Komedie eller farse?

TEATER

Den stundesløse
Av Ludvig Holberg
Omsett av Nina Valsø
Regi og bearbeiding: Bentein Baardson
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Med: Øyvind Brandtzæg, Ingrid Bergstrøm, Hans Petter Nilsen, Mads Bones, Ragnhild Sølvberg m.fl.
Trøndelag Teater, Hovudscena

Bildet:
FARSE: Ragnhild Sølvberg som Magdelone og Mads Bones som Peder Eriksen er av dei som, trass i overspel, er til å tru på og le av. FOTO: GT NERGAARD

Holberg som delvis overspela farse, grensande til buskis.

Ludvig Holbergs komedie om herr Vielgeschrey, mannen som hadde så mye å gjere at han ikkje fekk gjort nok, er kanskje den beste av alle Holbergs komediar. Her harselerar han med menneskeleg dårskap på eit vis vi alle kan kjenne oss att i. Meir enn eit kvart årtusen før omgrepet og folkesjukdomen ”stress” blei oppfunne, driv Holberg gjøn med oss. Godt, men særs synleg innpakka bak det komiske ytre, greier Holberg å halde opp eit speil der vi kan sjå kor narraktig Vielgeschrey (og dermed vi sjølve) er.

Til førre gongen Den stundesløse blei sett opp på Trøndelag teater laga Nina Valsø ein glitrande omsetting til trøndersk. Regissør Bentein Baardson har vald å nytte same omsettinga. Det er eit godt val. Men når han også har vald å bearbeide teksten ytterlegare, er ikkje det like heldig. Holberg står godt på eigne bein, og når komedien blir gjort om til farse der det stundom går over i buskis, druknar mye av bodskapen i støy og halloi. Det er mye overspel, og det kan sjølvsagt fungere godt, men då skal det gjerast med fingertippkjensle. Mads Bones som Peder Eriksen, Ingrid Bergstrøm som Pernille og Ragnhild Sølvberg som Magdelone meistrar dette, men det øvrige ensemblet har fått for firkanta og sjablongaktige roller. Herr Vielgeschrey (Øyvind Brandtzæg), som det heile dreier seg om, blir nesten statist i si eiga oppsetting. Det eg oppfattar som hovudbodskapen til Holberg; den oppstressa kvardagen som ikkje fører til noko, forsvinn i stor grad i forviklingane rundt spørsmålet om kven som skal gifte seg med kven. Når dette blir presentert så kjapt at det blir vanskeleg å henge med i forvekslingslogikken, blir det diverre for lite att.

Milja Salovaara har ansvar for både kostyme og scenografi. Ho har laga tidsriktige og særs flotte kostyme. Hovudscena er stor og djup, og kan by på mange problem når det blir spela forviklings- og forvekslingskomedie der timing er spesielt viktig. Salovaara har laga ein intim scenografi der ho medvete har krympa formatet på hovudscena, og der alt blir spela i eitt rom utan forstyrrande sceneskift. Det fungerer særs bra.

I Bentein Baardsons regi er Den stundesløse framleis eigna til å kalle på latteren. Men frå å vere eit oppgjer med menneskeleg dårskap der vi kan le av både den stressa herr Vielgeschrey og oss sjølve, er oppsettinga blitt eit titteskap med delvis frittståande farseaktig situasjonskomikk som stundom tippar over i både buskis og overspel. Og det var kanskje ikkje meininga?
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 8. september 2009)

Leave a Reply