Ingen anger

TEATER
Quisling
Av Willy Walder
Regi: Ingrid Weme Nilsen
Konsept og produksjon: Pontenegrinerne
Med: Inga Dahle Aagård, Ane Skumsvoll, Kristine Welde Tranås, Erlend Olaisen, Ole Christian Gullvåg og Trondheim Pensjonistkor.
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet:
INNSIKT: Inga Dahle Aagård gir oss innsikt i kva som kan ha vore Quislings innarste tankar. FOTO: PONTENEGRINERNE

Ein sterk og god tekst som stundom druknar i overdriven ironi.

Teaterhuset Avant Garden opnar haustsesongen med noko så sjeldan som ein norsk urpremiere og ein dramatikardebut på same tid. Det bør ikkje gå upåakta hen, og når teksten er intelligent og framføringa bra, er det grunn til å vente seg meir både frå forfattaren, og teatergruppa bak produksjonen. Willy Walder (som er eit forfattarpseudonym) har skrive fleire drama, men har fram til nå ikkje fått oppført noko av det han har skrive. For fem år sia skreiv han ”Quisling”, som er eit tenkt møte mellom Vidkun Quisling og biskop Eivind Berggrav dei siste dagane før landssvikaren blei avretta. Manus har han lagt fram for om lag alle institusjonsteatra i Norge utan å vinne fram. For to år sia blei det presentert som eit lesestykke utan regi på Symposium på Teaterhuset Avant Garden. Symposium er ein møtestad for teaterinteresserte der vi får sjå ”work in progress”, utkast og skisser. Vi var mange som den gongen meinte Walder ikkje måtte gi seg, og lesinga førte til eit samarbeid med teatergruppa ”Pontenegrinerne”. Fredag var det urpremiere på Teaterhuset Avant Garden.

Etter ein vel pompøs start der Trondheim Pensjonistkor syng dei to første versa av ”Ja vi elsker”, truleg for bokstaveleg tala å slå an tonen, møter vi Quisling (Inga Dahle Aagård) og Berggrav (Ane Skumsvoll). Biskopen kjem på cella som prest og sjelesørgar, men det første møtet blir sterkt prega av eit takk for sist ettersom rollene for kort tid sia var bytta om då Quisling tre år tidlegare var medverkande til å halde Berggrav fengsla same plassen. Eg veit ikkje om noka slikt møte som det vi blir vitne til, verkeleg fann stad, og det er for så vidt heilt uinteressant. Det kunne ha skjedd, og i så fall er teksten både truverdig og til å bli klok av. Willy Walders postulat er at ettersom Norge tok livet av Quisling, blei det aldri tatt noka skikkeleg oppgjer med han, og det gjer at vi heller aldri blir ferdig med mannen. Dette får Walder godt fram gjennom ein særs innsiktsfull og god dialog mellom dei to der Quisling korkje viser teikn til anger eller noka form for tvil, medan uvissa stadig rir biskopen. Typisk nok er det difor bispen som blir statisten i dette møtet. Dialogen blir ofte avbrote av små tablå der tre aktørar utgjer ein slags folkets domstol, og medan straff og forsoning er biskopens resept, er hemnen folkets. Etter kvart går folketribunalet over til å bli si eiga motseiing. På same tid som dei vil ha Quisling avretta, vil dei òg vaske vekk alle annleis tenkande. Parallellane til dagens framandfrykt blir stundom litt for synlege, og her har nok ikkje forfattar og regissør hatt nok tillit til publikum.

Å fylle to mannlege roller med to kvinner kan verke som eit påhitt, men ettersom det er symboleffekten til dei to som er viktig, og ikkje først og fremst kjønnet, fungerer dette greitt. At det i tillegg er to gode skodespelarar som gir truverdige og framifrå tolkingar, gjer at framandgjeringa heller ikkje blir så stor. Walders tekst er full av små perlar for den som høyrer nøye etter, og her er nok av tema og problemstillingar å ta tak i. Det har også instruktør Ingrid Weme Nilsen gjort, og i hovudsak kjem ho godt frå regioppgåva. Personinstruksjonen er særs god, men eg har alt peika på ei vel pompøs opning og at vi ikkje treng å få alt inn med store bokstavar. Og så lurer eg på kva som er meininga med all ironien i framføringa. Teksten har ein del subtil humor som fungerer diskret og nærast som ufrivillig og kontrasterande komikk. Men i spel og framføring er det lagt inn så mange gags at det stundom overskuggar det eg oppfattar som bodskapen, og det var vel ikkje meininga?

”Quisling” er blitt ei intens, tankevekkande og godt framførd oppsetting, og ein særs lovande dramatikardebut.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 30. august 2010)

One Response to “Ingen anger”

  1. […] frå frigruppa Pontenegrinerne der ho mellom anna regisserte den særs vellukka oppsettinga ”Quisling” av Willy Walder på Teaterhuset Avant Garden i fjor. Saman med scenograf Monica Nestvold og […]

Leave a Reply