Betre og endå vakrare

TEATER

BLAUTGJERING: Marianne Meløy som Anden av fortidas jul har ikkje vanskar med å mane fram kjenslene i den elles steinharde herr Knug (Trond-Ove Skrødal). FOTO: GT NERGAARD

Et juleeventyr
Av Charles Dickens
Dramatisert av Irina Malochevskaja og Kjersti Haugen
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Per Kristian Solbakken
Musikk: Trygve Brøske
Koreografi: Erlend Samnøen
Med: Trond-Ove Skrødal, Kristofer Hivju, Marianne Meløy med fleire
Trøndelag teater, hovudscena

Rett nok ein ønskereprise, men av ein særs god produksjon som med dei endringane som nå er gjort, er blitt endå betre enn for fire år sia.

Det nærmar seg jul, dei vaksne blir blautare og det sosiale engasjementet sit lausare enn i resten av året. Mas og jag skal vike plassen for familiehygge, kos og omtanke for andre. Og barna skal endå meir i sentrum enn dei elles er. Det vil seie; I litteraturen, i det sosiale livet og overalt elles er det langt meir merksemd om ungane enn i tidlegare tider. Men i dramatikken er dei diverre framleis stebarn. Medan det blir skrive uendeleg mye god litteratur for barn og unge, er det langt mellom institusjonsteatras urpremierar for denne aldersgruppa. Men teatra  freistar å bøte på misforholdet ein gong i året ved å sette opp ei juleframsyning. Det er symptomatisk for situasjonen at den endelege julehistoria framleis er ”Et juleeventyr” av Charles Dickens, skrive i 1843! Og det er vel like symptomatisk at Trøndelag teater, berre fire år etter førre oppsetting, vel å sette henne opp att i nesten same tapping. Det er ikkje særleg kreativt, men når det er sagt, er det i alle fall ikkje venstrehandsarbeid og sparebluss teatret presenterer, men ei påkosta og verkeleg god framsyning.

For fire år sia dramatiserte Irina Malochevskaja og Kjersti Haugen Dickens’ klassikar på nytt, og i samarbeid med musikalsk leiar, Trygve Brøske, koreograf Erlend Samnøen og scenograf Per Kristian Solbakken, ga dei oss ei visuell, vakker og særs velspela oppsetting som så vidt eg hugsar hausta fagnad både hjå publikum og kritikarar. Sjølv skreiv eg ei begeistra melding i Klassekampen (http://amund.info/2007/11/magisk-og-poetisk/), og ved gjennomlesing av den etter å ha sett årets nypremiere, kunne eg ha gjort det enkelt, og berre presentert henne ein gong til. For meldinga kunne nesten
like gjerne ha vore skrive til denne framsyninga. Med nokre unnatak.

Trygve Brøske og Erlend Samnøen har fått vidareutvikla og finpussa musikk og koreografi, slik at både det musikalske og visuelle, og ikkje minst det gode grepet med dei mange juleandane, kjem endå meir til sin rett. I den grad det er mogeleg, er framsyninga blitt meir visuell, drøymande og magisk enn ho var. Andane tryller fram eit univers som set stemning, og som gjer at kjenslene til den mest hardbarka Knug både på
scena og i sal berre mjukne. Scenografien er stort sett den same vakre, og som nyttar det store scenerommet med lys, skuggebilde og få og enkle rekvisittar slik at spel og dans får dominere. Trond-Ove Skrødal er framleis herr Knug, og spelar han med like stor innleving og autoritet som førre gong. Marianne Meløy er Anden av fortidas jul (som for fire år sia), men tar denne gongen rolla heilt ut i det absurde og urkomiske. Ho kan gjere gull av gråstein, og med enkle middel lagar ho ei sviske av rolletolkinga.

I denne oppsettinga er det ikkje djevelen, men det guddommelege som ligg i detaljane. Kjersti Haugen har foredla, finpussa og gjort detaljrikdomen utsøkt, samstundes som oppsettinga er blitt endå meir fysisk og visuell. I tillegg har ho hatt eit særs godt grep om personinstruksjonen av dei mange unge statistane. Et juleeventyr er framleis ei vakker og poetisk framsyning, men denne gongen også endå meir fysisk. Og sjølv om vi berre er i starten av november, og det er lite vêrmessig som minner om jul, var det ikkje vanskeleg å kome i julestemning.

Leave a Reply