Bør som buskis

TEATER

SUBTIL: Mads Bones tar vare på den subtile humoren, og bergar framsyninga. FOTO: GT NERGAARD

Bør Børson jr.
Av Johan Falkberget, Harald Tusberg og Egil Monn-Iversen
Regi: Erlend Samnøen
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Musikalsk leiar: Åsmund Flaten
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Mads Bones, Silje Lundblad, Kjersti Tveterås, Harald Brenna, Hans Petter Nilsen, Kine Bendixen m. fl.
Trøndelag Teater, Hovudscena

Ein Bør Børson jr. som overspela folkloristisk folkekomedie i staden for eit humoristisk oppgjer med jobbetida.

Historia om Olderdalens oppkomling og jobbetidas Bør Børson jr. er nok Falkbergets mest populære og innbringande roman, om enn ikkje hans beste reint litterært. Men teksten er god, den humoristiske og politiske brodden treffsikker, og alt dette er meir enn godt nok tatt vare på i Harald Tusbergs og Egil Monn-Iversens musikalske dramatisering frå førti år tilbake. I Trøndelag Teaters oppsetting av dette folkekjære musikkspelet, har instruktøren vald å presentere historia som folkloristisk buskis med masse outrert overspel der lite blir att av Falkbergets satire. Det får vere Erlend Samnøens val. Personleg meiner eg at historia står godt på eigne bein, og at mye av den innfule trønderske humoren som ligg i det språklege og i alle dei fine og sjarmerande detaljane, fort blir kasta ut med badevatnet.

Samnøen har vald ei surrealistisk form der han på eine sida går meir attende til Falkberget enn Tusberg/Monn-Iversen, samstundes som han tidvis dreg historia ut av den tida ho handlar om, og i tillegg nyttar ein stumfilmtradisjon med utstrakt bruk av informasjonsplakatar. Kine Bendixen er forteljaren som både i opningsscena og undervegs les høgt frå romanen. Då får vi forfattarens lune forteljarstemme før den raskt blir kontrastert av høgrøsta overspel som i hovudsak dreier seg om første verdskrigen, men som gjennom rekvisittar og anna like gjerne kunne ha vore i dag. Det er eit greitt val dersom Samnøen vil allmenngjere historia og trekke satiren til også å omfatte dagens oppkomlingar. Men det ser vi fint lite til. Dette er ein freistnad på å lage rein underhaldning, og her er lite att av Falkbergets politiske satire.

Dagny Drage Kleiva har dei siste åra laga utsøkt og særs vellukka scenografi til ei rekke oppsettingar. I denne produksjonen er alt måla med brei pensel. Skodespelarane går i bunad og Olderdalen er plassert i eit landskap som minner meir om eit prospekt frå vestlandet enn Gauldalen. Ein naivistisk scenografi som nok er ein freistnad på å vere humoristisk i seg sjølv, men som blir ganske sjablongaktig og ikkje så reint lite karikert.

Karikert er eit stikkord for heile produksjonen. Med få unntak er aktørane så overspela at det halve hadde vore nok. Men dei to som reddar framsyninga er Mads Bones og Silje Lundblad. Bones er ein nyansert og truverdig Bør, sjarmerande, litt ynkeleg og heile tida ufrivillig komisk. Han greier seg utan å overspele og difor er det også Bones som får fram den verkeleg subtile humoren. Bør Børson jr. er på mange vis Falkbergets svar på Peer Gynt. Og i denne oppsettinga gir Silje Lundblad oss ei Josefine som ligg særs nær Solveig der ho tolmodig ventar på sin Bør. Hennar såre og inderlege «Å, æ kjinne ein kar» er til å grine av, vakker og full av lengt.

Åsmund Flaten har som vanleg ei god hand med det musikalske, men eg stiller eit stort spørsmål ved å plassere orkesteret på sida av salen. Det gir eit skeivt lydbilde. Og eg har sagt det før, men tek det opp att. Dersom Trøndelag Teater skal kunne ha ambisjonar om vere ei leiande musikalscene, må lydkøyringa bli langt betre.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. mars 2013.)

Leave a Reply