Om frykt og lengt

TEATER

KONTRASTAR: Inne trygt, men ute står ein trugande(?) fyrstikkseljar. FOTO: GT NERGAARD

En liten irritasjon
Av Harold Pinter
Omsett, bearbeidd og regissert av Ingrid Weme Nilsen
Scenografi og kostyme: Monica Nestvold
Video: Stein Jørgen Øien
Med: Helga Wendelborg, Harald Brenna og Torstein Andersen
Trøndelag Teater, Teaterkjelleren

Absurd og humoristisk, men likevel djupt alvorleg om kvardagsleg frykt og lengt.

Alt i opningsscena gjer regissør Ingrid Weme Nilsen det klårt at dette er sakte teater. I full tillit til både publikum, tekst og dei to på scena lar ho det gå uvanleg lenge før nokon seier eit ord. Det godt vaksne ekteparet Edward (Harald Brenna) og Flora (Helga Wendelborg) har ein liten piknik. Dei oppfører seg som gamle ektepar flest der alt etter kvart er innstudert og ord er unødvendige og eigentleg berre i vegen. Her er det roller, kjønnsroller, hierarki og oppgåvefordeling så det held. Mimikk og gestar er alt som skal til, og vi får ein introduksjon til denne tosemda som er så talande i sin tagnad at det er uråd å skjøne at Harold Pinter opphavleg skreiv stykket som høyrespel. ”En liten irritasjon” (A Slight Ache) er frå 1958, og av Pinters tidlege produksjon. Det har vore spela med stor suksess med jamne mellomrom, men eg er uviss på om det nokon gong er sett opp i Norge. Produksjonen på Trøndelag Teater er både omsett, bearbeidd og regissert av Ingrid Weme Nilsen. Ho er dramaturg på teatret, men har bakgrunn frå frigruppa Pontenegrinerne der ho mellom anna regisserte den særs vellukka oppsettinga ”Quisling” av Willy Walder på Teaterhuset Avant Garden i fjor. Saman med scenograf Monica Nestvold og videoansvarleg Stein Jørgen Øien har ho gjort ein spenstig vri på Pinters tekst ved gjennom overvakingskamera å projisere utomverda på veggane i heimen til Flora og Edward. Slik får dei understreka både det kontrastfylte i oppsettinga, og at det i røynda er ei historie med mange lag og mye (usagt) undertekst.

I den trygge tosemda til Edward og Flora dukkar det stadig opp små tuer som etter kvart kan velte litt av kvart. Først er det ein liten irritasjon på auget til Edward, deretter ein veps som øydelegg piknikidyllen, og endeleg fangar kameraet opp ein gamal, fillete fyrstikkseljar (Torstein Andersen) som står pal ved baktrappa deira utan nokon gong å få seld ein fyrstikk. Mannen er kanskje både blind, døv og stum, og er  sjølvsagt heilt ufarleg. Likevel verkar han trugande på dei. Frykta for det framande og uforståelege blir altoverskyggande for dei to, og dei hentar til slutt mannen inn i stova si for å finne ut av det heile. Men tilnærminga og reaksjonane deira er diametralt ulike.

Utvendig er dette eit ganske humoristisk kammerspel der det absurde i ein kvardagssamtale kor to personar snakkar like forbi som til kvarandre kan vere ganske god underhaldning i seg sjølv. Men i underteksten, og også i alt det usagte, har regissøren lagt klåre politiske undertonar om framandfrykt. Kanskje meir enn det Pinter opphavleg meinte? Slik er denne oppsettinga blitt ein produksjon som gjennom spel på sterke kontrastar mellom ute og inne eller kjend og ukjend, på eit både humoristisk og særs alvorleg vis seier oss ganske mye om redsla for alt som er annleis. Dette er som sagt medvite sakte teater, og all ære til regissøren for det, men det blir tidvis kanskje vel dvelande. Særleg Edward blir unødvendig repeterande i nokre av monologane han har med fyrstikkseljaren.

”En liten irritasjon” handlar ikkje berre om framandfrykt. Pinter har fleire lag. I den innestengde bobla til ekteparet finns det sjølvsagt også undertrykt lengt etter noko anna, og den framande utløyser draumar hjå dei båe. Dette er glitrande tatt vare på når Flora ser ganske uforståelege kvalitetar ved fyrstikkseljaren. Nesten femti år etter at ho blei tatt opp som elev ved Trøndelag Teater, er dette avskilsframsyninga til Helga Wendelborg. Det blir ein særs verdig sorti der ho mot slutten med innleving og fingertippkjensle syner at også ein fillete gamal ukjend kan få fram erotiske kjensler. Og finalen i denne oppsettinga er like elegant som uventa, og gjer at vi sit att med langt fleire spørsmål enn svar.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 28. november 2011)

Leave a Reply