Lite nytt frå austfronten

TEATER

Hjem Kjære Hjem
Av Andreas Garfield
Produsert av Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
Regi: Andreas Ven Langø
Scenografi; Sigmund Størseth
Kostyme: Laila Nygreen
Framført av Marius Kolkin, Cathrine Hoem og Andreas Aass Engstrøm
Studentersamfundet i Trondhjem, Dreiescena 

Bildet:
IDYLLISK?: Tilsynelatande gemyttleg og hyggeleg taffel, men det er utanpå. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

 Relativt velspela om eit viktig tema, men med eit alt for føreseieleg manus.

I kjølvatnet av Vietnamkrigen kom det dusinvis av amerikanske filmar og drama om Vietnamveteranane, om traume, mistilpassing, framhald av krigen etter at dei kom heim, og you name it. Sjølv om temaet har vore problematisert mye etter norsk FN-innsats i Midt-Austen dei siste tretti åra, har det likevel skjedd lite på scena. Men med norsk krigsdeltaking for første gong på 70 år, kjem det kollektive (dårlege?) samvitet med eitt opp i dagen, og vi opplever for tida nesten ein eksplosjon i krigsdramatikk. På Propellen scenetekstmønstring for ei veke sia var det to krigsrelaterte stykke, i nyskriven norsk dramatikk ser vi at temaet er populært, og nå har altså også SIT tatt opp hansken. Teater skal spegle samtida, vere både eit korrektiv og ta tema opp til drøfting, så eg skal ikkje kritisere krigsdramatikken. Men det må vere lov å seie at alt ikkje er like godt. Og når SIT har gått til den danske dramatikaren Andreas Garfield, født i 1976 og utdanna dramatikar i Århus for fire år sia, har dei diverre ikkje vald på øvste hylle, for dette er ein ganske føreseieleg og nesten sjablongmessig tekst, rett nok med ein viss dramaturgi, men altså særs politisk korrekt og utan evne til korkje å provosere eller stille viktige spørsmål.

Så blir utfordringa kva SIT greier å gjere med slikt, og resultatet er faktisk langt betre enn utgangspunktet. Eit ungt sambuarpar i nyerverva  husvære på Øya i Trondheim har seg så det held og får sett standarden i opningsscena. Kim (Marius Kolkin) og Iben (Cathrine Hoem) er rett etter eit hektisk knull i full gang med å førebu middagsselskap der gjesten er Carsten (Andreas Aass Engstrøm), kaptein i dei norske styrkane i Afghanistan og på stutt perm heime i Trondheim. Carsten og Kim er gamle barndomsvener, og har vore saman på GSV i Kirkenes. Der Kim chickened out og valde sivilt liv, IT, og småborgarleg tosemd, drog Carsten først til Kosovo og deretter Afghanistan. Nå kjem han på middag, og stemninga er intens både medan vi ventar, og ikkje minst etter at han har kome. Sjølv om innhaldet er særs føreseieleg, skal eg halde meg frå å fortelle kva som skjer, men middagsselskapet blir ikkje slik nokon av dei tre hadde venta.

Det er eit tett og tekstrikt lite kammerspel vi får presentert, men tekstgrunnlaget er diverre så firkanta at korkje Carsten eller Iben blir heilt til å tru på. Båe aktørane gjer så godt dei kan, og faktisk meir til, men det er vanskeleg å tøye spelet lenger enn teksten. Men i Kim har Garfield greidd å lage ein person som har mange sider og som utviklar seg undervegs, og ikkje berre slik vi ventar.

For nærare tjue år sia sette Marit Moum Aune opp ein uvanleg god versjon av Dylan Thomas’ Milkwood i Studentersamfundet der ho plasserte publikum på dreiescena, og dreidde oss rundt medan det blei spela opp mot veggane på bakscena. Den scenografiske løysinga denne gongen er litt i same gata, og like velfungerande. Publikum sit på bakscena heilt inn mot dreiescena, og scena blir køyrd fram og attende slik at vi på genialt vis blir losa gjennom det vesle husværet til Iben og Kim. Når sjølve scenografien til Sigmund Størset i tillegg er gjennomført og stilsikker, er vel det meste sagt.

SIT skal ha honnør for å sikte høgt, og ikkje gjere det så lett for seg. Denne produksjonen slit med eit etter mitt syn alt for dårleg tekstgrunnlag, men det vesle ensemblet greier likevel å lage ei brukbar framsyning ut av det.
Amund Grimstad

Leave a Reply