Kollektivt minne

TEATER

FOR FALL?: Alt det gamle forfell, men kva kjem i staden? FOTO: AMUND GRIMSTAD

Utkast

UKA-13, Nattforestillinga, Elgeseter gate 4.
Av Eva Brekke, Kjell-Roger Lange, Erlend Thorin Kirkevold og Karete Jacobsen Meland
Regi: Nicole Siri Carruthers Ingemann
Scenografi: Åshild Klepsvik
Med: Joans Boym Flaten, Lise Stafne Morton, Thea Harnes André, Kaja Waagen, Une Cecilie Oksvold og Ole Fredrik Wannebo

Alt det gamle forfell og er snart berre historie, men kva kjem i staden? Må ein yngling verkeleg ta så mange val på terskelen til vaksenlivet?

Då Studentersamfundets Interne Teater (SIT) sette opp ei nattframsyning i samband med UKA-95, var det med eit nyskapande og nesten revolusjonerande godt stykke. Framleis står den produksjonen som noko av det beste eg har sett på teater. Her utforska studentane dei mørkare sidene ved menneska, og etterkvart er «nattforestilling» meir blitt ein sjanger enn ei tidfesting av når på døgnet framsyninga blir vist. Nattframsyninga er blitt tradisjon, og sjølv om inga oppsetting førebels kan måle seg med den første, har det vore spennande å følgje studentanes utforsking av kva som skjer når festrusen frå UKA er over og ettertanken og kvardagen kjem.

Årets nattframsyning er særs ambisiøs og ytre sett ganske annleis enn dei førre. På skrå over gata for Studentersamfundet ligg to bygardar i jugendstil. Dei gamle murgardane skal rivast, og står fråflytta og tome. Den eine av dei, Elgeseter gate 4, er nå scene for årets nattframsyning. Og for ein scenografi det er blitt! Huset står for fall og her er det tydeleg  forfall. Det gamle skal vekk og nytt skal kome i staden. I tillegg til teaterscene, er huset også blitt ei lita kunstutstilling der kunstnaren Elinor Ingemann har laga små installasjonar som speglar både den gamle jugendarkitekturen og handlinga i stykket. Før framsyninga får vi alle ei vandring rundt i eit hus fullt av minne og med innhald som i alle fall ga denne meldaren mange assosiasjonar.

I denne bygarden, som heilt sikkert skjuler løynde forteljingar tilsvarande fleire bindsterke romanar, har det truleg også budd eit utal studentar opp gjennom åra. Det gjer det også nå. I eit særs slite bukollektiv bur Mads saman med sambuarane Gustav og Frida. Det er ikkje berre dei fysiske omgjevnadene som er nedslitne. Også kollektivet har sine problem både når det gjeld det  mentale ved å bu tett, og ved det praktiske som tersklar for reinhald og rydding. Alle som har budd på hybel, vil lett kjenne seg att i settinga.

Med teatervertar som guide blir vi geleida frå rom til rom, og frå tablå til tablå der vi møter ungdomar på terskelen til vaksenlivet. Mads har flytta heimafrå for fyrste gong, og det er både ei frigjering og det motsette, noko vi stadig får prov for når han får besøk av systera og den overambisiøse mora. Det er ikkje greitt å bli rykka opp med rot frå ein relativt trygg oppvekst med klåre rammer, og til eit tilvere der du tilsynelatande kan gjere som du vil, men der du brått forstår at du må ta val, eksistensielle val som vil vere avgjerande for resten av livet ditt. Kva skal du studere og bli? Kanskje er du riven mellom eigen tvil og foreldras ambisjonar? Så skal du lære deg å bli eit sjølvstendig menneske i omgang med andre, og kanskje tettare enn godt er. Og til slutt er det denne vanskeleg kjærleiken. Uforpliktande, eller skal ein binde seg? Må det vere så mange val på ein gong? Og i så ung alder? Og så endelege og forpliktande!

I dette rivningstruga universet følgjer vi Mads si avgjerdsvegring i eit spel der vi hoppar att og fram i tid og rom, og der eit uopna brev stadig kjem att som cliffhangar i mange av tablåa. Dette er openbert kjend stoff for både forfattarar og aktørar, truleg i stor grad henta frå deira eigen kvardag, og det meste er tatt på kornet. Ikkje så reint lite humor er det også. Scenografien er perfekt og så autentisk som vel mogeleg. Men ambisjonane har kanskje vore vel høge. Mange av scenene blir nok litt langdryge og dvelande, og utan den dramaturgien som kunne ha gjort dette meir spennande. Spelet er relativt bra, men regien kunne med fordel ha vore stramma inn ein del. SIT skal absolutt ha kreditt for ideen, settinga og scenografien. Ideen med å nytte eit rivingshus til scene for akkurat eit slikt tema, er nesten genial. Og ettersom tittelen på oppsettinga er «Utkast», kan jo det ordet tyde både utkasting og skisse. Dermed er kanskje ambisjonane med produksjonen likevel nådd? For jamvel om det resultatet vi fekk sjå ikkje var heilt ferdig, var det i alle fall ei særs god skisse.

Leave a Reply