Juleeventyr i Trondheim?

TEATER 

Alle tiders julebord
Av og med Adamseplene
Regi: Nora Evensen
Med: Hans Petter Nilsen, Ivar Nergaard, Julie Moe Sandø, Benedicte Swendgaard/Siri Gjære og Kyrre Havdal/Åsmund Flaten
Trøndelag Teater, Teaterkafeen

Bildet:
MASKEFALL?: Ikkje greitt å halde maska når ein skal servere to slike julebordsdeltakarar. FOTO: ERIK JOHANSEN

Ekte komikk kan ha mange lag, og i botnen ligg det ofte både alvor og tristesse. Akkurat slik ”Adamseplene” syner oss i eit julebord som er langt frå ”alle tiders”.

Det går mot jul, og julebordsesongen er alt godt i gang. Dei fleste som har deltatt i slike evenement veit at dei kan ende opp som særs dårlege nachspiel, som ei skikkeleg rotbløyte, som eit drabeleg oppgjer med sjefen (dei to siste heng ofte i hop), eller som ufrivillig sensitivitetstrening på ganske høgt eller lågt nivå (alt ettersom ein ser det). Julebordet er ein institusjon deltakarane har like store forventingar til kvart år uakta kor mange nedturar tidlegare opplevingar har ført med seg. Dette og meir til har ”Adamseplene” tatt tak i, og dei siste ti åra har vi fått deira versjon av det klassiske julebordet presentert som ein biennale som etter kvart har utvikla seg frå å vere rølp og pur underhaldning til å bli særs intelligent humor med masse undertekst og der låtten ofte kan sette seg godt fast i halsen.

Det heile starta på Blue Garden i 1999 då eit lite tremannsfirma skulle ha julebord og oppdaga at dei hadde fått bord rett ved musikken. Slik blei det både musikk og komikk, og også litt interaksjon mellom dei to. Deltakarane den gongen var Hans Petter Nilsen og Klaus Joacim Sonstad, medan firmaets tredje (Ivar Nergaard) dukka opp på storskjerm frå Bergen. Sonstad er ikkje lenger med i ”Adamseplene”, men Nergaard og Nilsen har halde fram og vidareutvikla  konseptet slik at vi annakvart år møter dei to einaste tilsette i Lager&Angeros, eit nisjefirma som har spesialisert seg på dobørstar til alle samfunnslag. Det er Kjell Rune Fjøstoft (Ivar Nergaard), administrerande direktør, og sunnmøring med ein viss intellektuell ballast, men som likevel ikkje har den danninga han verbalt freistar å vise fram, og som etter kvart som alkoholen overtek styringa, syner oss ei langt frå vakker side. Og så er det Svein Berg (Hans Petter Nilsen), styremedlem og lagersjef, og ein person det er umogeleg ikkje å bli veldig glad i. Han er kanskje enkel, han forstår ikkje metaforar, og kan – som Fjøstoft – også bli plump i fylla. Men han har ein grunnleggande sosialdemokratisk ryggmargsrefleks som skjerer gjennom sjølv når promillen går mot prosent. Dei to er på mange måtar ulike, men likevel djupt tragiske på kvart sitt vis.

Dei tre siste juleborda har ”Adamseplene” halde i Teaterkafeen på Trøndelag teater. Opplegget er det same. Lager&Angeros har julebord, og har hyra inn musikk for å underhalde seg og oss andre i salen. I år er det Benedicte Swendgaard og Siri Gjære som alternerer på vokal, og Kyrre Havdal og Åsmund Flaten på piano. Dei spelar seg sjølve og presenterer amerikanske juleklassikarar frå Frank Sinatra til Nat King Cole, men blir stadig avbrote av dei to ved bordet. I baren står Julie som også spelar seg sjølv (Julie Moe Sandø), og ho har det ikkje heilt enkelt etter kvart som dei to drikk seg frå både hemningar og vanleg folkeskikk. Særleg Fjøstoft blir meir og meir ufin både mot Julie og Benedicte, og til slutt sprekk det for dei båe. For dei som følgde Linn Skåbers rolle i Maridalsspelet på TV i haust, og som ”måtte” sjå sjølv om dei eigentleg hadde lyst til å slå av, er det akkurat den same type humor, eller utforsking av kor langt publikum lar seg strekke, som blir presentert av Fjøstoft. Han blir berre verre og verre, plumpare og eklare. Det er komisk, men det er også vondt, og ikkje minst kjenner vi at det er grenser for når humoren tar slutt og vi ikkje lenger kan vere med. Det har vore interessant å følge publikumsreaksjonane frå julebord til julebord, for det endelege botnnivået når Fjøstoft med ein utruleg smaklaus Biafra-vits han har presentert alle dei tre siste gongane. Det er etter kvart færre og færre i salen som ler. Dèt handlar om at julebordet er i ferd med å utvikle seg frå å vere uforpliktande førjulskomikk til å bli noko meir, og heilt anna. Og det fattar nok også publikum. Dei to presenterer eit alvor det diverre er så alt for lett å kjenne seg att i. Det er klovnens grunnleggande tristesse, for ekte humor har nok både melankoli og tragedie som bakteppe.

Nora Evensen har ansvaret for regien, og det er blitt ei særs stram oppsetting der det knapt er daudpunkt, og der punchline følger på punchline i eit forrykande tempo. Det meste er sjølvsagt best på stigande rus, og når dei to drikk seg opp i første akt, er det stort sett berre artig og vi ler med og av dei. Vi hyggar oss med gode tekstar, framifrå spel og utmerka og gjenkjenneleg julebordsresearch. Men så set dei to kvinnene foten ned, – nok er nok! Fylla blir ikkje berre til å le av, ein del sanningar kjem for dagen, og dei to tragiske personane blir nådelaust avkledd. Det er ikkje lenger morosamt, men det er til gjengjeld godt teater, og særleg Svein Berg er ein person som rører oss. Truleg fordi han nok er i slekt med det meste av oss, og kanskje det beste i oss? Enkel, men rettvis, – kanskje ganske enkelt eit godt menneske? Medan Ivar Nergaard gir oss ein uspiseleg Fjøstoft og briljerer med virtuose sceniske stunts, gir Hans Petter Nilsen djupne til Svein Berg som er ein karakterskodespelar verdig. Dei to utfyller kvarandre på utmerka vis, og det er vondt og godt på same tid. At dei tre andre på scena greier å halde maska, og at Swendgaard faktisk også maktar å lure inn ein del julesvisker, er òg ganske imponerande.

Eit julebord som dette er dømt til å ende i ein utriveleg blåmåndag, og finalen kunne såleis bli eit mektig antiklimaks. Nilsen og Nergaard vel difor, som dei to siste gongane, å tre ut av rollene, ta fram gitar og munnspel, og saman med pianist, songar og servitrise framføre den etter kvart ultimate julesongen ”Fairy Tale of New York”, men i ein glitrande god og lokal omsetting av Klaus Joacim Sonstad og Hans Petter Nilsen; ”Juleeventyr i Trondheim”. Den songen har det meste, og sjølv om den også er grunnleggande trist, gjer framføringa av han det likevel litt enklare å gå ut i førjulskvelden.
Amund Grimstad

One Response to “Juleeventyr i Trondheim?”

  1. […] siste juleborda har Adamseplene halde i Teaterkafeen på teatret. Salongen gav autentisitet ved at vi satt ved […]

Leave a Reply