Flyktige møte

TEATER 

I much prefer being able to see the eyes
Manus og regi: Toril Solvang
Scenografi: Jon Skulberg
Med: Stine Fevik og Henrik Hoff Vaagen
Verkstadhallen, Svartlamon

Bildet:
FLYKTIG: Leik med glas, kommunikasjon og kjensler. FOTO: PÅL HOLDAHL 

Leikent, godt observert og framifrå presentert om kommunikasjon og mangel på slikt i ei verd der avstandane berre tilsynelatande blir stuttare.

Det er scenetekstmønstring i Trondheim og Verdal ei heil veke til endes. Arrangør er ”Propellen” som er ein laust samansett organisasjon for fremjing av ny dramatikk, og som i nokre år har hjelpt til med å produsere framsyningar og organisere seminar og workshops. På relativt kort tid har ”Propellen” vakse seg frå å vere ein meir eller mindre lokal greie i Trondheim til å bli ein institusjon av nasjonal tyding. Denne vekas scenekunstmønstring kan by på ikkje mindre enn fem urpremierar, presentasjon av skisser og utkast, dramatikarsamtalar og meir til. Vi er nå drygt halvvegs i programmet, og sjølv har eg fått med meg opningsframsyninga ”Void Story”, eit gjestespel som blei meld i Klassekampen laurdag, ein improvisasjon over tekstar av lyrikaren Arild Vange og produksjonar av Ellisiv Lindkvist, Toril Solvang, Johan Harstad, Kristofer Grønskag, Helle Levang Moum samt Gunnar Wærness og Erik Dæhlin. I tillegg har det vore dramatikarsamtalar med Johan Harstad, Kate Pendry, Ellisiv Lindkvist og den danske dramatikaren Line Mørkeby. Det har så langt vore eit stort mangfald, og sjølvsagt produksjonar av ganske ulik kvalitet. Det vil føre alt for langt å melde alt. Eg har difor vald å konsentrere meg om ei av oppsettingane, ”I much prefer being able to see the eyes”, av di ho på mange vis skilde seg ut både i tema, innhald og framføring.

Toril Solvang er utdanna dramatikar frå Dramatiska Institutet i Stockholm og dramaturg frå Universitetet i Århus. Ho har tidlegare hatt regien på ”Linus og Sirkusfuglene” av Nina Wester på Hedmark Teater, og skrive manus til ”Lillemia” på Ferske Scener i Tromsø. Eg har ikkje sett produksjonar av henne før dette, men ”I much prefer being able to see the eyes” var eit særs lovande første møte.

Framsyninga er enkel både i utstyr og scenografi. Publikum er benka på båe sider av eit kvadratisk, kvitt teppe som kan likne ein manesje eller boksering. To skodespelarar som sit diagonalt på kvar si side av scena, tar til å dele ut glas med drikke, og publikum blir slik med på ein liten dugnad i å rigge scena medan glasa nesten fyller golvet. Så tar dei to til med å lese meldingar, spele, danse og meir til. Som tittelen tyder på, handlar dette om våre flyktige og til dels upersonlege møte gjennom nye sosiale medium som sms, e-post, twitter og Facebook. Verda ligg for føtene våre, alt går kjapt, kjapt, kjapt, og under mellomlandingar på veg til New York eller Stockholm blir det utveksla hurtige meldingar som vi får del i. Innhaldet skal vere i hovudsak dokumentarisk, og du skal ikkje ha mange av desse elektroniske duppedittane før du kjenner deg godt att. Det er ei særs leiken, humoristisk, tidvis surrealistisk og litt sår framsyning om kjærleik, kontakt, kommunikasjon eller mangel på slikt, om søking og lengt. Kort og godt om det å vere menneske med heilt basale kjensler i ei verd der avstandane etter kvart blir så stutte at vi paradoksalt nok tapar den menneskelege nærleiken. Det er godt observert, det er enkelt og stramt regissert, og det er ikkje minst framifrå formidla av Stine Fevik og Henrik Hoff Vaagen, båe andreårsstudentar på teaterlina ved Høgskolen i Nord-Trøndelag. Toril Solvang har i tillegg til manus også hatt ansvaret for regien. Gjennom vekselvis bruk av opplesing, dialog, spel, dans og ein sterkt repeterande og etter kvart heilt absurd finale har ho greidd å formidle stemningar og kjensler på eit særs leikent vis.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 28. februar 20011.)

Leave a Reply