Kopien blir original

TEATER

Gob Squad’s Kitchen (You’ve Never Had It So Good)
Av Gob Squad
Produksjonsleiar og dramaturg: Christina Runge
Scenografi: Chasper Bertschinger
Video: Miles Chalcraft
Framført av Sean Patten, Simon Will, Sharon Smith og Laura Tonke.
Teaterhuset Avant Garden, Verkstadhallen, Svartlamon, Trondheim

Bildet:

KOPI: På lerreta får vi projisert ein kopi av ein kopi av ein kopi. Eller? FOTO: DAVID BALTZER
 
Ein imponerande freistnad på det umogelege i å lage Andy Warhols film ”Kitchen” på nytt.

Den britisk-tyske teatergruppa Gob Squad gjesta Norge for to år sia med framsyninga Super Night Shot der dei i løpet av ein time på byen laga ein videopresentasjon med lokale statistar som var forskjellige frå kveld til kveld. Det var den gongen uråd ikkje å bli imponert over timing, synkronisering, teknikk og ikkje minst iscenesettinga i ein framand by og med totalt ukjende statistar dei berre plukka opp der og då. Nå har dei gjesta oss igjen med produksjonen Gob Squad’s Kitchen (You’ve Never Had It So Good), og denne meldaren er minst like imponert som førre gongen.

Gob Squad tar oss både faktisk og tematisk attende til Andy Warhols sekstital. Ein av dei mange filmane Warhol laga på denne tida, var Kitchen . Han blei produsert i eit kjøken i New York i 1965, og Gob Squad har nå sett seg føre å lage denne og to andre Warhol-filmar (Sleep og Screen Test) på nytt. Dette er kultfilmar eg ikkje har sett, men det er eg tydelegvis ikkje åleine om ettersom Gob Squad koketterar med at det har heller ikkje dei! Slikt blir bagatellar i denne samanhengen. Med publikum plassert framfor tre lerret der studio, eller kjøkenet om ein vil, er bak lerreta, får vi sjå videopresentasjon frå rekonstruksjonen. Det startar både underhaldande og særs komisk. Når relativt unge menneske skal gjenskape ein situasjon frå 45 år attende, held det sjølvsagt ikkje med coole solbriller, og stadige utsegner som ”far out, man”. Slik opnar framsyninga med ei visualisering av det umogelege i å gå attende i tid, eller for dei meir filosofiske; vanskane med å gå ut i same elva to gongar.

Men Gob Squad har atskilleg høgare ambisjonar enn berre å underhalde. Warhol var popkunstens fremste, og mye av det han arbeidde med gjekk på temaet kopi og repetisjon. Eitt av hans mest kjende kunstverk er bildet av suppeboksen frå Campbell. Her blir det autentiske problematisert ved at bildet er ein kopi av ein kopi av eit masseprodusert produkt som difor også er ein kopi. Kor blir det då av det autentiske? Slik blei denne framsyninga for meg ei dramatisering av suppeboksen til Warhol, så umogeleg det enn kan høyrast. Om ikkje Gob Squad har sett Kitchen, så kjenner dei nok både kunst- og litteraturhistoria, og det er tydeleg å sjå parallellar til, – og problematisering av – langt meir enn denne kultfilmen frå 1965. Produksjonen er sjølvsagt metateater i aller høgste grad. Og også her ligg assosiasjonane og dei historiske referansane tydeleg i dagen. Det er Cervantes, som med boka Don Quijote, har fått æra for å ha funne opp meta-sjangeren. Den argentinske forfattaren Jorge Luis Borges skreiv på trettitalet novella Pierre Menard, forfattar av Quijote, der han lagar meta av meta ved at hovudpersonen Menard set seg føre å skrive Don Quijote på nytt. Det absurde, og det umogelege i dette prosjektet er det i røynda Gob Squad nå syner oss.

Så langt er dette ei underhaldande visualisering av eit sentralt tema i kunsthistoria, og for så vidt ei stadfesting av det vi alle veit. Men det er før framsyninga gradvis tar ei dramatisk endring. Dei fire på scena spelar seg sjølve, men bytter tidvis roller og kjøn, og det er relativt uproblematisk. Men så blir det heile etter kvart interaktivt ved at ensemblet hentar inn statistar frå publikum som delvis overtek rollene, og som får spontanregi der og då gjennom headset. Med ein imponerande timing greier dei fire i ensemblet å instruere sine heilt ukjende understudies både fysisk og verbalt. Det kunne, og burde, sjølvsagt ha gått heilt gale, blitt stivt, ulenkeleg og amatørmessig. Men så syner det seg at dei fire frå salen ikkje berre tek regi, men på mange vis overtek heile scena. Og vi blir verkeleg sittande att med spørsmålet om kva som var autentisk i det vi var vitne til. Kven er kven, kva er kva, og finst det i det heile tatt ein røyndom der ute?

Tanken bak denne produksjonen er like genial som han er umogeleg. På eit særs intelligent, underhaldande og pedagogisk vis får vi problematisert og dokumentert det som i utgangspunktet ikkje skulle kunne la seg gjere. Ideen er fantastisk, men den tekniske gjennomføringa til ensemblet er vel så imponerande. Så mye teknologi, spontansynkronisering, fleksibilitet, improvisering, timing, – og samstundes så leikande avslappa!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 23. mars 2009)

Leave a Reply