Mytar og røyndom

TEATER

SEXISME: Torneroses prins syner seg å vere ein gra og valdeleg kanin. FOTO: LENA KNUTLI

Prinsessedrama
Av Elfriede Jelinek
Omsett av Torgeir Skorgen og Matilde Holdhus
Regi og bearbeiding: Hilde Brinchmann
Scenografi og kostyme: Ingrid Tønder
Med: Cici Henriksen, Olve Løseth, Ingrid Bergstrøm, Mads Bones og Kine Bendixen Trøndelag Teater, Studioscena

Underhaldande om mytar og kjønnsroller, men ikkje spesielt provoserande.

Heile tida omgir vi oss med mytar, og det er ikkje alltid lett å sjå røyndomen og sanninga bak alle dei sminka historiene. Både i eventyra og i vekeblada blir vi fortalde om prinsesser og prinsar, om hundreårssøvn, froskar og evig lykke. Røyndomen er langt mindre glamorøs, og dette har den austerrikske forfattaren og dramatikaren Elfriede Jelinek tatt tak i. «Prinsessedrama»  er opphavleg fem monologar skrive for omlag ti år sia. Det er eitt av Jelineks mest spela drama, men er ikkje blitt sett opp i Norge før nå. Onsdag var det norgespremiere på Trøndelag Teater der dei fem monologane er kappa ned til tre: «Snøkvit, Tornerose og Jackie». Dei tar opp ikkje fullt så kjende sider ved historiene om og bak Snøkvit, Tornerose og Jackie Kennedy Onassis.

Elfriede Jelinek fekk nobelprisen i litteratur i 2004, og er ein kontroversiell og radikal forfattar som tar opp politiske saker utan å skjele til kva som sel og er populært. Kjønnsroller er ofte tema, og i «Prinsessedrama» freistar ho å syne korleis vi skapar roller og posisjonar ut frå nettopp det mytiske. Som illustrasjon nyttar ho to kjende eventyr og ei like godt kjend historie frå røyndomen. For å understreke kjønnsperspektivet, har teatret vald å skilje publikum slik at kvinnene sit på eine sida av salen og mennene på den andre. I tillegg til at vi heile tida har det andre kjønnet og deira reaksjonar som bakteppe, spelar skodespelarane også medvite på dei to leirane.

Vi tar til med Snøkvit (Cici Henriksen) som møter Døden i form av ein jeger (Olve Løseth). Mellom dei to utspelar det seg ein tidvis absurd, men likevel leiken og ganske humoristisk samtale om relativt eksistensielle spørsmål, særleg knytt til kva som er sanning. I møte med Døden går det sjølvsagt til helvete, og dvergane som vi berre anar som ei svak lydkulisse, kan gjere lite frå eller til.

Deretter entrar ein parodisk prins (Mads Bones) scena utkledd som ei flyvertinne frå sekstitalet. Med stor patos, og eit endå større sjølvbilde høgg han seg veg til han finn Tornerose (Ingrid Bergstrøm) som han vil vekke til live med eit kyss trass i snorking og dårleg ande. Nok ein gong er det duka for eksistensielle spørsmål der prinsen trur han er Gud, og Tornerose er uviss på kven ho er nå når ho er vaken. Her er framsyninga på sitt beste og mest intense fordi godt spel er kombinert med mye både intelligent og surrealistisk tekst. Det som skulle bli ei livslang lykke, blir i staden ein sexistisk maktkamp der prinsen syner seg å vere valdeleg, og langt frå heroisk og riddarleg. I dei spektakulære og fantasifulle kostyma til Ingrid Tønder, blir han dessutan ganske ynkeleg.

Det siste tablået er historia til Jackie Kennedy (Kine Bendixen). Det er fortellinga om drap, utruskap, Marilyn Monroe, piller og kjønnssjukdommar, og i motsetnad til dei to første, er dette ein verkeleg monolog.

Mathilde Holdhus og Torgeir Skorgen har omsett teksten til eit konservativt, men relativt munnleg bokmål med mange språklege sidesprang. I Ingrid Tønders minimalistiske scenografi blir dei fantasifulle kostyma hennar effektfulle kontrastar som understrekar det tidvis absurde i teksten. Hilde Brinchmanns regi er ambisiøs, og lukkast i hovudsak i dei to første scenene der dramaturgien blir tatt godt vare på ved at det er to personar som kontrasterer og utfordrar kvarandre. Men siste akt med Jackie Kennedy er blitt ein lang monolog der Kine Bendixen har fått alt for lite å spele på.

Elfriede Jelinek er ein omstridd og radikal forfattar. Det er mogeleg at «Prinsessedrama» kan vere kontroversielt i det konservative Austerrike, men – med det atterhaldet at denne meldaren er mann, og såleis sat på feil side av salen – er det lite i denne produksjonen som er eigna til å provosere i Norge i dag. God og intelligent tekst, og ein bra porsjon litt surrealistisk humor, men mye var ganske føreseieleg.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 1. september 2012)

Leave a Reply