Det var den draumen

TEATER

LUFTSLOTT: Eit dekonstruert luftslott kan vere symbolet på draumen til Linda og Willy Loman. FOTO: BENGT WANSELIUS

En handelsreisendes død
Av Arthur Miller
Omsett av Peter Magnus
Regi og bearbeiding: Runar Hodne
Scenografi: Serge von Arx
Kostyme: Nina von Arx
Komponist: Aslak Dørum
Lysdesign: Andreas Fuchs
Med: Ingar Helge Gimle, Hildegunn Eggen, Espen Klouman Høiner, Herbert Nordrum m. fl.
Trøndelag Teater, Hovudscena

 

Den amerikanske draumen kan fort bli eit mareritt for den som fell utanfor.

Då Arthur Miller skreiv «En handelsreisendes død» i 1949, var det eit beiskt oppgjer med den amerikanske draumen om at einkvar er si eiga lukkes smed, og med eit samfunn der det er betre med eit liv i fattigdom og eit heilt urealistisk håp om eingong å bli rik, enn å leve eit verdig liv på det jamne i ein trygg parentes. Stykket blei ein kjempesuksess, og er eitt av etterkrigstidas desidert mest spela drama. I det sosialdemokratiske og temmeleg egalitære Norge har tilnærminga og forståinga vore av noko meir akademisk art ettersom røyndomen her har vore litt annleis enn i USA. Men nå, seksti år seinare, er amerikaniseringa i ferd med å ta fullstendig over også her i landet. Private løysingar, og ikkje minst draumen om kortsiktig rikdom og å bli berømt, er mantraet for mange. Med ein slik kvardag, og med krisa i resten av Europa som bakteppe, er Millers drama for oss faktisk langt meir aktuelt i dag enn i 1949. I Trøndelag Teaters program går det tydeleg fram at det er akkurat denne baktanken teatret har for repertoarvalet sitt.

Willy Loman (Ingar Helge Gimle) er ein handelsreisande som klamrar seg til draumen om å gjere det stort, bli namngjeten og godt likt, og ikkje minst å bli rik. Røynda er ei heilt anna, men mangelen på erkjenning er diverre total. Livsløgn er eit alt for svakt ord for den løgna Loman lever på. Han er ein ynkeleg person, så forblinda at han ikkje vil sjå sanninga  sjølv når ho blir måla ut i store bokstavar. Han lyg, svik og dreg med seg både kona Linda  (Hildegunn Eggen) og sønene Biff (Espen Klouman Høiner) og Happy (Herbert Nordrum) i fallet. Rett nok freistar Biff å gjere eit visst opprør, men det er temmeleg fåfengt. Det er ein dysfunksjonell familie, og ein dystopisk heim der det spennande ikkje er korleis det endar, men korleis vegen fram til undergangen vil arte seg.

Millers handling skjer mye i retrospekt der han hoppar fram og attende i tid, og der historia langt frå er ei kronologisk forteljing. Ved slike flashbacks og sprang får vi presentert indikasjonar og brokkar som etterkvart dannar det lappeteppet som er det brokute og mislukka livet til Willy Loman og familien hans. Regien til Runar Hodne har reindyrka dette, og tidvis gjort det både surrealistisk og litt vanskeleg tilgjengeleg. Men i hovudsak fungerer det godt. Litt verre er det at så mye av intrigen blir presentert i starten at mye av spelet undervegs blir repetisjonar utan særleg dramaturgi. Midtvegs fann eg meg i å lure på om ikkje det meste nå var sagt, og kanskje også fleire gongar. Men så har Hodne meir på lur, og gir oss ein finale som er særs sterk, og som gjer at eg nesten gløymer transportetappane undervegs.

Scenografen Serge von Arx blei nominert til Heddapris med den spektakulære scenografien til «Ifigeneia» førre gong han gjesta Trøndelag Teater. Også denne gongen går han nye vegar, og har valt ei atskillig meir arkitektonisk løysing enn det som er vanleg. Eit nedslite rivingshus frå Heimdal er demontert og sett opp att på dreiescena, ei løysing som kunne ha blitt ei tvangstrøye, men som faktisk fungerer bra og gir oppsettinga litt meir autentisitet. Ekstra stemning blir det også av den effektfulle nyskrivne musikken til Aslak Dørum, meir kjend som låtskrivar og bassist i DumDum Boys.

«En handelsreisendes død» set store krav til skodespelarane. Det er ei tett og intens historie, denne gongen få sceneskift, men desto fleire vanskeleg sprang i handlinga både i tid og rom, og det er krevjande å skape truverdige menneske ut av så samansette og spesielle personar. Willy Loman er ein mann det korkje er lett å kjenne seg att i, forstå fullt ut, eller få sympati for, men eg trur verkeleg på Ingar Helge Gimle i vekslinga mellom alle ytterpunkta til denne svikefulle og løgnaktige personen. Hildegunn Eggen er ei kone og mor som er så kua, – og lojal, at ho nesten går i eitt med tapetet, men som det kan gnistre av når det gjeld. Og det intense spelet mellom sønene og foreldra er også av det som løfter denne produksjonen, særleg Espen Klouman Høiner i den vanskelege rolla som den einaste som veit og som opponerer, men som ikkje greier å få meir ut av opprøret enn å stikke av frå tid til annan.

Så blir spørsmålet om oppsettinga treffer tidsanda i Norge i 2013? Trass i framifrå spel, god regi og spennande scenografi, er eg ikkje heilt viss på at ho er blitt ein så treffande kritikk av samtidas mantra som ho kunne ha vore.

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 24. januar 2013.)

 

Leave a Reply