Detaljrike trivialitetar

TEATER

KONTORISTANE: Skodespelarar og publikum. Denne meldaren omkransa av "kontoristane". TEIKNING: BRYNJAR ÅBEL BANDLIEN

Field Works – office
Konsept: Heine Avdal og Yukiko Shinozaki
Skapt og utført av: Heine Avdal, Brynjar Åbel Bandlien, Fabrice Moinet, Yukiko Shinozaki, Christelle Fillod, Wouter Krokaert og to lokale aktørar
Lyddesign og AV-elektronikk: Fabrice Moinet
Teikningar: Brynjar Åbel Bandlien, Christelle Fillod og Wouter Krokaert
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Perfeksjonistisk og med ein detaljrikdom som det verkeleg står respekt av skapar Heine Avdal og Yukiko Shinozaki teaterkunst ut av heilt kvardagslege trivialitetar.

Under Bastardfestivalen i september 2012  må eg vel vedgå at denne meldaren blei forført av Heine Avdal og Yukiko Shinozakis «Nothing’s for something», ei danseframsyning som i røynda var koreograferte draperi og ballongar framført med ein eleganse og detaljrikdom som verkeleg imponerte. To år tidlegare gjesta Avdal og Shinozaki same festival med «Field Works-hotel», ein produksjon det framleis går gjetord om. Nå er dei i Trondheim med nok ein produksjon, og denne gongen ikkje på langt nær så storslagent og spektakulært som «Nothing’s for something», men med akkurat same krav til perfeksjonisme, timing og utsøkte detaljar. Framsyninga er ei fortsetting av serien «Field Works» der dei tek for seg vanlege og kvardagslege scener som vi alle har forhold til, men som ikkje er teaterscener. Førre gongen var det eit hotellrom, og denne gongen eit kontor.

Kvart tiande minutt startar ei ny framsyning, ho varar rundt tre kvarter, og det er berre to publikummarar om gangen! Og «scena» er kontora til Teaterhuset Avant Garden der dei tilsette arbeider upåverka av at det er teater i same rommet. Berre logistikken rundt dette kan ta pusten frå ein. Eg skal ikkje røpe for mye av kva som skjer, men det er både artige og særs uventa ting. Dei fleste av oss arbeider nettopp i slike omgivnader til dagleg, og veit utmerka godt korleis eit kontor er og fungerer. Trur vi. Men som det meste anna sit konvensjonar og fordommar djupt i oss alle, og der vi trur vi veit kva vi har i vente, skjer det heilt andre og uventa ting, men likevel minst like logisk. Slik held Avdal og Shinozaki opp ein slags absurd alternativ røyndom som byr på masse humoristiske opplevingar. Og som gir deg mye å tenke på.

Kontoret er både faktisk og virtuelt, og dette spennet blir understreka av utstrakt bruk av noko så reelt og trivielt som ei kopimaskin, men som på andre sida presenterer røyndomen i form av illustrasjonar i teikneserietradisjon. Ein slags Warholsk kopi av kopi av «the real thing» om du vil. Teikningane er både effektive og illustrerande, samstundes som dei har ein viss framandgjeringseffekt. I dette universet blir det laga uventa absurditetar i eit imponerande tempo der situasjonar og teikningar blir henta fram frå dei mest uventa krokar. Og sjølv om teikningane berre er illustrasjonar, er lydbildet heilt reelt og hundre prosent synkront. At ei teikning kan ha eit reelt lydbilde, er kanskje ikkje så greitt å forstå, men etter å ha opplevd denne oppsettinga, blir alt slikt heilt naturleg. Så absurd, og så logisk!

Leave a Reply