Ikkje heilt logisk

TEATER 

Fluenes Herre
Av William Golding
Dramatisert av Nigel Williams
Omsett av Hilde Hagerup
Regi: Marit Moum Aune
Scenografi og kostyme: Nora Furuholmen
Med: Tone Mostraum, Ine Jansen, Andrea Bræin Hovig m. fl.
Nationaltheatret, Amfiscenen

Bildet:
KOSTSKULEGUTAR: Ikkje vanskeleg å sjå at dette er engelske kostskulegutar.  FOTO: GISLE BJØRNEBY

Sceneversjonen av Fluenes Herre manglar mye av den indre logikken som er naudsynt for å få med seg korleis samfunnet gradvis går i oppløysing.

William Goldings nærast dystopiske roman frå 1954 er eit både skræmande og framifrå bilde på samtida, kor skjør fernissen av sivilisasjon er, og kor lite som skal til før det går forferdeleg gale. Boka ga han nobelprisen, ho er blitt filmatisert to gongar, og er lese av eit enormt stort publikum.  Det er difor med relativt stor fallhøgde at Nationaltheatret presenterer sceneversjonen som hadde norgespremiere på Amfiscenen i helga.

I storsamfunnet, eller makrokosmos, er det atomkrig, og eit flylass med engelske kostskulegutar blir evakuert til det foreldra trur er geografisk tryggleik. Men flyet dett ned over ei øyde øy, piloten døyr, og gutane freistar å skipe sitt eige samfunn, eit mikrokosmos Golding nyttar som bilde på den sivilisasjonen gutane kjem frå. I tematikk og bildebruk er historia ikkje ulik George Orwells Animal Farm frå ni år tidlegare. Gutane (som dyra i Animal Farm) startar med å lage seg eit slags demokrati med vald leiar og relativt klåre reglar. Initiativtakar til dette er Piggy (Tone Mostraum), den rasjonelle og nøkterne, men også så snusfornuftige at han ikkje akkurat blir gruppas yndling. Jack (Andrea Bræin Hovig) har leiarambisjonar, er intrigant og gjer kva som helst for å vinne fram, medan Ralph (Ine Jansen) blir vald til leiar og er sivilisasjonens garantist.

Frå det lausleg organiserte skjer det gradvis små endringar, det oppstår maktkamp, semireligiøse situasjonar, frykt, massesuggesjon, og i romanen endar det etter kvart med at Jack si gruppe set fyr på heile eksistensgrunnlaget for å vinne over Ralph. Men røyken frå elden gjer at øya blir oppdaga, og ein marineoffiser reddar gutane frå å utslette seg sjølve. Kva dei så blir redda til, er eit ope spørsmål Golding ikkje gir svar på.

Å presentere ni kostskulegutar i alderen sju til tretten år på eit truverdig vis er ikkje lett når ein skal nytte vaksne aktørar. Marit Moum Aune har vald å bruke berre kvinner. Det var tilsynelatande eit sært val, men synte seg raskt å vere temmeleg genialt. Relativt små kvinner med lys røyst blei frå første stund til å tru på. Like vellukka var også opninga der ho på eit enkelt, illustrerande og pedagogisk vis greidde å presentere både dei særs britiske kostskulegutane og flystyrten. Så gjekk teppet opp for livet på øya. Det blei diverre ikkje like vellukka.

Ei dramatisering er eit sjølvstendig kunstnarleg uttrykk, og skal korkje ha som føresetnad at ein har lese boka, eller kjenner historia. Oppsettinga må stå hundre prosent på eigne bein og på eigen indre logikk. Det gjer ikkje denne produksjonen. Tittelen på stykket blir innhaldslaus ettersom flugene ikkje finst. Når gutane blir livredde for det dei trur er eit monster, men som berre er liket av flygaren hengande frå fallskjermen i eit tre, er dette nærast uråd å få med seg. Og den gradvise, snikande endringa som skjer frå sivilisasjon til barbari er presentert i tablå der spranga blir for store til at dei blir forståelege. Slik blir det også med avslutninga som berre er ei vill menneskejakt, men utan at øya brenn. Då blir det ikkje like logisk at det med eitt og ut av inkje dukkar opp ein marineoffiser. Og finalen der Piggy kjem attende frå dei daude og hoppar over ei trestamme, blir nesten pinleg.

Scenografien til Nora Furuholmen er relativt enkel og illustrerande, men gir ikkje tilstrekkeleg rom for dei mange sceneskifta. Øya er stor, og det skjer ting fleire stadar og med stor innbyrdes avstand. Dette blir problematisk å formidle gjennom scenografien til Furuholmen. Det er, som eg alt har påpeika, eit særs vellukka grep å nytte kvinner i alle rollene, og eg tenkte aldri på dei som anna enn unge gutar. Det er òg mange gode einskildprestasjonar. Særleg er Tone Mostraum særs truverdig som den irriterande nøkterne og retthaverske Piggy. Kjersti Elvik fekk også fram heilskapen i tvilaren Maurice, medan Marika Enstad var den store, sterke, men likevel svake som let seg manipulere av Jack. Og eg må vedgå at eg blei sjarmert av tvillingane Sam og Eric (Mari Maurstad og Kjersti Botn Sandal). Men eg blei diverre ikkje like sjarmert av sjølve oppsettinga.
Amund Grimstad

Leave a Reply