Tribunalet

TEATER

KONTRASTAR: Kvinneleg Hamlet i skinnjakke. FOTO: ARILD MOEN

Hamlet
Teatret Vårt, Molde
Av William Shakespeare
Omsett av André Bjerke
Med utdrag av Heiner Müllers «Hamletmaskinen»
Tekstbearbeiding: Uwe Cramer og Stephan Weiland
Regi: Uwe Cramer
Scenografi og kostyme: Thomas Bjørnager
Med: Valborg Frøysnes, Hilde Marie Farstad, Vibeke Flesland Havre, Hika Fekede Dugassa, Daniel Karlsson, Bjørnar Lisether Teigen, Lars Melsæter Rydjord og Eldar Skar

Ei oppsetting som vil så mye, men som endar opp utan tydeleg retning.

 

På Shakespeares tid var alle roller spela av menn. Året etter røysterettsjubileet finn Teatret Vårt i Molde det rett å sette opp Hamlet med ei kvinne i hovudrolla. Det er gjort fleire gongar før, og som oftast i eit feministisk perspektiv. Når teatret i vaskesetelen spør seg sjølv om kvifor dei har gjort eit slikt val, er svaret «Kvifor ikkje?» Etter å ha sett framsyninga, som hadde premiere i Molde laurdag, kan dette noko retningslause svaret vere beskrivande for litt for mange av regivala.

Hamlet er kanskje Shakespeares mest omfattande drama der han er innom ei uendeleg rekkje tema som brodermord, svik, hemn, maktkamp, intriger og kjærleik, berre for å nemne nokre. Nettopp difor er Hamlet ofte ei kjelde til nye tolkingar der ein konsentrerer seg om eitt eller berre få tema. Den tekstbearbeidinga som regissøren Uwe Cramer og dramaturgen Stephan Weiland har gjort, er innom det meste, men utan at det er heilt enkelt å forstå kvifor, og kor dei vil.

Dette er ei oppsetting som er full av, og spelar aktivt på motsetningar. Omsetjinga er André Bjerkes noko formelle riksmål, men ofte blanda med populærkulturelle referansar og metaforar, og i sterk kontrast til desse. Den ytre handlinga er framleis eit Danmark truga av Norge, altså tidleg mellomalder, men settinga er ganske nåtidig. I syttitalskostyme og med eit slitt tribuneanlegg som scenografi, held Hamlet etter kvart eit oppgjer med seg sjølv og menneskeleg maktsjuke og dårskap. Rekvisittar, kostyme og referansar er alle moderne, og det er greitt nok. At Valborg Frøysnes spelar Hamlet, er også lett å godta ettersom ho gir oss ein temmeleg androgyn person, og samstundes gjer ei framifrå og særs energisk rolletolking. Dette er hennar framsyning. Dei øvrige skodespelarane blir, med unntak av sjølvskadinga til Ophelia, alle statistar, og som så mye elles med denne oppsettinga, er det vanskeleg å skjøne kvifor. Berre når dei går over i metateater, som i det vesle utdraget frå Heiner Müllers «Hamletmaskinen», får det forståelege dimensjonar.

Uwe Cramer har truleg høge ambisjonar med denne produksjonen, og han syner absolutt vilje til å gå nye vegar. I tablået i starten av 2. akt der det heile blir metateater, der Frøysnes ikkje lenger er Hamlet, og der scena blir eit tribunal, «dekonstruert og postdramatisk», anar vi kor han vil. Her osar det av sivilisasjonskritikk og opprør, men det blir diverre med denne scena. Resten av framsyninga blir i alt for stor grad utan tydeleg retning. Der intensjonen hans kan vere vanskeleg å lese, blir einskildtablåa ofte det motsette, fylt av påfunn og overtydelege referansar, nærast i pinleg mistillit til publikum, eller som litt dårleg humor. Og avslutningsscena, der fektekampen mellom Hamlet og Laertes endar opp som eit tradisjonelt gangstardrama der alle skyt alle, blir berre eit skikkeleg antiklimaks. Men så, når vi trur alt er over, kjem Elektras litt paradoksale epilog som eg vil tru skal freiste å syne kontrasten til Hamlets nølande handling. Eller?

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 27. januar 2014.)

Leave a Reply