Regissert røyndom

TEATER

KUNST?: Er kjærleiken ein kunst, eller kan ein lage kunst av kjærleiken? FOTO: FOTO.SAMFUNDET.NO

The Shape of Things
Av: Neil LaBute
Omsett av: Trond-Atle Farestveit
Regi: Mina Rype Stokke
Scenografi: Lina Linnea Aspen og Marie Riiser Haugerud
Kostymedesign: Marthe Sofie Øhra
Med: Emma Sigridsdatter Jones, Petter Rossvoll, Kjell-Roger Lange og Rosilin Varughese
Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
Knaus, Studentersamfundet i Trondhjem

Finst det etiske reglar også for kunsten, og går det grenser for kor langt du kan sette i scene eit anna menneskes liv?

Den amerikanske dramatikaren og filmregissøren Neil LaBute (f. 1963) har hausta mye ære for både filmar og drama, men etter det eg kan sjå er det stort sett berre filmane hans som er viste i Norge. «The Mercy Seat» var eitt av dei første amerikanske drama som omhandla 11/9, og det blei framført som lesestykke av Oslo Internasjonale Teater i 2011, men sett bort frå dette, ser det ikkje ut til at LaBute er blitt framført på andre norske scener, i alle fall så langt ein kan sjå på eit vanleg nettsøk. Studentersamfundets Interne Teater (SIT) har nå hatt norgespremiere på «The Shape of Things», og oppsettinga gav absolutt meirsmak. Vakkert er det ikkje, men desto meir engasjerande, slik eg forstår at det meste av LaButes dramatikk er.

Adam (Petter Rossvoll) er ein relativt vanleg og anonym litteraturstudent, rett nok med ein del av fagidiotens nerdetrekk, men ikkje verre enn dei fleste. Han sper på studiefinansieringa med to bijobbar, der den eine er på eit kunstgalleri. Dit kjem kunststudenten Evelyn (Emma Sigridsdatter Jones) ein dag. Ho er ein helt annan type enn Adam, atskillig meir rett på, og ikkje så reint lite provoserande. Ein spennande, litt aparte, og temmeleg keitet samtale finn stad, og søt musikk oppstår. LaBute lar oss følgje utviklinga i det heftige og etterkvart stormfylte forholdet mellom Evelyn og Adam, og syner oss korleis Adam gradvis endrar seg, får av seg bilringane, fiksar sveisen, kjøper seg betre klede, får meir sjølvtillit og alt i alt ser ut til å bli ein ganske likandes kar. Dei to vennene Phillip (Kjell-Roger Lange) og Jenny (Rosilin Varughese) er ikkje udelt begeistra for korkje Evelyn eller utviklinga til Adam, og vi blir vitne til fleire direkte og ganske ubehagelege konfrontasjonar.

Som tittelen meir enn antyder, er det ikkje nødvendigvis slik at alt er som det artar seg. Utan å røpe for mye, tar handlinga til slutt ein ganske dramatisk og uventa vending, og frå å vere eit artig og intelligent kammerspel med mye god tekst, får vi med eitt kasta på oss ganske store etiske spørsmål rundt kunstens autonomi frå etikk og vanleg folkeskikk. Problemstillingane frå debatten om Knausgårds utlevering av slekt og venner fortonar seg som ein flau vind samanlikna med dette. Det er provoserande, men samstundes presentert på eit vis som ikkje gjer det heilt eintydig å konkludere. Om dette blir kryptisk, får de gå og sjå sjølve. Meir vil eg ikkje røpe.

Teksten er omsett til eit relativt munnleg norsk av Trond-Atle Farestveit, og dialogen fell i hovudsak ganske naturleg. Det er mye tekst, mange sceneskift, og sparsamt med scenografi å hjelpe seg med. Dei fire på scena leverer solide og gode rolletolkingar, og særleg imponerer Emma Sigridsdatter Jones i rolla som Evelyn.  Instruktøren Mina Rype Stokke har laga eit tett og intenst kammerspel, men har ikkje heilt fått til dei særs gradvise overgangane frå hyggelege samtalar til open konflikt. Her manglar det noko på nyanseringa, og stemningsskifta kjem litt for brått, men i det store og heile blir dette ein bagatell i ein elles velprodusert framsyning som slett ikkje er av dei enklaste å sette opp.

Leave a Reply