Små marginar

TEATER

The Precision of Freedom
Av Banality Dreams
Regi: Johannes Dullin
Teaterhuset Avant Garden, Verkstadhallen, Svartlamon

Bildet:
FRITT?: Vegen er stutt frå Edens hage til syndefallet, eller frå fridom til tvang. FOTO: ISKENDER KÖKCE

Ei utforsking av fridomsomgrepet som syner at det ofte berre kan vere ei tunn hinne mellom fridom og fengsel.

Til alle tider har mennesket søkt fridom, men like fullt er det framleis i lenker både i mikro- og makrokosmos. Den tysk-norske teatergruppa Banality Dreams har laga ein produksjon der dei ønsker å utforske fridomsomgrepet, og det gjer dei gjennom sju aktørar som på ulike vis syner oss kvardagens banalitetar og trivialitetar. Fridom blir oppfatta særs ulikt, og kan vere alt frå politisk og økonomisk fridom, via høve til å ta eigne val og til den spontane lykkerusen små kvardagsaugneblink kan gi deg. Før framsyninga googla eg tittelen på oppsettinga, og ikkje langt nede blant treffa spratt ”Operation Enduring Freedom” opp! Då har du for så vidt spennet, og også det faktum at det som mange opplever som fritt, kan for andre vere eit fengsel. I prosjektet til ”Banality Dreams” konsentrerer dei seg nok i hovudsak om ulike former for privat fridomskjensle, og dei er sterkt prega av vestleg tankegang der fattigdom, krig og svolt er fråverande og utanfor tema. Utforskinga deira blir dermed relativt privat, men likevel langt frå uinteressant, og heller ikkje utan konfliktar. Snarare tvert om.

Framsyninga har inga historie, og knapt nokon scenografi. Eit svart rom, sju aktørar, og nokre rekvisittar. Tilsynelatande skjer det meste spontant og litt uregissert, men i høgste grad berre tilsynelatande, for bak utforskinga og det eksperimentelle, finn vi både særs stram regi og ikkje minst koreografi. Dei sju i gruppa forheld seg til kvarandre, og vi får del i ulike former for menneskeleg oppførsel og ikkje minst treffsikre observasjonar av korleis menneska ter seg i grupper og kvar for seg. Eit område der avstanden frå tvang til den ultimate fridomskjensla kan vere særs stutt, er det seksuelle, og her får vi eit utal referansar, både komiske og vonde. Innafor religionen kan ofte det same vere tilfellet, og om det ikkje var like eksplisitt som med dei erotiske scenene, las eg i alle fall sjølv mange religiøse metaforar inn i oppsettinga.

Når ønsket om fridom kan bli som sterkast, er ofte vegen til overtrampet stuttast. Det får vi mange døme på, og særleg i finalen som er mye bad taste ikledd vakker ferniss, eller ein slags det stygges estetikk. Framsyninga er leiken, full av gode observasjonar og ikkje minst er ho ganske humoristisk. Men noko svar på kva fridom er, gav ho ikkje. Og det var kanskje heller ikkje meininga. Oppsettinga blir vist på Black Box i Oslo torsdag og fredag denne veka.
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 30. mars 2010)

One Response to “Små marginar”

  1. […] Klassekampens positivt ladede anmeldelse skriver Amund Grimstad at Banality Dreams ”på ulike vis syner oss kvardagens banalitetar og […]

Leave a Reply