Har dei eit reelt val?

SVINGER: Det kan nok svinge på bygdene òg, men mye er diverre ganske mollstemt. FOTO: GISLE BJØRNEBY

TEATER

Under vår himmel
Av:
Lene Therese Teigen
Regi: Lene Therese Teigen
Scenografi og kostyme: Kristin Bengtson Hagen
Med: Janny Hoff Brekke, Cecilie Lundsholt, John Nyutstumo og Endre Skjåk.
Teater Innlandet
Kulturhuset Banken, Lillehammer sundag 12. februar 2012

 

Ein god idé, men tematisk litt passé.

 

Lene Therese Teigen, som er ansvarleg for både manus og regi i ”Under vår himmel”, har reist Hedmark og Oppland på kryss og tvers og intervjua 115 ungdomar om å høyre til, om heimstaden og om kva for val dei trur dei vil ta når dei blir vaksne. Resultatet er  blitt ei teaterframsyning der fire skodespelarar gir oss tre parallelle, men ulike historier. Oppsettinga hadde premiere i Marlo grendehus i Skjåk 14. januar, og turnerer nå i Hedmark og Oppland fram til 2. mars. Sjølv såg eg framsyninga i Kulturhuset Banken på Lillehammer.

Norske gardsbruk blir lagt ned i rekordtempo, og flyttestraumen mellom by og land går stort sett berre ein veg. Utdanning dreg ungdommen til byane, og sjansar for å få arbeid, kombinert med smaken av det urbane livet har gjort at mange vel å bli i byen. Det er gjort utallege forsøk på å snu flyttestraumen, men så langt har alle freistnadane vore fåfengte. Stort sett. Nokre vil sjølvsagt flytte heim att, og etter kvart som samfunnet blir både meir mobilt og digitalt, blir det mogeleg å bu heilt andre stader enn der ein arbeider. Men sjølv om situasjonen ikkje er på langt nær så ille som i grannelandet, er likevel netto avfolking av bygdene eit faktum. Kva meiner bygdeungdomen om dette, kva for draumar og tankar om framtida har dei, og kor er det dei kjenner at dei høyrer til? Dette er viktige og heilt eksistensielle spørsmål, og det er flott at eit teater med hovudnedslagsfelt i indre austland tar tak i problemstillinga og freistar å gjere noko kunstnarleg av henne. Men eg er diverre ikkje overtydd om at korkje vinklinga eller resultatet innfrir.

Lene Therese Teigen har på grunnlag av intervjua som går som lydkulisser i bakgrunnen kvar gong det er sceneskift, laga ei oppsetting med tre parallelle historier som alle tek utgangspunkt i problemstillinga, men som diverre ikkje heilt finn essensen. Den første er ein gardbrukarfamilie der eldste sonen studerer sosiologi i Oslo medan systera hans er heime og vil ta over garden. Foreldra sit fast i eldgamle fordommar, og har ikkje fått med seg at det er nærare førti år sia odelslova blei gjort kjønnsnøytral. Kanskje finst det framleis slike gamaldagse foreldre som meiner at berre ein eldsteson kan føre garden vidare, men eg trur dei er i mindretal, og i alle fall ikkje representative. Problemet er vel stort sett ikkje at eldstesonen ikkje vil ta over garden, men at ingen av borna vil.

Den andre historia handlar om gardbrukaren som ikkje følgde dei musikalske og kunstnarlege interessene sine, men som blei på garden i staden for å dra ut, og som ofra den store kjærleiken for å bli heime. Etter mange år blir han konfrontert med vala sine når nettopp ho som han ofra, kjem heim frå mange års opphald i USA. Neppe ei typisk historie, men kanskje meir egna til å illustrere eit poeng enn den førre. Men så skuslar dei det bort med eit ekstremt og særs outrert overspel som gjer det heile til ei pinleg karikering der mangel på regi og personinstruksjon er alt for tydeleg. I tillegg blir det ei tabloid avslutningsscene som kjem alt for brått på, og som ikkje eingong freistar å problematisere situasjonen.

Den siste historia dreier seg om den romantiske draumen om landsbygda, og om eit forsøk på kompromiss. Eit ungt par er på husjakt på ein plass der ingen av dei eigentleg vil bu, men som i staden er midt i mellom. Han vil heim og ho vil helst bu nær byen, men ho har samstundes ei idealistisk førestelling om det vesle huset på landet. At det gamle paret som skal selje, ser ut til framleis å vere glade i kvarandre, forsterkar det romantiske, men særs lite realistiske bildet ho har av plassen. Denne historia har masse spennande konfliktstoff i seg, men også her får forfattaren bråhast med å konkludere, og gjer det med ei lettvint avslutning som ikkje heilt blir til å tru på.

Eg kan ikkje skryte på meg å vere ung, og eg bur heller ikkje lenger på landsbygda, men dei bygdeungdomane eg kjenner, er langt meir realistiske og jordnære enn dei personane ”Under vår himmel” presenterer. Dei blir i staden litt passé, lite representative og slik sett ikkje spesielt interessante. Men det får vere forfattarens val.

Lene Therese Teigen har lagt opp presentasjonen som mange tablå der ho vekslar mellom dei tre historiene, og der dei fire skodespelarane relativt saumlaust hoppar frå rolle til rolle. Når scenografien er sparsommeleg og kostyma likså, er det ikkje alltid like lett å vite kva for historie vi blir fortald, men det går seg i hovudsak til etter kvart. Skodespelarane gir stort sett truverd til rollene, med unnatak av det alt nemnde overspelet til den heimvende frå Amerika, og særleg imponerer Cecilie Lundsholt som gir liv til dei tre yngstejentene med stor innleving, men likevel med eit lågmælt spel som kler oppsettinga.

Under vår himmel” er i utgangspunktet eit spennande prosjekt, og ein god idé, men eg opplever ikkje dei tre historiene som spesielt representative for tematikken. Oppsettinga manglar nødvendig problematisering, og blir i hovudsak berre relativt overflatisk pirking i noko som er atskillig meir komplekst og vanskeleg enn som så.

Leave a Reply