Kulturklæsj, freakshow, eller båe delar?

PERFORMANCE

FELLESNEMNAREN: Med Internasjonalen spela mot glaset, starta vi med vårt sams utgangspunkt. Men derfrå har vegane gått diametralt motsett. FOTO: AMUND GRIMSTAD

WORK IN PROGRESS
Konsept og regi: Morten Traavik
Scene og kostyme: Lena Thorsmæhlum
Lysdesign: Ingeborg S. Olerud
Lyddesign: Jørgen Træen
Kurator: Gry Ulfeng
Med: elevar frå Kum Song School of Music, Pyongyang, Nord-Korea og frå 8. klasse ved Steinerskulen i Trondheim
Co-produsert av Teaterhuset Avant Garden
Trøndelag Senter for Samtidskunst

Er dette god underhaldning, er det kulturell forbrødring, eller er eg berre ein nyttig idiot? Det er ikkje ofte kunstnarlege prosjekt riv og slit i meg i den grad som dette gjer.

Ei meir passande opning av Bastardfestivalen, Trondheim internasjonale scenekunstfestival, kunne ein knapt drøyme om. I ei perfekt setting der vi i strålande sommarvêr sat vagla opp utanfor Trøndelag Senter for Samtidskunst, fekk vi sjå eit kulturklæsj og ein happening som det er vanskeleg å sette ord på, men som gjorde noko med dei fleste av oss. Og slik er det vel god kunst skal vere?

Morten Traavik går motstraums og har hausta både fagnad og krass kritikk for prosjekta sine, frå Miss Landmine via dei ulike Koreastunta og fram til dette. Her har han henta nokre utvalde, ekstremt flinke elevar frå Kum Song School of Music i Pyongyang, fått dei til Trondheim, sett dei opp med (eller mot) nokre åttandeklasseelevar frå Steinerskulen i byen, og presentert det heile i ein collage som ei blanding av norsk valkampretorikk og koreanske glansbilde. Til alt overmål er premiera på ein dag som er både den nordkoreanske nasjonaldagen og den norske valdagen!

Det startar forsiktig der aktørane er bak dei store panoramaglasa i galleriet, og vi sit utanfor. Ein av koreanarane tek opp ei lita speledåse, set han mot det store glaset og spelar Internasjonalen så glaset gir resonans. Symbolikken er øyredøyvande! Her er ein melodi som er eit sams utgangspunkt, men som har ført i to diametralt motsette retningar, – her heime til eit sosialdemokrati (i alle fall fram til i kveld), og i Korea til eit diktatorisk familiedynasti. Når både dei norske og dei koreanske ungdomane tar fram kvar si speledåse og freistar å lage harmoni med samspel, blir det berre dissonans og temmeleg falskt. Framleis like symboltungt!

Så held koreanarane fram med å spele det som vi etter kvart forstår er nasjonalsongen deira. Nokre i publikum reiser seg, men dei fleste av oss veit ikkje heilt kva vi skal gjere. Er det å reise seg berre å vere høfleg, eller er det å syne respekt for eit despotisk regime? Nokre står, og vi blir sitjande. Så stemmer dei norske ungdomane i med «Ja vi elsker». Og situasjonen er hundre prosent pinleg. Skal eg reise meg nå og med det syne koreanarane at vi opererer med situasjonsbestemt høflegheit? Eller skal eg bli sitjande under nasjonalsongen, – og endåtil på valdagen? Før eg får tatt avgjerda reddar Traavik meg med at «Ja vi elsker» har nyskriven tekst, og med det ikkje fortener same respekt. Med dette har han provosert fram fordommar og gitt oss moralske og politiske dilemma alt i opningsscena.

Framhaldet er litt mindre provoserande, men likevel til å gruble over. I ein miks mellom norske og koreanske innslag, karikerar dei norske ungdomane ulike politiske parti, og kommenterer på det viset valkampen som samstundes går mot slutten, medan koreanarane presenterer nydeleg dans og syner musikalsk briljans. Dei norske ungdomane er tilsvarande keitut, sjølv om dei både er dyktige og gir oss mye komikk. Kontrasten til koreanarane er slåande.

Så sit vi der og let oss underhalde, men lurer heile tida på kva det er vi er med på og vitne til. Driv vi kulturell forbrødring eller er vi berre nyttige idiotar? Og har vi eigentleg hamna på eit surrealistisk freakshow der vi ser eksotiske diktaturborn i fri utfalding? Fordommane riv og slit. Spørsmåla er mange, og underhaldningsverdien stor. Kva meir kan eg seie? Slik var det, og det gjorde absolutt noko med meg. Men kva det gjorde, er eg førebels ikkje i stand til å oppsummere.

One Response to “Kulturklæsj, freakshow, eller båe delar?”

  1. […] Amund Grimstad 09.09.13 Kulturkræsj, freakshow eller båe delar […]

Leave a Reply