Svar på tiltale?

TEATER

Triptych on Essence
(Tomteland Lieland Ridflickeland)
Av og med Institutet
Tekst: Ludvig Uhlbors
Regi: Anders Carlsson
Scenografi: Linn Lamberg
Med: Anders Carlsson, Iggy Malmborg og Bodil Mårtensson
Teaterhuset Avant Garden, Verkstadhallen, Svartlamon

Bildet:
KONTROLL: I ei fascistoid setting har Institutet full kontroll på si eiga undersøking av kjerna i det menneskelege tilveret. FOTO: BODIL JOHANSSON

I form ein kulturpolitisk pamflett, men også ei reise frå illusjon til røyndom.

Det Malmøbaserte svenske teaterkompaniet Institutet sette i fjor opp produksjonen The Rise and Fall of the Roman Empire som rett nok trakk fulle hus, men som representerte noko så uhøyrd som å bli endra frå gong til gong. I tillegg blei kompaniet skulda for at framsyninga ikkje blei vist mange nok gongar, og at intensjonane deira ikkje var til å forstå. Som ein parallell til vårt heimlege Kulturråds nulling av Miss Landmine, mista kompaniet offentleg støtte. Svenske frigrupper er organisert heilt annleis enn her i landet. I Sverige har dei ofte eigne scener og er som små autonome institusjonsteater å rekne. Å tape offentleg støtte blei såpass dramatisk at Institutet i november i fjor måtte flytte ut av lokala sine. Nå er dei etablert på nytt, og som svar på tiltale har dei laga ein produksjon som skal vere uangripeleg for millimetermåla til løyvande styresmakter og kulturbyråkratar, og som i form er ei fascistoid stoppeklokkeframsyning der ingen skal kunne tvile på kva dei vil.

Triptych on Essence er, som namnet indikerar, ein treaktar som freistar å gå inn til kjerna – til essensen – av det menneskelege tilveret. Kvar akt er nøye tilmålt med nedtellingsklokke som avgjer når akta er slutt, og i opninga fortel regissør og skodespelar Anders Carlsson pedagogisk og utvitydig om kva vi har i vente. Slik blir det heile presentert som særs føreseieleg, og der ikkje noko uventa kan skje. Dei tre skodespelarane, og også dei to særs synlege teknikarane, er kledd og sminka på eit vis som gir assosiasjonar til tyske brunskjorter og andre med overdriven trong til kontroll. Scenografien er ei blanding av sekstitalsteknologi og Reodor Felgen, og der sal og scene er omkransa av eit forheng som både blir nytta til pedagogisk presentasjon av kva vi har i vente, og som ei avgrensing mot noko uvisst som er utanfor. I denne settinga der vi ofte kan få ei kjensle av å vere innestengd i kompaniets eksperiment, spelar dei ut ein millimeterpresis produksjon som i hovudsak er ein drepande kritikk av offentleg detaljstyring av kulturlivet. Om det var alt, ville oppsettinga berre hatt akademisk interesse for oss i Norge, og vore meir som eit kulturpolitisk flygeblad. Men sjølv om Institutet er tydelege i sine intensjonar, i alle fall så tydelege at dei får att offentleg støtte, er framsyninga ikkje berre sin eigen antitese, men fungerer også på mange andre plan.

Dei tre aktene er tilsynelatande heilt autonome, med den samnemnaren at dei skal freiste å gå inn til essensen. I første akt blir vi presentert for den altoppslukande kjærleiken som er så total at HAN også elskar avføringa HENNAR og kosar seg med å ete skit. Det er spela teater, og det er vanskeleg å la seg provosere. I andre akt, som dei sjølve hevdar ikkje har noko innhald, får vi ein absurd og komisk presentasjon av eit lite fungerande familieliv representert ved ein nissefamilie som ender opp med å ta livet av stakkars Rudolf. Men i tredje akt er det ikkje lenger teater. Då har røyndomen innhenta oss, torturscenene er verkelege, scena eit fengsel, og vi er alle letta over vekkarklokka som omsider har talt ned og reddar oss frå ubehaget.

Triptych on Essence er ei utforsking av om det menneskelege tilveret har ei meining. Skodespelarane er dyktige, med tydeleg klassisk skolering, og spelar tidvis i eit formspråk som står i skrikande kontrast til innhaldet. Metaforar og parallellar til litteratur og teater sit meir enn laust, og i den pseudoalvorlege forma dei har gitt oppsettinga ligg det mye komikk. Slik blir det føreseielege uføreseieleg, og framsyninga si eiga motseiing. Vegen fram til svaret på essensen i tilveret er nok i lengste laget, og svaret kompaniet gir på si eiga undersøking blir hengande i lufta som eit postmodernistisk tja. Eg er litt uviss på kva Institutet meiner essensen eigentleg er, men kanskje er det nettopp det som er svaret?

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 2. februar 2009)

Leave a Reply