Når ringane sluttast

TEATER

Rose
Av Martin Sherman
Omsett av: Michaela Spandow og Rita Abrahamsen
Regi: Rita Abrahamsen
Med: Michaela Spandow
Jødisk Kulturfestival, Trondhjems Kunstforening

Eit godt gamaldags fortellarteater som grip deg og held deg skikkeleg fast i dryge halvannan time.

Det har vore jødisk kulturfestival i Trondheim, og i samband med den fekk vi presentert monologen ”Rose” i Trondhjems Kunstforening. Det blei ei gripande stund der vi gjennom litt over halvannan times fortellarteater blei tatt med på ei reise gjennom det 20. århundret, fortald av ei som var mange av dei viktigaste plassane akkurat då det skjedde. Det er ein relativt lågmælt monolog om dramatiske hendingar, og heile tida med ei personleg tilnærming, og kanskje er det nettopp det som gjorde framsyninga så sterk.

”Rose” er skrive av den amerikanske dramatikaren Martin Sherman. Det er livshistoria til ei kvinne som uakta eigen fri vilje, var delaktig i og vitne til nokre av dei mest skilsettande hendingane i det førre hundreåret. På ein benk sit Rose (Michaela Spandow). Ho er åtti år, vi er rundt millenniumskiftet, og Rose fortel livshistoria si frå ho blei fødd i ein jødisk familie i 1920 i austre del av Polen. Utan annan scenografi enn ein trebenk, og med null ytre staffasje, får vi eit fortellarteater der ordet er alt. Rose tek oss med inn til Warszawa i 1937, forelsking, ekteskap og barnefødsel, invasjonen i 1939, Warszawagettoen, drapet på dottera og bortføringa av mannen samt hennar toårige eksil og overleving i kloakken under storbyen. Utan å vere korkje politisk aktivist eller særskilt medvite i vala sine, blir Rose med på ”SS Exodus” til Palestina i 1947, ein båt med jødiske flyktningar som blei borda av britiske soldatar og send attende til Europa. Relativt tilfeldig kjem ho seg til USA og startar eit nytt liv med ny familie, men då seksdagarskrigen kjem i juni 1967, står familien hennar med eitt midt oppe i det att. Slik greier Sherman å formidle viktig jødisk- og verdshistorie ved å gjere henne til ei personleg fortelling frå ei som var der.

Eg skal halde meg frå å fortelle korleis det går vidare, men eit velbrukt gamalt regigrep med å starte der ein endar, og med det å slutte ringane, er her nytta på elegant vis, og i alle fall i to ganske overraskande tilfelle. At Rose etter kvart også presenterer eit etter måten ganske uventa syn på konflikten i Midt-Austen, bidreg ytterlegare til å gjere historia sterk, gripande og lite føreseieleg.

Rita Abrahamsen har hatt regien, og i monologar og fortellarteater er det sjølvsagt lite regi. Men nettropp av den grunn, blir det vesle som gjerast desto viktigare. Ei pause her, og ei lita rørsle der er det som skil framsyninga frå rein opplesing, og her er det lite å sette fingeren på. Michaela Spandow, sjølv fødd og oppvakse i Israel, men med teaterutdanning frå Sveits og Norge fortel Rose si historie med stor autoritet. Det er ei særs tekstrik fortelling som i hovudsak blir framført lågmælt frå ei som ser seg sjølv meir som ein betraktar enn som ein deltakar, og nettopp av di det heile er så low pitch blir dei få gongane ho hever stemma desto meir effektfulle.

”Rose” har vore vist nokre gongar på austlandet, og nå denne eine gongen i Trondheim. Oppsettinga er så godt framført, og er ei så gripande historie at ho fortener eit langt større publikum enn som så.
Amund Grimstad

Leave a Reply