Eit betre liv

TEATER

Om mus og menn
Av John Steinbeck
Omsett og instruert av Harry Guttormsen
Scenografi og kostyme: Bård Thorbjørnsen
Med: Torgeir Reiten, Øyvind Brandtzæg, Pål Christian Eggen, Arne O. Reitan, Cici Henriksen, Mads Bones, Hermann Sabado, Jan Erik Berntsen, Richard Sseruwagi og Hallbjørn Rønning.
Trøndelag teater, hovudscena

Bildet: DRAUMEN: Det er vona om eit betre liv som held George (Torgeir Reiten) og Lennie (Øyvind Brandtzæg) oppe. FOTO: GT NERGAARD.

Lågmælt, humoristisk og godt om menneskeleg lengt etter eit verdig liv.

Draumen om eit betre liv, eller for mange berre om eit liv, har vore drivkraft for menneska til alle tider, og i moderne tid er det få som har skildra dette betre enn John Steinbeck. Då han skreiv den vesle romanen Om mus og menn i 1937, presenterte han gjennom den enkle miljøskildringa si ein humanisme som den gongen var særs radikal. Når Trøndelag teater nå set opp dramatiseringa av boka, ser ein diverre at om ikkje innhaldet er like radikalt, er det nok av samtidseksempel på at verda ikkje er kome så veldig mye lenger.

Det er krise, depresjon og intern folkevandring i California. Arbeidslause landarbeidarar går frå gard til gard etter arbeid der målet er å legge seg opp litt til ei betre framtid, men der realiteten er å leve frå hand til munn. To menn, George og Lennie er blant dei mange. Lennie er stor og umåteleg sterk, men noko tilbakeståande. Han er enkel, naiv og eigentleg harmlaus, men styrken, som han ikkje sjølv har styr på, kan gjere han farleg. George har tatt seg av kameraten i alle år, ikkje fordi han er særskilt medviten om å vere eit godt menneske, men meir fordi det berre er blitt slik. Så kjem dei til ein gard der dei får arbeid, og gjennom enkel miljøskildring syner Steinbeck oss ulike mennesketypar frå den svarte, og boklærde Crooks, som må bu i stallen, den funksjonshemma Candy, via den unge og optimistiske Whit og til sjefen og den ufordragelege og grenselaust sjalu sonen hans, Curley. Og oppi det heile den djupt ulykkelege kona til Curley, ei tikkande bombe det er lurast å halde seg langt unna. Eit lite samfunn i miniatyr med kontrastar, maktforhold, kjensler, kontaktbehov og ikkje minst draumar.

Harry Guttormsen har både omsett og instruert oppsettinga. Han har, som Steinbeck, gitt ho eit munnleg språk som flyt godt, verkar naturleg og gir aktørane stor truverd. Bård Thorbjørnsens scenografi er relativt enkel, men får likevel fram det rette miljøet og gjer sceneskifta saumlause. Rekvisittane er få, og på den store hovudscena kan det bli store avstandar og nesten verke umøblert, men på dette viset syner Guttormsen og Thorbjørnsen òg at jamvel om landarbeidarane bur og jobbar tett, så er det stor avstand mellom menneska.

Det er ein fryd å sjå Øyvind Brandtzæg i rolla som Lennie. Det er ein person til å bli glad i, til å tru på, til å le litt av og med, eit menneske så enkelt og naivt, og dermed så uskuldig som berre eit barn kan vere. Lennie er langt frå klok, men i møta med dei andre utløyser han menneskelege sider i dei som elles ikkje alltid er like tydelege. Denne rolla meistrar Brandtzæg til fulle. Torgeir Reiten er kameraten George, atskillig meir samansett, litt oppfarande og stundom temmeleg irritert over Lennie. Men så er han altså likevel eit menneske som gjennom Lennie har fått si oppgåve i livet. Samspelet mellom dei to er særs godt, og dei får fram den konstante vekslinga mellom ulikskap og venskap.

Det er berre åtte aktørar i dette minisamfunnet, og dei øvrige er i hovudsak statistar i George og Lennie sitt liv. Men rolletolkingane deira er så gode at oppsettinga får ein ekstra dimensjon ved at mange av tablåa blir små perlar som står fullstendig på eigne bein. Som Crooks (Richard Sseruwagi) når han litt motvillig opnar stallen og seg sjølv for dei andre. Eller når Whit (Mads Bones) gir oss ei levande, humoristisk og glitrande skildring av dei to lokale horehusa. Det nære, men etter kvart fatale møte mellom Curlys kone (Cici Henriksen) og Lennie, er kjenslevart presentert, og Arne O. Reitan gir oss ei varm og innlevande tolking av den funksjonshemma Candy. Som den verkelege humanisten, den respekterte og empatiske, står Slim (Pål Christian Eggen) som ein tydeleg representant for det beste i oss.

I Harry Guttormsens regi er Om mus og menn blitt ei varm og lågmælt framsyning om menneske som alle på sitt vis er funksjonshemma, det vere seg av økonomiske, intellektuelle eller strukturelle årsaker, ei framsyning om draum, lengt, om samvær, sjølvrespekt, – kort og godt om det å vere menneske. Oppsettinga er like trist som ho er løfterik. Det er ikkje lett å vere menneske, men vi får gjere så godt vi kan. Eg skal ikkje røpe korleis dette endar, men Guttormsen har vald ein finale som er litt mindre eintydig enn Steinbeck. Slik blir det opp til oss å tolke vidare. Det kunne ha vore eit godt grep, men for meg blei finalen litt uforløyst i ei oppsetting som elles er særs klår og tydeleg.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 19. januar 2009)

Leave a Reply