Ved verdas ende

TEATER

KARNEVAL: Kostyma er avgjerande i eit karneval, og i denne produksjonen eit kapittel for seg. FOTO: VIGDIS HAUGTRØ

Blue Motell
Av Lisa Lie/Pony Of No Return
Konsept og regi: Lisa Lie
Scenografi og kostyme: Maja Nilsen
Lysdesign: Steffen Telstad
Lyddesign: Mikael Gullikstad
Med: Ivar Furre Aam, Kenneth Homstad, Helga Kristine Edvindsen og Lisa Lie
Co-produsert av Trøndelag Teater og Black Box Teater
Trøndelag Teater, Studioscena
(«Blue Motell» blir spela på Trøndelag Teater til midten av mai, og i slutten av mai blir det sett opp på Black Box i Oslo.)


Eit humoristisk og gruvsamt innblikk i ein heilt annan røyndom.

Mitt første møte med forfattaren og scenekunstnaren Lisa Lie for snart ti år sia ga meg hakeslepp. Frekt, frodig og fullstendig utan blygsel framførte den unge og temmeleg urøynde performanceartisten ganske annleis teater. Etter det har eg sett eit par til av produksjonane hennar,  og særleg «Skogsunderholdning – Talk Softly But Carry A Big Stick» frå 2007 sit framleis spikra i minnet. Nå har ho tatt steget inn på eit institusjonsteater, og i ein samarbeidsproduksjon med Trøndelag Teater og Black Box var det torsdag urpremiere på «Blue Motell» på Studioscena på Trøndelag Teater.

Lisa Lie skapar sitt eige univers der det er hennar reglar som gjeld, og der alt er annleis sjølv om referansane til det verkelege livet, og ikkje minst den klassiske kulturarven er openberre og sit særs laust. Slik også denne gongen. Saman med tre andre skodespelarar tar ho oss med til verdas ende. Her blir vi med på eit helvetes nachspiel der kjente og ukjente dukkar opp. Blue Motell ligg over heisen til dødsriket, men ettersom heisen berre tek to om gongen, og deltakarane i tillegg ikkje ser ut til å avfinne seg med reisa, men dukkar opp att og opp att og opp att, blir vi med på eit maratonparty levd ut som eit middelaldersk karneval.

Lie er utstyrt med noko så sjeldan som klassisk europeisk danning, og ho ausar av kunnskapen i tallause referansar til eit utal forfattarar og filosofar. For dei mange av oss som ikkje er heilt fortrulege med Dante, Sartre, Defoe, Bakhtin, eller Rabelais, er det likevel nok av metaforar og referansar å kjenne seg att i. Eit gjennomgåande tema er eventyra der både Hans og Grete og Snøkvit dukkar opp i ulike, og ikkje minst uvante skapnadar. For ikkje å snakke om gamle mytar, populærkultur, toppidrett og pornografi. I Lies univers kan alt skje, men neppe slik vi trur eller er vande med.

Oppsettinga er bygd opp av ei rekkje tablå der nokre nesten går i loop, og der Lies fortellarstemme syter for sceneskift og mindre pausar. Desse små historiene er limet i framsyninga, og ettersom Lie er ein særs habil forfattar, er dei også små litterære perlar eg gjerne skulle ha høyrt fleire av. I tablåa, som i alle fall tilsynelatande ikkje har annan samanheng enn at dei handlar om alle dei ulike folka som kjem til Blue Motell, møter vi mange kjente, men i ny og uventa tapping. For i karnevalet blir alt forkledd og annleis. Spesielt festa eg meg ved møtet med Robinson og Fredag, eit fordomsfullt tyskarportrett der det blei balansert nydeleg mellom særs valdeleg oppførsel og trongen til ein piknik i ro og mak, og eit ganske velkoreografert gjensyn med Tonya Hardings OL-fadese i 1994. Berre for å nemne nokre. Og sams for det meste er den underliggande humoren.

Eit karneval kan også vere eit kostymeball, og i denne produksjonen har Maja Nilsen skapt dei mest outrerte påkledingar som på same tid understrekar både innhald og surrealisme. Scenografien hennar er også effektfull og består stort sett av ei mengd rekvisittar som fungerer utmerka til fleire av tablåa.

I slike lett absurde framsyningar som grensar mot performance, er ofte spelet naivistisk og nesten amatørmessig. Det er konseptet som er det viktigaste. Ikkje slik denne gongen. Rett nok er mye også her naivistisk, men spelet er framifrå, og det er tre særs dyktige skodespelarar Lie har med seg. Dei mange sceneskifta og timinga er presise og tidvis imponerande. Dryge to og ein halv time med intenst spel er ein kraftprestasjon for både utøvarar og ikkje minst oss i salen. Framsyninga er nok i lengste laget, men eg har mistanke om at også dette er eit medvite val. For at publikum verkeleg skal fatte kor langvarig og utslitande dette endelause nachspielet er, må det vel vere slik?

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 22. april 2013.)

Leave a Reply