Den vanskelege forsoninga

TEATER

KVAR SIN VEG: Tre generasjonar, og ein liten familie, men med blikket retta i heilt ulike retningar. FOTO: ANDREA HAUGERUD HOVIK

Et annet sted
Av: Martin Lyngbo, Vivian Nielsen og Parminder Singh
Regi:  Marit Sofie Todal og Hanne Høgholen Kvaal
Produsert og framført av elevar ved Charlottenlund videregående skole


Kulturskilnadar stikk djupare enn det meste, og forsoning er ikkje alltid like lett.

I haust skulle Gizem Dogan ta til på dramalina på den splitter nye Charlottenlund videregående skole i Trondheim. Slik gjekk det ikkje. Ein snau månad før skulestart blei ho drepen på Utøya. Gizem var politisk aktiv, og såg det som viktig å definere seg både som tyrkisk og norsk. Det var difor naturleg for dramalina at den første teaterproduksjonen på den nye skulen ikkje berre skulle settast opp til minne om Gizem, men også omhandle noko som hadde med henne å gjere. Etter nitid leiting i tilgjengelege drama, falt valet på det heilt ferske stykket «Et annet sted» av Martin Lyngbo, Vivian Nielsen og Parminder Singh tilknytte den danske teatergruppa Mungo Park.

Til minne om Gizem blei det i fjor oppretta eit Gizem Dogan Centre i Gaziantep i Tyrkia, ein skule for ressurssvake barn og unge. Inntektene frå teateroppsettinga går uavkorta til denne skulen, og det har ikkje vanta velvilje frå korkje sponsorar, Charlottenlund vgs eller publikum, men det er likevel høgst uvanleg at ein teaterproduksjon på ein vidaregåande skule spelar inn 90 000 kroner som ein kan gi vidare til ei god sak.

Med denne ganske spesielle bakgrunnen kan det raskt bli slik at omstenda overskygger sjølve oppsettinga, og det er med ganske sterke kjensler eg sette meg til for å sjå kva desse 17-årige amatørane kunne få til. Men det gjekk ikkje mange minutta før eg gløymde det uvanlege bakteppet, og i staden levde meg inn i ei sterk teaterframsyning som i høgste grad stod på eigne bein. «Et annet sted» handlar om tre generasjonar tyrkarar, og tar til i 1968 då Ayhan kjem frå Tyrkia til Trondheim som gjestearbeidar. Etter kvart flyttar kona, Selma, og dottera, Songül, etter. Den vesle familien lever på tyrkisk vis i det nye heimlandet, og tilpassar seg berre delvis norske skikkar. Kollisjon blir det når Songül i 1986 skal giftast bort til ein tyrkisk gut, medan ho sjølv har vald ein nordmann. Her handlar det om ære, kodeksar og mye meir, og det blir fullt brot i familien.

Framsyninga tar til i dag. Selma er død, og Songüls son, Daniel, freistar å få til forsoning mellom mor og morfar. Det syner seg å vere vanskelegare enn ein skulle tru, og meir skal eg ikkje røpe av handlinga. Men eg må likevel legge til at tematikk og innhald er omsynslaust ærleg. Her blir alle, både dei tre ulike generasjonane med tyrkisk bakgrunn, og dei etnisk norske, møtte med særs kritiske blikk, og forhold som ein ofte har glatta over eller fortrengd, blir nå henta opp til overflata som den delen av røyndomen dei også er. Her finst ikkje heltar, men masse folk med høgst menneskelege trekk.

Stykket blir spela i historiske tablå der vi ganske saumlaust hoppar fram og attende i tid. Desse vekslingane har produksjonen løyst ved å ha to sett skodespelarar. Dette er for så vidt eit vanleg grep, men det elegante i denne oppsettinga er at overgangen frå gamal til ung og attende blir gjort ved eit fysisk skifte som ei overrekking av stafettpinne, eller vaktskifte om du vil. Det gjer det særs enkelt å henge med i alle spranga både i tid og rom. Når du set opp eit teaterstykke med utgangspunkt i ei dramaklasse på vidaregåande skule der det ikkje er opptaksprøve for å kome inn, må du ta det du får. Med dette som bakgrunn er eg ganske imponert over castinga. For så unge og urøynde skodespelarar finn eg det feil å framheve nokon med namn, og sjølvsagt er ikkje alle like gode, men her er eit flott typegalleri og mye godt spel. Ensemblet var flinke til å ta pausar og la scenene få søkke, medan dei nok kan arbeide langt meir med å nytte heile den kjenslemessige skalaen og ikkje berre ytterpunkta. Det vekslar litt for raskt frå normal tale til voldsamt sinne, og dette resulterer i overspel for nokre av aktørane. Men alt i alt er eg imponert over personinstruksjonen.

«Et annet sted» er opphavleg ei tre timars oppsetting. Når det i denne framsyninga er kutta ned til berre ein dryg time, er det sjølvsagt at noko blir borte, og at ein ikkje får same høve til å dvele ved og utvikle personar og situasjonar. Einskilde av scenene blir såleis meir som plakatar enn teater, og særleg gjeld det det karikerte bildet vi får av eit bukollektiv på syttitalet, og utviklinga Songüls mann gjennomgår frå sjarmør til dritsekk.

«Et annet sted» syner på eit ærleg, men likevel empatisk vis mange sider av dei kulturelle problema og motsetningane som har oppstått i kjølvatnet av arbeidsinnvandringa vi har hatt dei siste førti åra. Produksjonen til Charlottenlund vgs var ei varm, velregissert og ganske godt spela oppsetting som lover godt for underskogen og etterveksten i norsk scenekunst.

Leave a Reply