Om å bli forført

TEATER

KORS OG KAPPE: Mot jus og teologi er det ikkje nok å vere forførande. FOTO: GT NERGAARD

Jeanne d’Arc
(Lerken)
Trøndelag Teater, Frostating lagmannsrett
Av Jean Anouilh
Omsett og bearbeidd av Kjersti Haugen og ensemblet
Regi: Kjersti Haugen
Kostyme: Trine Bjørhusdal
Med: Kjersti Tveterås, Herbert Nordrum, Hildegunn Eggen, Marianne Meløy og Arne O. Reitan

Jeanne d’Arc forførte ein heil nasjon, og i framsyninga om ho let vi oss villig forføre. Til det blei for mye av det gode.

Alt då Jean Anouilh for seksti år sia skreiv L’Alouette (Lerken), var det temmelig fritt etter historia om den myteomspunne Jeanne d’Arc, og med eit uttrykt ønske om ikkje å forklare eller kome bak det franske fridomsikonet. I staden freista han snarare å gi liv til fascinasjonen ved fenomenet. Når Trøndelag Teater nå set opp stykket som ei tilnærma farseaktig rettssak i dei gamle lokala til Frostating lagmannsrett, dreg dei historia fullstendig ut i det absurde, og utan at eg kjenner Anouilhs tekst, vil eg tru at her er det temmeleg mye improvisasjon og fri dikting.

I lokala som i over hundre år har vore kyrkjerom for tukthuset i Trondheim, og som frå 1928 har husa Frostating lagmannsrett, er det nå blitt teaterscene. Slik sett er det lite nytt, for både i rettssalar og kyrkjer blir det nok dagleg spela ulike former for teater. Og den ærverdige salen som framleis har mye av det sakrale ved seg, eigna seg utruleg bra til føremålet utan noka form for ekstra scenografi. At oppsettinga i røynda handlar om ei rettssak mot ei som har fått eit kall frå Gud, gjev lokala eit ekstra strok av autentisitet. Eit særs opplagt ensemble på fem varmar opp publikum før det heile tar til, og forklarar alt i starten at dette er teater om teater, ei metaframsyning som så avgjort bit seg sjølv i halen, og som kanskje mest av alt er eit produkt av marknadsavdelinga på teatret?

Historia om Jeanne d’Arc er ei av dei mest myteomspunne i historia, og har inspirert forfattarar og komponistar i årevis. Korleis kunne ei sytten år gamal urøynd jente frå folkedjupet få den franske kongen til å gjere ho til øvstkommanderande for hæren, og korleis kunne ho greie å snu krigslykka for Frankrike i Hundreårskrigen? Tallause er dei mange freistnadane på å forklåre og forstå denne historia som er særs godt dokumentert gjennom nitide referat frå den ni månader lange rettssaka i 1431.

Anouilh tek også utgangspunkt i rettssaka som enda med at Jeanne d’Arc etter mye om og men blei brend som kjettar. Men jamvel om vi relativt kronologisk følgjer hennar livsløp, er desse hendingane berre eit bakteppe for alle dei innfalla som Kjersti Haugen, ensemblet og Anouilh vil servere oss. I utgangspunktet freistar dei å utforske korleis ei ungjente kunne vende både konge og folk, samt å fabulere ein del rundt ikoniseringa av ho. Men aller mest blir dette eit overflødigheitshorn av tull og tøys, absurde innfall, surrealistiske påhitt, og mye humor.

Dei fem på scena går ut og inn av totalt atten roller, og gjer det forbløffande saumlaust tatt i betraktning at alle fem heile tida er til stades og synlege i den vesle rettssalen. Ei lue, ei jakke eller ein annan dialekt er nok til å endre rolle, og vi har ingen problem med å henge med. Det er eit tett ensemblespel med særs opplagde skodespelarar og mange gode einskildprestasjonar.

I dette eigentleg så realistiske, men likevel fullstendig absurde universet, er tid, kostyme og rekvisittval i fri flukt i ein stil- og tidsmessig lapskaus som kler oppsettinga. At inkvisisjonen er representert med ein Carola-parodi og grev Beaudricourt som ein dandy frå Fredrikstad, er berre heilt naturleg. Som Jeanne forfører halve Frankrike, let vi oss også villig forføre. Men eg er litt uviss på kvifor teatret vil forføre oss, og om det dermed ønsker å oppnå noko meir enn berre å underhalde.

«Jeanne d’Arc» er ei særs leiken og humoristisk oppsetting der både regissør og ensemble tek han heilt ut, og diverre stundom vel så det. Dei har så mange gode påfunn og så mye dei vil formidle at dei greier ikkje å halde att, og mot slutten får dei store dramaturgiske problem, med ein del alt for lange sekvensar og for mange og lange populærmusikalske referansar. Då blir det ikkje lenger korkje morosamt eller underhaldande, og finalen hadde så absolutt fortent ei kraftig innstramming.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 20. september 2013.)

Leave a Reply