Eit eventyr!

TEATER

Rock’n Roll Wolf
Basert på ein filmmusikal av Elisabeta Bostan
Musikk av Temistocle Popa og Gerard Bourgeois
Attdikta og dramatisert av Tyra Tønnessen og Ragnar Olsen
Regi: Tyra Tønnessen
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Koreografi: Jonas Digerud
Musikalsk leiar og arrangør: Åsmund Flaten
Lysdesign: Eivind Myren
Masker: Else Lisø
Med: Ingrid Bergstrøm, Pål Christian Eggen, Mads Bones, Jan Erik Berntsen, Marianne Meløy m. fl.
Trøndelag Teater, Hovudscena

Bildet:
SØT KLØE: Etter søt kløe kjem sur svie, kanskje særleg for den som har seg med fienden? FOTO: GT NERGAARD

Det er ikkje eitt, men mange eventyr som utspelar seg på hovudscena på Trøndelag teater. Og det er eit eventyr at dei har fått det til!

For ein generasjon nordmenn, dei som er tretti pluss, er historia om geita og ulven nesten like uløyseleg knytt til jula som grevinna og hovmeisteren for andre. Men for dei fleste er dette fullstendig ukjend stoff, så her trengst det ei oppklaring før eg kan ta fatt på meldinga av urpremieren på ”Rock’n Roll Wolf” på Trøndelag teater. I 1976 laga den rumenske regissøren Elisabeta Bostan filmmusikalen ”Ma-ma”. Manuset er basert på eit gamalt rumensk eventyr om ei geit og hennar tre killingar, og om ulven som er svolten og vil ete killingane. Til alt overmål er ulven også gudfar til geita! Filmen var eit svært russisk/rumensk/fransk samarbeid der både Moskva Isballett, Bolsjojteatret og Sirkus Moskva tok del. Det finst eit utal versjonar, klippingar og dubbingar av han, men den engelskspråklege er best kjend her heime ettersom han med ujamne mellomrom har vore vist på NRK med den misvisande tittelen ”Med Grimm og Gru”. Filmen har fått kultstatus, blir ofte vist i samband med jula, og stort sett ligg han også ute på NRK si heimeside. Sjølv er eg blant ignorantane, og har vore nøydd til både å sjå og lese meg opp på noko som eg for berre få månader sidan ikkje ante eksisterte. Men for ein heil generasjon er eventyret altså del av kulturarven. Dette misforholdet er nå Trøndelag teater i ferd med å rette opp.

Då nytilsett dramaturg Ingrid Weme Nilsen, og like nytilsett teatersjef Kristian Seltun hadde sitt første møte hausten 2008, var ”Rock’n Roll Wolf” førsteforslaget til musikal frå dramaturgen. Men vegen til scena blei lang. Det var ikkje gjort over natta å spore opp dei som sat på rettane. Partituret hadde gått tapt, så kapellmeister Åsmund Flaten måtte lytte til musikken, skrive ned og arrangere alt på nytt. Tyra Tønnessen laga eit grovmanus, vel så mye på grunnlag av eventyret, og rimsmeden Ragnar Olsen gav deretter dette ein trøndersk språkdrakt med bøttevis av artige ordspel, metaforar og norske referansar. Tyra Tønnessen har til slutt sett det heile i scene, og resultatet fekk vi omsider sjå denne helga. Og med ingen ringare enn snart åttiårige Elisabeta Bostan som heidersgjest i salen.

Historia er i utgangspunktet enkel. Geita (Ingrid Bergstrøm) bur åleine med sine tre små killingar. Som alle andre har ho både lengt og drifter, men som einsleg mor blir ho sett på med moralsk forarging av dei andre dyra i dette fargerike menasjeriet. Ein ulv (Pål Christian Eggen) kjem forbi, og eit absurd, umogeleg og sterkt erotisk forhold oppstår mellom dei to, visualisert gjennom ei nydeleg scene der dei klør kvarandre. Geitemora har sine små å ta vare på, og ulven blir sjalu, i tillegg til at han sjølvsagt har sine naturgitte instinkt som det er vanskeleg å fri seg frå. Ulven blir eit trugsmål for killingane, men mora vil gjerne ut på livet, så ho innprentar ungane om at dei berre må låse opp for henne, og at dei skal kjenne ho att når ho syng ”Mamma e hjæm”. Ulven snappar opp songen og går i trening for å synge i falsett. Meir skal eg ikkje røpe.

Dette er sjølvsagt skumle saker, men for å vise dei minste at teater er illusjon og berre eventyr, startar framsyninga med open scene, songøvingar, ein killing som helst vil sitte på fanget til ulven, og ei lita pedagogisk innføring. Det er eit glimrande grep. Resten av framsyninga er produsert  med akkurat same fingerspisskjensle.

Det er eit stort ensemble med flotte masker og kostyme, velkoreografert og i eit utal opptrinn og sceneskift der alt går saumlaust, leikent og synkront. Pål Christian Eggen og Ingrid Bergstrøm i dei berande rollene gir trygge og botnsolide tolkingar, og det øvrige ensemblet står ikkje attende. Tyra Tønnessen har fått til ein utruleg bra person- og ikkje minst typeinstruksjon der dei tre killingane er eit kapittel for seg. Hanna Seth Johnsen, Thea Bjerkan og Ada Bull, i alderen ti til seks, leverer det beste eg nokon gong har sett av barn på ei norsk scene. Og det i ei langvarig og tekstrik framsyning med mye solosong!

Scenografien til Dagny Drage Kleiva nyttar dreiescena utmerka, og hennar mange fantastiske kostyme gir masse næring til fantasien. Om eg skulle ha ei innvending eller to, må det vere at Kleiva og Tønnessen kunne ha vore litt meir kresne med sceneskifta. I andre akta blir det vel mange av dei. Og som landets fremste musikalscene må teatret snart koste på seg betre lydanlegg. Framifrå orkester og gode songarar fortener betre, og ikkje minst kan det vere vanskeleg å få med seg alle dei underfundige poenga Ragnar Olsen har fylt framsyninga med.

Rock’n Roll Wolf” er blitt ei heilstøypt oppsetting som har så godt som alt. Ho er underhaldande, artig, spektakulær, velspela, godt koreografert, full av vakre songar, og har i tillegg ei historie med uendeleg mange lag. Her er rein underhaldning og god moral for ungane, og her er norsk rovdyrdebatt, seksualmoral, surrealisme, mengdevis av undertekst para med god musikk, fantasifulle kostyme og masker, god koreografi og framifrå spel, alt gjort på eit særs leikent vis.

Eit eventyr kan vere så mangt. Frå folkeeventyra som både kunne ta småfolks parti og ha oppdragande eller skremmande effekt på ungane, til kvardagsmenneskets eskapisme i ønsket om ”eit lite eventyr”. Musikalen ”Rock’n Roll Wolf” har alle desse dimensjonane i tillegg til at det også er eit eventyr i seg sjølv at teatret har fått det til.
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 28. mars 2011) 

One Response to “Eit eventyr!”

  1. […] “Rock’n Roll Wolf er blitt ei heilstøypt oppsetting som har så godt som alt. Ho er underhaldande, artig, spektakulær, velspela, godt koreografert, full av vakre songar, og har i tillegg ei historie med uendeleg mange lag. Her er rein underhaldning og god moral for ungane, og her er norsk rovdyrdebatt, seksualmoral, surrealisme, mengdevis av undertekst para med god musikk, fantasifulle kostyme og masker, god koreografi og framifrå spel, alt gjort på eit særs leikent vis”, skriver Amund Grimstad i Klassekampen. […]

Leave a Reply