I dei beste familiar

TEATER

Festen
Av Thomas Vinterberg og Mogens Rukov
Regi og scenografi: Trond-Ove Skrødal
Med: Teaterlaget i BUL Nidaros, vaksengruppa
BUL-salen, Gildevangen

Bildet:
IDYLL?: Familieidyll før maskefall og sanninga gradvis kjem for ein dag. FOTO: TOM EIKREM

Eit særs vanskeleg stykke å dramatisere, men vaksengruppa i BUL kjem absolutt brukbart frå det.

Vaksengruppa i teaterlaget i BUL, Nidaros er ikkje redd for å ta seg vatn over hovudet, og nokre gongar gjer dei det også. Men utan å ta seg sjølv så høgtideleg, reiser dei seg att og freistar på nytt. I fjor sette dei opp Milkwood av Dylan Thomas, eigentleg eit høyrespel det er særs vanskeleg å sette opp på scene, og kom absolutt brukbart frå det. I år har dei vald å syne oss sceneversjonen av den kjende danske dogmefilmen ”Festen” frå 1998, heller ikkje akkurat det enklaste å presentere. Eg har ikkje greidd å finne ut kven som har dramatisert dette for teater, men stykket er blitt sett opp på både Den Nationale Scene og Nationaltheatret tidlegare. BUL har hyra inn Trond-Ove Skrødal frå Trøndelag teater som instruktør, og ettersom Skrødal sjølv har fartstid frå teaterlaget før han blei profesjonell, skulle han ha dei beste føresetnadar for å kjenne både potensial og grenser i BUL. Og han har utfordra båe.

Som i dogmefilmen, har Skrødal vald ei minimalistisk form i presentasjonen der merksemda ikkje ligg i scenografi og staffasje, men i handling og spel. Det set sjølvsagt enormt store krav til skodespelarane, for her er korkje scenografi, lyseffektar eller anna hjelp å lene seg på. Lagsalen i Gildevangen er sparsommeleg innreidd, her er berre nokre stolar og bord som etter kvart skal illudere soverom, kontor og spisesal i den Klingenfeld-Hansenske heimen. Det er for så vidt eit greitt val, men set også ganske store krav til oss i salen og vår evne til innleving.

Stykket tar til alt medan vi står i foajeen og ventar på å kome inn. Ei pangopning der båe sønene Klingenfeld-Hansen  nokså støyande gjer sin entre. Slik blir vi tatt direkte inn i handlinga før vi benkar oss som del av gjestane i Helge Klingenfeld-Hansens 60-årsdag. Og så er det heile i gang. Oppsettinga er eit utal tablå framført i forskjellige delar av salen og i starten er scenografien så enkel at det tidvis er litt vanskeleg å henge med. Det er ei stor hjelp å ha sett filmen, og eg tar meg av og til i å lure på kor lett det er å få med seg alt om dette skulle vere nytt stoff. Men det heile blir litt enklare når festlyden set seg og taffelet tar til.

For den som ikkje kjenner handlinga, dreier det seg altså om Helge Klingenfeld-Hansens 60-årsdag der ein mot eit bakteppe av at eldste dottera nyleg har tatt sitt eige liv, i ein bornert overklasseidyll, freistar å halde fasaden som ein vellukka og velfungerande familie. Slik er det naturlegvis ikkje, og denne historia har fleire maskefall og ”sanningas augneblink” enn dei fleste drama eg kjenner. Slike situasjonar kan ofte vere ein lakmustest på godt og dårleg skodespel, og sjølvsagt fell amatørane i BUL litt gjennom. Men sanneleg greier ikkje fleire av dei likevel å gjere overtydande tolkingar. Dei tre syskena spelar framifrå og utfyller kvarandre særs bra.  Magnus Lie Hetland er ein røynd skodespelar og gir tyngde til eldstesonen, den som dristig og lågmælt forvaltar den brutale sanninga. Stian Wannebo er ein støyande lillebror, og leverer ei forrykande tolking av ein dritsekk som også etter kvart syner menneskelege trekk. Og Gro Hellesnes, som overraska særs positivt i Milkwood i fjor, greier i rolla som yngstejenta Helene å lese sjølvmordsbrevet til søstera akkurat passe gråtkvalt til at det blir truverdig. Ein god fest er sjølvsagt heilt avhengig av ein toastmaster som smidig losar festlyden gjennom alle uventa brottsjøar. Børje Aasen hadde denne festen i si hule hand.

Trond-Ove Skrødal har ikkje gjort det lett for seg, for så strippa for staffasje og ytre hjelpemiddel som dette er, blir alle lyte særs synlege. Når presentasjonen i tillegg er ei uendeleg rekke tablå som krev mange og særs hurtige sceneskift, set oppsettinga òg enorme krav til synkronisering og timing. Framføringa er sjølvsagt ikkje perfekt, men sceneskifta går forbausande bra, særleg når ein tar omsyn til manglande scenografi og minimal lyssetting. Og personinstruksjonen  i det ganske store ensemblet har Skrødal absolutt hatt ei heldig hand om.
Amund Grimstad

One Response to “I dei beste familiar”

  1. Inga E. Bruteig sier:

    Dramatiseringa av filmen er gjort av Thomas Vinterberg, Mogens Rukov og Bo Hr. Hansen (som det også står på vår plakat/program).

Leave a Reply