Å forstå Rachmaninoff

TEATER

Den Elskede
Av Lisa Langseth
Regi og skodespelar: Cici Henriksen
Musikk: Gode Ord Dør Sist, Mozart, Mahler, Børeks Firo og Rachmaninoff
Verkstedhallen, Svartlamon

Bildet:
GRANDIS?: Frå Ikea og Grandiosa til, – ja, til kva eigentleg?. PLAKAT: TIBE T REKLAMEBYRÅ

Alle reiser kan by på utfordringar, men klassereisa er truleg blant dei vanskelegaste.

 ”Den Elskede” er ein monolog skrive av den svenske dramatikaren Lisa Langseth. Stykket hadde urpremiere i Sverige i 2004, og filmversjonen ”Till det som är vackert” blei sleppt for berre tre månader sia. Cici Henriksen, til dagleg skodespelar på Trøndelag teater, har saman med rapgruppa ”Gode Ord Dør Sist” tatt tak i stoffet og laga sin eigen versjon som blir framført fem gonger i Verkstedhallen på Svartlamon i løpet av eit drygt døgn. Fredag 21. januar er siste sjanse, så her hastar det verkeleg for den som vil sjå godt og litt annleis teater.

I eit interiør som er langt frå både IKEA og moteriktig design, der det knapt finst eit møbel og alt stort sett dreier seg om bøker og musikk, møter vi Katarina. Ho er ei heilt vanleg arbeidarjente som fram til nyleg var tilsett i kantina på IKEA med oppgåve å kappe opp gulrøter og paprika. Og ho var sambuar med Matias, ein etter farens meining, ”grei” gut som er om lag like glad i fjernsynet som i Katarina. Så ein dag vinn ho to billettar til operaen, og då ho ser at dei er verd meir enn 600 kroner kvar, må dei jo nytte dei. Besøket blir skilsettande  for Katarina. Ho forstår at det er noko ho ikkje forstår, musikken tar tak i ho, og då det blir avertert etter resepsjonist til konserthuset, søker ho og får jobben. Der blir ho ytterlegare fengsla, først av musikken og det kulturelle miljøet, og deretter av dirigenten Adam. Klassereisa er i gang, men utan naudsynt ballast og bagasje blir Katarina diverre fort eit naivt bytte for dei som kanskje har kulturell kapital, men ikkje menneskeleg. Det handlar om kulturkollisjonar, hersketeknikkar, forventingar, og klassisk utnytting. Grunnleggande triste saker, men i ei særs humoristisk form.

Framføringa er i utgangspunktet ein monolog der Katarina gradvis og oppglødd fortel om fortid, oppvakning og det nye og meiningsfylde livet sitt. Hennar møte med og entusiasme for musikken, filosofien og litteraturen er ekte nok, men når ho skal få fram alt det flotte ved det nye livet, framstår ho raskt som ein liten åndssnobb. Medan ho i realiteten er eit lett og naivt bytte for dei som ho nå ser opp til. Eg har ikkje sett korkje teaterversjonen eller filmen tidlegare, men eg forstår det slik at Cici Henriksen er relativt tru mot Lisa Langseths tekst. Det nye og spesielle ved denne produksjonen er samarbeidet med rapgruppa Gode Ord Dør Sist (Trond Wiger og Erik Bruset). Saman med gitaristen Truls Lorentzen og ”dobbelbassisten” Erlend Smalås, har dei laga gruppa ”Børeks Firo” som framfører alt frå G.O.D.S. sine eigne tekstar til kommenterande og ellevill ompamusikk. Monologen blir også avbrote av Mahler, Mozart og Rachmaninoff, og musikken blir brukt både for å illustrere, kommentere og kontrastere teksten. Det er dyktig gjort og gir framsyningas klassereiseperspektiv ein ekstra dimensjon.

Trass i musikken, er dette likevel i hovudsak Cici Henriksens verk. Det er hennar produksjon, og ho har sjølv hovudansvar for regien. I tillegg er det ein krevjande monolog med mye tekst. Ho formidlar historia og metamorfosen til Katarina både med innleving og ikkje så reint lite humor. Cici Henriksen kom til Trøndelag teater rett frå teaterskulen for få år sia, men har alt levert ei rekke ulike og særs framifrå rolletolkingar.  I denne produksjonen syner ho at ho kan langt meir enn å vere skodespelar. Det går rykte om at ein ny produksjon alt skal vere på planleggingsstadiet. Når denne er teater med ein ”dæsj” hiphop, skal den neste bli det motsette. Dei som ikkje rekk å få med seg ”Den Elskede”, har altså likevel allereie noko å gle seg til.
Amund Grimstad

Leave a Reply