Gøymt i skuffen

TEATER

SKUFFAR OG SKÅP: Frå skjulte rom blir det trylla fram eit vakkert lite univers. FOTO: ANNE VIJVERMAN

Book burning
Av Pieter De Buysser og Hans Op de Beeck
Framført av: Pieter De Buysser
Scenografi: Hans Op de Beeck
Bastard scenekunstfestival, Teaterhuset Avant Garden

Med klokkartru på både publikum og fortellinga held Pieter De Buysser oss fast med eit nesten to timars fortellarteater.

Jamvel om vi i vår digitale tidsalder har høve til å katalogisere og lagre uendelege mengder data, har menneska framleis behov for å skjule, gløyme, gøyme eller slette fakta. Kanskje meir enn før ettersom datalagringsdirektiv, overvakingskamera, DNA-spor, digitale avtrykk og you name it gjer liva våre opne, tilgjengelege og ikkje minst sårbare. På eine sida Wikileaks, og på den andre retten til eit privatliv.

Dette er det forfattaren og skodespelaren Pieter De Buysser og kunstnaren Hans Op de Beeck har tatt som utgangspunkt for ein både underhaldande og vakker fabel i form av gamaldags fortellarteater og særs enkel, men likevel så komplisert og opplevingsrik scenografi. Aleine med berre ei stor kiste tar De Buysser til å fortelle ei historie med mange lag og digresjonar. Lågmælt, men ganske entusiastisk set han oss inn i livet sitt som katt, etter kvart som Schrödingers katt, og til slutt som ven av ein person omgitt av møll. (!) I nesten to timar held han oss i age med ei fortelling som er mangefasettert og spennande nok i seg sjølv, men som likevel berre er ein illustrasjon av det han vil formidle. Du skal ha ganske god tillit til både publikum og historia for å våge ei så sakte framføring utan korkje særleg dramaturgi eller regi. Den klokkartrua har han, og det var godt å bli fortald til.

Men han har også ein god hjelpar.  De Buyssers kiste er ikkje den enkle kista vi trur, men eit lite kunstverk og ei sanseoppleving i seg sjølv. Ho er full av skjulte skuffar og skåp som han gradvis og særs forsiktig avdekkar. Dei avslører gamle spor, fortel, kompletterer og illustrerer. I eit nydeleg samspel mellom denne visuelle magien og ei fjetrande historie, greier han på sitt ekstremt lågmælte vis å seie mye vesentleg. Trass i forma er det ei uvanleg sterk politisk ytring vi blir vitne til, men nettopp på grunn av forma så langt frå det agitatoriske som det er mogeleg å kome.
(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 13. september 2012)

Leave a Reply