Inn til beinet

TEATER

John Gabriel Borkman
Av Henrik Ibsen
Instruert og bearbeidd av Bentein Baardson
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Lysdesign: Torkel Skjærven
Med: Erik Hivju, Hilde Olausson, Hildegunn Eggen, Kristofer Hivju m.fl.
Trøndelag teater, Gamle scene.

Bildet: OPPGJER: Det økonomisk og juridiske oppgjeret var vanskeleg nok, men det menneskelege er langt verre. (Hildegunn Eggen, Hilde Olausson og Erik Hivju) FOTO: GT NERGAARD

Bentein Baardson syner oss at Ibsens tekst framleis er sterk nok i seg sjølv til å tole å bli presentert utan såkalla moderniserande påhitt.

Gamle scene på Trøndelag teater er, som namnet fortel, ei gamal scene, faktisk den eldste i landet. I tråd med desse fysiske omgivnadene, i utsøkt scenografi av Milja Salovaara, rett nok noko stilisert, men likevel med klår adresse til 1890-åra, har Bentein Baardson vald å presentere John Gabriel Borkman i opphavleg miljø og tidsand. Her var ingen moderniserande påhitt for å gjere Ibsen meir aktuell. I staden fekk vi ei framsyning som ga oss meisteren inn til beinet, rett- og tett på! Det var befriande, og synte tydeleg at Ibsen meir enn toler å bli presentert i sin eigen tidskoloritt.

John Gabriel Borkman er Ibsens nest siste nåtidsdrama, og på mange vis nesten å sjå som ei vareopptelling av tidlegare produksjonar. Den vande teatergjengaren kan her finne element frå mye av det Ibsen tidlegare har skrive, og dette kan fort gjere tematikken litt utydeleg. Her er islett av å gjere alt fullt og heilt, livsløgnsproblematikk, eigedomsrett til andre menneske, overmennesket som er heva over jordiske lover, og mye meir. Alt dette er rett nok med i Bentein Baardsons oppsetting, men utan at det er mogeleg å vere i tvil om at dette først og fremst handlar om svik. Svik du kjærleiken, – ideala dine og dei næraste, så svik du òg deg sjølv. Saman med dramaturg Bodil Kvamme har Baardson skore kraftig i teksten, modernisert språket noko, men er elles hundre prosent tru mot Ibsen. Og dei går rett på sak utan utomsnakk. Opningsscena er symptomatisk der dei elegant hoppar over introduksjon og går direkte inn i møtet mellom Ella Rentheim og Gunhild Borkman, dei to systrene som har elska same mann. Det er konfrontasjonen med ein gong, og heile oppsettinga er ei rekke tablå der nettopp konfrontasjonane er det sentrale. John Gabriel Borkman sveik kjærleiken til Ella for å kunne bli banksjef, gifta seg i staden med Gunhild, spela høgt med innskytarane sine pengar, blei avslørd og fekk fleire år i fengsel. Gunhild og John Gabriel har sonen Erhart, som i dei vanskelege åra vaks opp hjå Ella. Nå, mange år seinare, kjem Ella attende og gjer krav på Erhart, og i løpet av eit snautt døgn blir dei alle konfrontert med vala sine, og må gjere opp rekneskap.

Dei sentrale aktørane står særs godt til kvarandre i det tette spelet der det stundom formeleg gnistrar i møta mellom dei. Erik Hivju som Borkman er ein arrogant faen, ein livsløgnar som trur seg heva over menneskelege lover. I starten utilnærmeleg, bitter og hard. Men i møtet med Ella blir han tvunge til å stå til rekneskap, og det toler han til slutt ikkje. Hilde Olausson gir oss ei relativt lågmælt, og til tider både mild og forsonande Ella som står i sterk kontrast til systera Gunhild som i Hildegunn Eggens tolking er både bitter, hemngjerrig og ikkje minst infam. Båe gjer dei krav på eigedomsretten til Erhart, og i nokre av desse konfrontasjonane får vi ein verbal ping-pong som blir nesten elektrisk. I frigjerande opposisjon til dei tre gamle og deira forstokka syn på menneska, kjem Erhart (Kristofer Hivju) med sitt enkle credo om at han vil leve. Så enkelt, – og så vanskeleg!

Milja Salovaara har laga ein effektfull, lett stilisert, vakker og tydeleg scenografi som gir oss meir enn tilstrekkelege assosiasjonar til dei lumre salongane frå 1890-talet. Med enkle grep får ho skifta mellom stue, loft og skogen utanfor utan forstyrrande sceneskift. Og Bentein Baardsons stramme regi syner oss at Ibsens tekst framleis har sprengstoff nok i seg til å stå på eigne bein utan alle mogelege moderniserande påfunn.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 12. januar 2009)

Leave a Reply