Ein ujamn kamp

TEATER

FAUST & Reklamekabareten
Av Christian Lollike
Omsett av Mina Stokke og Marina Popovic
Regi: Martine Løkholm og Marina Popovic
Scenografi: Are Moa Gausen
Med: SIT (Studentersamfundets Interne Teater)
Studentersamfundet i Trondhjem, Knaus 

Å forsøke å lure reklamen er eit fåfengd prosjekt.

Det er snart femti år sia plateselskapet Decca proklamerte at ”All the revolutionaries are on Decca”, og etter det har kampen mot kommersialiseringa vore tapt ein gong for alle. Den danske dramatikaren Christian Lollike har laga ein artig tekst som tar tak i spørsmålet om kunsten likevel kan greie å sigre over, eller i det minste ”lure”, reklamen og den aukande sponsinga. SIT har omsett og tilrettelagd teksten for sitt eige bilde, og sundag var det norgespremiere på Knaus.

FAUST & Reklamekabareten er metateater i aller høgste grad, og stundom også metametateater. Eit idealistisk teaterkompani (SIT) vil gjerne lage produksjonar som, om dei ikkje endrar verda, i alle fall set vesentlege spørsmål opp til debatt, systemkritisk og uavhengig. Men så var det der med pengane og å få råd til å lage desse produksjonane. SIT har ikkje midlar, og er truga av oppløysing. Eit i dobbel tyding kreativt reklamebyrå vil tilby sponsing mot produktplassering, og dette er sjølvsagt heilt uspiseleg for dei unge idealistane. Men reklamefolka er pågåande, og i nauda eter som kjend fanden fluger. SIT finn difor ut at dei kan lage produksjonar der reklamen blir ironisert. Då er integriteten på plass og samvitet reint. Men så syner det seg altså at antireklame også er god reklame og at sponsorane kjøper ironien. Kva gjer ein då? Kanskje bad taste eller slett framføring. Kampen blei som sagt tapt for femti år sia, og i hovudsak er det nok den konklusjonen vi får presentert på Knaus også.

Oppsettinga er leiken og full av humor, og ikkje så reint lite sjølvironi. Det opnar lovande med ein konferansier som i beste Cabaret-stil tar oss inn i problematikken. Men det blir raskt tydeleg at her er det store manglar i regi og dramaturgi. Oppsettinga er full av tablå der ein nok kunne ha kutta med hard hand, og der dei alt for mange sceneskifta er langt frå saumlause. Sjølv om det er mange gode einskildprestasjonar, er det likevel tydeleg sviktande personinstruksjon.  For meg framstod stykket som relativt uferdig. Dette seier eg fordi eg gjennom åra har sett særs mye bra teater frå SIT si side, og studentane får ha meg orsaka for at eg legg lista eit godt hakk over vanleg amatørteater.
Amund Grimstad

Leave a Reply