opplevingar. Samspelet mellom lyd, den flotte lysdesignen til Eivind Myren, musikken og først og fremst kostyma og scenografien, gjer framsyninga til ei totaloppleving, eit audiovisuelt kunstverk. Scenografen Gilles Berger er ein trollmann, og nok ein gong har han oppheva tyngdekrafta og skapt illusjonar som sit i oss lenge etterpå.

Kjersti Haugen har saman med Anne Marit Sæther hatt regien, og det er blitt eit tett og godt ensemblespel med solide individuelle prestasjonar både når det gjeld song og spel. «Hundre hemmeligheter» er ei imponerande komplett oppsetting, ein syntese av uvanleg mange sjangrar og ganske komplisert teknologi, men med eit enkelt, poetisk og vakkert felles uttrykk.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 7. april 2014)

Leave a Reply