Sett han før?

TEATER

Eksperimentet
Manus, regi og koreografi: Jo Strømgren
Med: Ulla Marie Broch, Hanne Gjerstad Henrichsen, Marte Stolp og Kaia Varjord
Jo Strømgren Kompani
Gjestespel på Trøndelag Teater, Studioscena

Bildet:
AVKLEDD: I eit lukka rom blir fire kvinner etter kvart mentalt kledd nakne. FOTO: KNUT BRY

Godt spel, god regi, absurd komikk og eit alvorleg bakteppe, men har eg ikkje sett det før?

Jo Strømgren har skapt sitt eige teaterunivers der han utforskar kva som skjer med ei lita gruppe menneske i eit lukka rom under ulike spesielle omstende. Han har tatt oss med til eit kloster, eit hospital og eit departement for å nemne noko av det eg sjølv har sett. Personane snakkar alle sitt Strømgrenske kaudervelsk, og i ei blanding av absurd humor, lett koreografi og fysisk kammerspel kjem vi innpå og bakom menneska. Slik også med ”Eksperimentet” der fire kvinner frivillig er blitt innestengd i noko som kan likne på eit laboratorium i samband med eit eksperiment det ikkje er heilt greitt å få tak på. Påklednad og scenografi, samt dei få orda som er til å forstå, kan tyde på at vi er i Russland ein eller annan gong i etterkrigstida. Det heile startar med ein dramatisk og ganske surrealistisk fødsel før dei fire kvinnene går over til etter tur å teste innhaldet i kvar sin termos. Det blir det både dramatikk og komikk ut av.

Sjølv om dei fire er frivillig innestengd i dette rommet, og slik sett også opptrer relativt ubunde, får vi tydelege assosiasjonar til totalitære samfunn, menneskeforsøk, og såleis eit meir politisk bakteppe enn Strømgren har synt oss tidlegare. I ei herleg blanding av baksnakking, kvalme, intrigar, oppkast, omsorg og aggresjon som stadig og på eit leikent vis skapar absurde og komiske situasjonar, lurar likevel noko stort, udefinert og mektig i bakgrunnen. Ved at dei fire kommuniserer via mikrofon og høgtalar med omverda, personifisert med røysta til ”Kapitan Sergej”, anar vi dei dystre konturane av makta, eller kanskje avmakta.

Gjennom godt spel, særs stram regi, artig koreografi, og ei leiken haldning til stoffet, greier Strømgren nok ein gong å skape nye situasjonar av sitt gamle sujett. Det er absurd og intelligent på same tid, komisk og litt uhyggeleg, og ikkje minst ganske underhaldande. Men for den som har sett mange av Strømgrens produksjonar kan nok dette ta til å bli ei aning déjà vu. ”Eksperimentet” blir spela på Dansens Hus i Oslo frå 2. til12. desember.
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 19. november 2010)

Leave a Reply