Nettverksbyggjaren

TEATER

EDDERKOPP: Fredrikke Qvam, korridoranes dronning, og ein dyktig nettverksbyggjar. FOTO: LEIKNY SKJÆRSETH

Coole Fredrikke
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Av Panter Tanter Produksjoner
Regikonsulent: Luis Della Mea
Framført av: Berit Rusten

Eit portrett av ei av Norgeshistorias viktigaste kvinner framført som ein monolog der det ikkje alltid er like lett å forstå kven som snakkar.

Det er hundre år sia Norge innførde ålmenn røysterett, og i samband med jubileet er mange av dei viktigaste føregangskvinnene frå den tida henta fram frå relativt beskjedne plassar i historiebøkene. Ei av dei er Fredrikke Marie Qvam (1843 – 1938) som tidlegare i år omsider fekk sin biografi, skriven av Magnhild Folkvord. Med bakgrunn i denne boka har Panter Tanter Produksjoner laga ei lita oppsetting der Berit Rusten freistar å gi oss eit bilde av kor mangefasettert Fredrikke Qvam var.

Oppsettinga er i form ein monolog, utan særleg scenografi, lyssetting eller andre ytre effektar. Rusten er ei Fredrikke som på eit vis har kome attende til vår tid og fortel om seg og sitt liv samstundes som ho på lett humoristisk vis også kommenterer og set skråblikk på ulike fenomen i vår samtid. Det syner seg raskt at verda kanskje ikkje har endra seg så mye som vi trudde på hundre år. I opninga trer Rusten fram i ein kreasjon som kan gi assosiasjonar til edderkoppar, og det er heilt medvite når ho fortel at ho vil presentere Qvam som ei spider woman som bygde nettverk. Og gjennom framsyninga er det nettopp det vi får prov på. For Fredrikke Qvam var ikkje berre ein av dei viktigaste pådrivarane bak kvinneleg røysterett. Ho hadde ei hand med det meste, blei kalla «korridoranes dronning», stifta og leia eit utal foreiningar og sat mellom anna som formann (ja, det heitte det den gongen) i Norske Kvinners Sanitetsforening i 37 år, heilt til ho var 90 år gamal. Ho kjempa for røysterett og unionsoppløysing, men også mot kvit slavehandel og det vi i dag kallar trafficking. Det heitte om ho at «Alle tråder løper sammen hos fru Qvam», og dette gjer Rusten eit poeng av ved å la publikum få nøste vidare på ein intrikat vevnad.

Monologen er relativt pedagogisk og full av faktaopplysingar framført i ein litt teatralsk stil i ein lett maniert fintrøndersk språkdrakt. Det er for så vidt eit greitt val, men blir noko påtatt ettersom det diverre ikkje er heilt konsekvent gjennomført. Sjølv om det nok kunne ha vore både strammare regi og eit betre dramaturgisk grep, yter sjølve forteljinga hovudpersonen rettferd. Langt større problem blir det med dei kommenterande skråblikka på vår eiga samtid. Då blir det stundom vanskeleg å forstå kven det er som pratar. Er det Qvam eller Rusten?

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 26. oktober 2013)

Leave a Reply