Oss og dei andre

TEATER

VAKSENOPPLÆRING: Personleg hygiene og god tannhelse er pensum for innvandrarar. FOTO: DIRK RICHARD HEIDINGER

Blendahvitt
Av Hika Fekede Dugassa, Gøril Haukebø, Vivi Sunde og Valborg Frøysnes
Regi: Valborg Frøysnes
Video og foto: Dirk Richard Heidinger
Med: Hika Fekede Dugassa, Gøril Haukebø og Vivi Sunde
Teatret Vårt, Storyville, Molde

Ei humoristisk og upretensiøs framsyning som er best når ho skildrar det komiske ved nordmenns møte med framande.

Valborg Frøysnes er til dagleg skodespelar ved Teatret Vårt, men har ei tid vore i Frankfurt og tatt ein mastergrad i performing arts. Der studerte ho i lag med Hika Fekede Dugassa frå Etiopia. Han er nå fribyforfattar i Molde, og har med det møtt det norske innvandringsregimet på godt og vondt. Med dette som bakteppe har dei to, saman med to av teatrets faste skodespelarar, Gøril Haukebø og Vivi Sunde, utvikla ei framsyning som er ei blanding av teater, performance og dokumentar. I staden for å lage eit velmeinande og politisk korrekt oppgjer med norsk innvandringspolitikk, eller sette søkeljos på rasismen og det ekstreme framandhatet, gir dei oss ei humoristisk lita framsyning som med utgangspunkt i Dugassas opplevingar, og kvar einskilds relativt uskuldige oss-og-dei-andre-fordommar, får oss til å sjå oss sjølve litt utanfrå og i relieff. Og det gjer godt.

Framsyninga er i form relativt upretensiøs, men eit fyldig programhefte med ei uvanleg lang litteraturliste og med grundige referansar til både sosialantropologi og filosofi, tyder på at ensemblet eigentleg legg lista ganske høgt. Resultatet står diverre ikkje heilt i forhold til ambisjonane. Hika Dugassa er forfattar og universitetslektor, og ingen skodespelar, men likevel er det hans litt lågmælte og undrande framstilling av sitt møte med det norske innvandringsregimet som først og fremst rører ved meg i denne produksjonen. Det er så inderleg og ekte når han fortel om vaksenopplæringa, der mellom anna personleg hygiene og tannhelse er pensum, om at det første norske ordet han lærte var «skjema», og om  det urkomiske valfaget han var nøydd til å ta, og der han av alle ting blei sett til å veve! Eigentleg ligg det meir enn nok observasjonar her til å lage ei både humoristisk og litt pinleg framsyning for oss blendakvite.

I staden har ensemblet ikkje greidd å begrense seg korkje innhaldsmessig, tematisk eller i uttrykksform. Dei har så alt for mye på hjartet at dei gløymer det som sjølvsagt kan vere tungt, men som ein kvar forfattar og regissør må gjere; – kill your darlings. Slik er oppsettinga tidvis blitt nesten som ei lita vareopptelling over alt dei vil fortelle oss, presentert med overspel, men elles nokså på det jamne utan dramaturgisk skilje mellom viktig og uviktig. Då gjorde det godt med kontrasteringa i det nesten litt naive, og langt frå kritisistiske vitnesbyrdet til Dugassa. Der låg det mange kloke observasjonar.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 31. august 2013.)

Leave a Reply