Baksida av medaljen

TEATER

NYANSAR: Berre i samspelet mellom Ola og Kjerstin får vi fram den nyanserikdomen som denne framsyninga elles er blotta for. FOTO: ESPEN STORHAUG

Folkehelten
Nord-Trøndelag Teater/Teaterselskapet InnSpæll, Levringslåven, Verdal
Av Hans Rotmo
Regi: Arnulf Haga
Musikk: Gjermund Larsen
Scenografi: Erlend Haga
Med: Lavrans Haga, Hanne Skille Reitan, Tore Stavrum, Geir Holmen, Øystein Schiefloe Kanestrøm m.fl.

Ei spennande historie og ein god tekst som druknar i springing, støy og altfor mange ferdigtogge tablå.

Utanfor Verdal er det få som har høyrt om Ola Skavhaugg. Dette trass i at han i følgje Hans Rotmo er den mest avisomtala og legendeomspunne trøndar etter Tordenskiold, ein motig soldat som i 1808 blei tildelt Dannebrogordenen og som skal ha vore rollemodell for heltediktet «Trysil-Knut». Rotmo har difor sett seg føre å gjere soga om denne motsetnadsfylte mannen meir kjend. Saman med komponist Gjermund Larsen har han skrive eit musikkspel som freistar å gå attom legendene og nasjonalromantikken, og syne oss mennesket bak denne mannen som på same tid var både folkehelt og ein særs tragisk skapnad. Og i ein samproduksjon mellom Nord-Trøndelag Teater og Teaterselskapet InnSpæll var det torsdag urpremiere på Levringslåven i Verdal, ein nyrestaurert låve som fram til i fjor var hus for mjølkeproduksjon.

Ola Skavhaugg (1777 – 1845) var ein fattig dragonson, men blei ein legendarisk soldat, fremst blant likemenn, men også ein festkar og drukkenbolt. I 1806 får han barn med Kjerstin Garnes, men får blankt nei frå Garnesbonden når det gjeld ekteskap. Like etter blir Kjerstin, to av brørne hennar og faren brutalt myrda, og mistanken fell på Ola. På eit uforklårleg vis greier han å overtyde lensmannen om å bli sett fri for å finne gjerningsmennene, og i Sverige får han fakka dei og tar dei attende til Verdal. Heime blir han feira som helt, men undervegs er hat og hemntankar gått over til forsoning for Ola, og sjølv om han nå har fått oppreising og feirar store triumfar som soldat, er han blitt ein øydelagd og sjølvhatande person.

Manus til «Folkehelten» er Rotmo på sitt beste, skrive i bunden form med leikne vriar og gode rim. Og kapellmeistaren Gjermund Larsen har komponert eit drygt dusin songar som kler teksten godt, og som set seg lett i øyra. Og så skulle vel suksessen vere sikra? Men diverre er iscenesettinga blitt ei støyande framsyning av folkloristiske tablå og masseopptrinn i staden for å konsentrere seg om Olas tunge lagnad. Den nyrestaurerte Levringslåven er organisert slik at publikum sit på båe sider av låvebrua. Dermed blei scena ein lang catwalk og eit stort scenografisk problem som førte til uendeleg mye springing og gåing. I Arnulf Hagas regi skal i tillegg alt forklårast i detalj, så her blei lite att til undring og vidare ettertanke. Tablå på tablå blir lessa på oss, det blir drukke, skråla, myrda og knulla i eit altfor stort tempo og utan rom for kontemplasjon. Berre kvar gong Kjerstin (Hanne Skille Reitan) kjem fram, får vi sjå kva dette kunne ha blitt. Med finstemt spel og god song får ho fram det lyriske i Rotmos tekst. I desse tablåa kjem vi også litt nærare innpå Ola (Lavrans Haga). Her får vi nyansar som står i skarp kontrast til det øvrige som stort sett er overtydeleg spel i store bokstavar.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 23. september 2013.)

Leave a Reply