Valets kval

TEATER

Closer
Av Patrick Marber
Produsert av Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
Regi: Janne Heltberg Haarseth og Siri Schnell Juvik
Scenografi og kostyme: Kristine Lilleeng Walløe
Framført av Tina Marie Larsen Haraldseide, Anna Bettina Langlo Jevne, Kjell-Roger Lange og Sivert Ericson Aarnes
Studentersamfundet i Trondhjem, Knaus

Bildet:
VARE: Når kjenslene ikkje varar, men i staden får varekarakter. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

Melodramatisk og humoristisk sivilisasjonskritikk, forbausande godt framført i eit tett og godt samspel.

I samband med ISFiT, den internasjonale studentfestivalen i Trondheim, sette Studentersamfundets Interne Teater (SIT) for to år sia opp ”Disney Killer” av Philip Ridley. Stykket blei framført på engelsk, og var eit imponerande stykke teaterarbeid både med omsyn til spel, regi og produksjon. Nå er det tid for ISFiT igjen, og nok ein gong set SIT opp eit britisk stykke på originalspråket. Denne gongen er det ”Closer” av Patrick Marber. Marber er ein 46 år gamal tidlegare komikar og skodespelar som etter kvart har vunne seg meir ry som dramatikar og filmforfattar. ”Closer”  skreiv han alt i 1997, og det blir rekna som gjennombrotet hans som dramatikar. Stykket blei filmatisert i 2004, og her heime er vel Marber meir kjent frå lerretet enn scena. Etter den presentasjonen SIT har gitt han, vil i alle fall eg gjerne sjå meir av denne forfattaren.

”Closer” er ein slags melodramatisk og humoristisk sivilisasjonskritikk som i eit tett spel mellom berre fire aktørar greier å seie ein god del vesentleg om korleis kjenslene våre etter kvart er blitt ei vare på line med alt anna, og der vi (og kanskje spesielt mannfolka) i jakta på det fullkomne knullet framstår som fullstendig i driftenes vald, og ikkje som sjølvstendige tenkande individ som er i stand til å gjere eigne val. Fire unge menneske på leit etter lukka, eller kall det like gjerne den ultimate orgasmen, møter kvarandre i London. Det er eit relativt enkelt plot der vegane til alle fire kryssar kvarandre på sinnrikt vis, og der to og to av dei er par for ei stund for så å byte, og så gå attende att, eller korleis det var. Kjærleik blir forbruk, og redsla for å gå glipp av ”det vedunderlege” gjer at ingen vågar å halde fast ved det dei har. I ein tekstrik og tett dialog som både er intelligent og humoristisk lar Marber oss le av og med dei fire relativt ynkelege personane på scena, medan vi etter kvart forstår at dei kanskje ikkje er så utypiske, og at her nok er ein del å kjenne seg att i for nokon og ein kvar.

Som instruktørar har SIT hyra inn dei to skodespelarane Janne Heltberg Haarseth og Siri Schnell Juvik, båe for tida tilsette ved Trøndelag teater. Dei er relativt nyutdanna som skodespelarar, og dette er i tillegg regidebuten deira. Det er ikkje anna enn særs imponerande. Å arbeide med amatørar der grunnlaget er enormt mye tekst, og endåtil framført på engelsk, er ikkje det enklaste å gi seg i kast med, men dei to har laga ei tett framsyning utan særlege daudpunkt, med fine dramaturgiske vekslingar, presise sceneskift og fantastisk personinstruksjon.

Dei fire på scena er hundre prosent trygge i rollene sine, meistrar framandspråket til fulle med god diksjon, tydeleg tale og få spor av norsk aksent. Dei står godt til kvarandre, spelar forbløffande bra, og særleg er det imponerande å sjå amatørar som greier å handsame store sprang i kjensler og uttrykk så godt som desse gjer. Sjølvsagt er det utfordrande å greie å halde løpet ut i halvannan time utan at det kan gå ørlite grann på tomgang, men i hovudsak går dette utruleg bra. Dei greier stort sett å halde på merksemda vår, tar godt vare på både humoren og det alvorlege, og ser ut til å kose seg på scena.

Scenografien til Kristine Lilleeng Walløe er enkel og utnyttar det ganske vanskeleg scenerommet på Knaus på utmerka vis. Fire boksar som naturleg og ubesværa blir flytta rundt på scena representerer sceneskifta, og boksane inneheld samstundes alle naudsynte rekvisittar. Det glimrande grepet med å nytte enkle og litt stiliserte videoprojeksjonar er med på å gi intimitetsdramaet litt avstand, og dermed ein ekstra dimensjon.

Som den observante lesar for lengst har forstått, er denne meldaren særs begeistra for produksjonen ”Closer”, og skal du sjå både ambisiøst og verkeleg godt amatørteater, grensande mot det profesjonelle, er Knaus så avgjort plassen fram til 27. februar!
Amund Grimstad

Leave a Reply