Gjøglarglede i hundre år

MUSIKAL
Hei, ny dag!
– En Knutsen & Ludvigsen-musikal
Av Marianne Meløy og Stian Hovland Pedersen
Regi: Stian Hovland Pedersen
Med: Studentersamfundets Interne Teater – SIT
Studentersamfundet i Trondhjem, Storsalen

Bildet:
JUBA, JUBA: Jubileum og hyllest til Knutsen & Ludvigsen, men diverre ikkje med duoens kvalitet. FOTO: FOTOGJENGEN.NO

Studentersamfundet i Trondhjem er hundre år og feirar med musikal som skal heidre songskatten etter Knutsen & Ludvigsen.

Hausten 1910 tok dei første arkitekt- og ingeniørstudentane til på det som etter kvart fekk namnet Norges Tekniske Høgskole, og 15. september i år var det høgtideleg hundreårsfeiring av universitetet med det kryptiske namnet NTNU. Det første studentkullet i Trondheim hadde ikkje hatt mange førelesingar før dei fann ut at dei også trong eit sosialt forum. Dryge to veker etter skulestart blei ”Norges tekniske Høiskoles Studentersamfund” (seinare kjend som ”Studentersamfundet i Trondhjem”) formelt stifta. Trondheimsstudentanes ”founding fathers” låg ikkje på latsida denne hausten, for berre to månader seinare skipa dei også eit teaterlag i Samfundet. Hundreårsjubilea står med andre ord i kø i Stiftsstaden denne hausten. Ikkje før hadde universitetsfeiringa lagt seg, så var det bursdag i Studentersamfundet. Fredag var det festmøte i det raude, runde huset ved Elgeseter Bru med kronprins, statsråd, ordførar og andre honoratiores til stades. Studentersamfundets Interne Teater (SIT) hadde, tradisjonen tru, eit kunstnarleg innslag på møtet, og det var ikkje mindre enn urpremiere på ein heilaftans musikal.

SIT feirar sitt eige hundreårsjubileum først den 3. desember, men fann raskt ut at det kunne vere på sin plass å lage ei jubileumsframsyning til Samfundets hundreårsdag. Norsk revy hadde vore vesentleg fattigare utan SIT som kan syne til ein samanhengande revytradisjon heilt attende til 1917. Atskillige av dei revyvisene vi i dag reknar som eviggrøne, skriv seg frå ein eller annan UKE-revy i Trondheim. På norske profesjonelle scener har det gjennom hundre år stått utallege skodespelarar, songarar og gjøglarar som har fått grunnutdanninga si i SIT. To slike, og som dei siste førti åra har prega norsk vise- og revykunst, er Knutsen & Ludvigsen alias Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen. Dei har òg representert ein vesentleg del av oppvekstsongane for dei siste generasjonar studentar. Med det som bakgrunn, og også med tanke på at Gustav Lorentzen døydde så alt for tidleg for berre eit halvt år sia, var det ganske naturleg å lage ei framsyning som kunne heidre dei to og den uvurderlege songskatten deira. Marianne Meløy og Stian Hovland Pedersen, båe sjølvsagt med bakgrunn frå SIT, blei hyra til å skrive manus, og Stian Hovland Pedersen har instruert det heile. Fredag var det urpremiere på musikalen ”Hei, ny dag!”

Då Robert Altman i si tid ville lage film på grunnlag av ni noveller av Raymond Carver, var det neppe mange som trudde det ville bli ei særleg samanhengande historie. Men ”Short Cuts” blei ein kjempesuksess, og for alt eg veit kan Meløy og Hovland Pedersen ha skjela til dette prosjektet då dei tok til med skrivinga. Dei har dukka ned i songane til Knutsen & Ludvigsen, og med bakgrunn i eit neppe tilfeldig utval, har dei snekra saman ei historie som skal binde songinnslaga saman. Vi er naturleg nok i Trondheim, i eit bukollektiv for studentar, der eit virus er i ferd med å spreie seg. Symptoma er at studentane får umotiverte og oftast lite passande anfall der dei berre MÅ synge songar av Knutsen & Ludvigsen. Dette burde vere eit relativt enkelt skjelett å henge songane på, men Meløy og Hovland Pedersen har diverre laga ei historie som er alt for tunn. Vi er sjølvsagt innom ei rekke lett attkjennelege situasjonar for studentar til alle tider, slik som eksamensnervar, morske hybelvertinner, arrogante professorar ”samt aldri så lit’ erotikk”, men handlinga blir aldri meir enn ei middels orsaking for å framføre songar vi alle kjenner og er glade i. Det gjer ikkje saka betre at personinstruksjonen heller ikkje er god nok slik at framføringa blir både litt heseblesande og ikkje alltid i tråd med innhaldet i det som blir sunge. Songtekstane til Knutsen & Ludvigsen er særs gode i ei herleg blanding av alvor og skjemt, humor og underfundige politiske innslag. Aktørane syng bra og har godt følge av eit dyktig orkester, men greier diverre ikkje formidle kva dei syng. To nummer skil seg ut og syner kva dette kunne ha blitt. Eivind Haugland framførte ”Feskhandlar Torske” endå meir innfult enn originalen, og Anna Bettina Langlo Jevne gav oss ”Eventyret om en melodi” i Gustav Lorentzens and der ho fekk heile salen til å plystre og nynne med. Det var vakkert og nesten magisk.

”Hei, ny dag!” representerer nok den same gjøglargleda som ligg bak både revytradisjonen i Samfundet og Knutsen & Ludvigsen, men greier ikkje å fylle henne med tilsvarande kvalitet. Eg veit at SIT berre er unge amatørar, men eg veit også av årelang røynsle at dei kan så mye betre. Vi får bruke den akademiske politikarterminologien og vone at ”Hei, ny dag!” berre er eit ”kvileskjær” på veg mot neste års UKE-revy.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 4. oktober 2010.)

One Response to “Gjøglarglede i hundre år”

  1. Truls Gjestland sier:

    Kan godt skrive under på dette. Klipper inn konklusjonen din på SITs historieweb.
    Sjekk: http://skrift.no/sit

Leave a Reply