Du og eg er kvardagslivets ekspertar

DOKUTEATER

Call Cutta in a Box
Av Rimini Protokoll
Trøndelag Teater og Teaterhuset Avant Garden

Kolkata: Eit callsenter 11 000 km unna er i røynda ein arbeidsplass,
men i fiksjonen ei scene, eller? FOTO: RIMINI PROTOKOLL

Di scene: På denne ”scena” i Trondheim spelar du sjølv
den eine hovudrolla. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Gjennom ein halvtimes telefonsamtale blir eg ikkje berre kjend med ein framand, men også litt betre kjend med meg sjølv.

Den tyske teatergruppa Rimini Protokoll har spesialisert seg på dokumentarisk teater. I beste Shakespearetradisjon der verda er ei scene og kvar ein må spele si rolle, set dei opp produksjonar der det dei kallar ”kvardagslivets ekspertar”, med andre ord du, eg og alle andre, er aktørane. Gruppa gjesta Trondheim under scenekunstfestivalen ”Bastard” i fjor, og i samband med at NTNU arrangerer India-veke i desse dagar er gruppa nå attende med ein produksjon som er både særs eksklusiv og fullstendig interaktiv. I staden for å kjøpe billett til framsyninga, må ein gjere avtale om eit møte, og i eit relativt vanleg kontorbygg midt i  Trondheim sentrum blir  publikum, eller kvar einskild deltakar/aktør ført inn på eit heilt ordinært cellekontor. Åleine i rommet ser eg meg rundt, registrerer vanleg kontorutrusting og lite som skulle tyde på  teater. (Så feil kan ein ta.) Eg ventar eit minutt eller to, og så ringer ein telefon. På tråden har eg Sandip frå eit callsenter i Kolkata (Calcutta) i India. Ettersom eg har ein avtale, veit han kven eg er, og trass i meir enn 10 000 km avstand, har han uventa stor detaljkunnskap om rommet og bygget eg er i. Så startar ein samtale som sjølv om han er triviell og kvardagsleg og i stor grad handlar om alt og inkje, likevel ofte tar ganske overraskande vendingar. Kvar ”framsyning” er sjølvsagt heilt unik ettersom dette er hundre prosent interaktivt teater. Likevel er ho forbløffande stramt regissert, for ikkje å snakke om dei kompliserte scenografiske og tekniske løysingane. Eg skal halde meg langt frå å røpe kva som skjer i løpet av den dryge halvtimen eg kommuniserer med Sandip, men det er i alle fall særs langt frå nokon vanleg samtale, og  når denne meldaren, som er ein temmeleg tilbakehalden person, midtvegs i samtalen, og ganske frivillig syng ein song for indaren i den andre enden, fortel det i alle fall meg at praten gjorde noko med meg.

Så kan ein seie at å sette opp slike telefonsamtalar mellom to framande var då ein artig gimmick, men kva så? Rimini Protokoll har nok eit heilt anna program enn å produsere gimmicks. Framsyninga skjer i ei merkeleg blanding av fiksjon og røyndom, og set lys på korleis vi reagerer på det uventa og ikkje alltid like regisserte. Tradisjonelt teater er i alt for stor grad ein einvegs kommunikasjon mellom scene og eit danna publikum, som rett nok kan le, gråte eller applaudere, men som helst ikkje skal overta spelet. Kanskje med eit heiderleg unnatak for barneteater. Rimini Protokoll slepp dette heilt laus og utforskar kva som skjer når vi, kvardagslivets ekspertar, tek over scena. I tillegg kjem det spesielle med bruken av eit indisk callsenter. Det er så langt frå eit tilfeldig val du kan kome. I ei globalisert verd der telekommunikasjon gjer at du kan arbeide kor som helst berre du er på nett, blir meir og meir arbeid outsourca til land i tredje verda. Innafor IT og kommunikasjon er India etter kvart blitt ein stormakt, og både europeiske og amerikanske selskap nyttar i stor mon indisk arbeidskraft – i India – til programmering, support, sal osb. Kven er desse folka? Kva gjer distansen med oss? Korleis er det å kommunisere med nokon du korkje ser eller kjenner, og som har ein heilt annan jobbmessig situasjon, kulturell bakgrunn og you name it? I løpet av relativt kort tid blir Sandip atskillig meir enn eit namn og ei røyst med den stundom litt vanskelege indisk-engelske aksenten. Eg veit nå korleis han ser ut, i kva for bygg han jobbar, og eg har kortet hans med adresse og telefonnummer. Kanskje eg skal sende han ein e-post?

( Meldinga stod i Klassekampen måndag den 3.oktober 2011) 

Leave a Reply