Dirigent for kva?

 TEATER

Teaterkompaniet Pontenegrinerne:
Dirigenten
Skrive og regissert av Ingrid Weme Nilsen
Lys: Eirik Brenne Torsethaugen
Framført av Inga Dahle Aagård
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet: SJEF: Dirigenten herskar med uinnskrenka makt, men over kva? FOTO: Pål Christian Eggen

I symfoniorkesteret er det dirigenten som er sjef, – i alle fall trur ho det.

Det opplyste eineveldet har vi vel alle stundom ønska oss, og mange av oss har òg drøymd seg inn i ei rolle der vi kunne vere ei autoritativ, men ikkje autoritær, Mor Godhjerta som herska med visdom og uinnskrenka makt. Slike assosiasjonar er det eg får når eg ser Dirigenten av det Oslobaserte teaterkompaniet Pontenegrinerne som nå er i desimert eksil i Trondheim og har hatt produksjonstørke i fire år. Om du blir forvirra av denne innleiinga, så er det kanskje meininga, for Dirigenten er ei enkel og forståeleg historie som etter kvart tar litt absurde retningar.

Pontenegrinerne blei skipa i Oslo i 2002, men etter at to av fem har forlate kompaniet, og to av dei tre attverande har flytta til Trondheim, er gruppa nå i eit slags trøndersk eksil. Ingrid Weme Nilsen, til dagleg kommunikasjonsansvarleg ved Teaterhuset Avant Garden, og om tre veker nytilsett dramaturg ved Trøndelag teater, har skrive teksten til Dirigenten, og også sjølv regissert oppsettinga. Det er ein tekstrik monolog, nesten som eit fortellarteater, og nærast utan scenografi. Inga Dahle Aagård er kveldens dirigent, og ho set oss pedagogisk og med bøtter av historisk og musikalsk kunnskap, inn i den særeigne rolla det er å vere dirigent for eit symfoniorkester. Med ei besetning på 86 er orkesteret som eit samfunn i miniatyr med sine motsetnadar, maktkampar, intrigar og sjalusi. Og over det heile styrer dirigenten med uinnskrenka makt, men likevel med mild og moderleg hand. Det er ein intelligent tekst, slett ikkje utan humor, og utmerka framført av Inga Dahle Aagård. Aagård er framleis eit relativt ukjend namn i teaterverda, men det trur eg ikkje vil vare lenge. Tidlegare i haust spela ho Quisling på eit vis som ga fleire av oss bakoversveis i eit lesestykke produsert av Teaterhuset Avant Garden. Og nå er ho dirigenten med all den autoritet som følger ei slik rolle. Ingrid Weme Nilsen har gitt framsyninga ein stram regi, og Aagård leverer varene. Særleg er eg imponert over kor dristig ho er med å dvele så lenge i pausane. Ho let inntrykka søkke, og lit på teksten. Det er motig, og det fungerer.

Dirigenten er i utgangspunktet ei humoristisk og pedagogisk innføring i korleis det er å vere leiar av eit symfoniorkester. Men gradvis tar teksten og handlinga ei anna retning, og lojal som denne teatermeldaren er, skal han ikkje seie så mye om kva som skjer, men han kan i alle fall røpe at det relativt lettfattelege etter kvart blir atskillig meir surrealistisk. Det er ikkje alt ved teksten som er like vellukka, og ein avstikkar til den nedlagde Osramfabrikken i Drammen fann eg kanskje litt søkt. Men alt i alt er Dirigenten eit løfterikt comeback for Pontenegrinerne, ein lovande manusdebut for Ingrid Weme Nilsen, og ikkje minst ein strålande prestasjon av Inga Dahle Aagård.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 9. desember 2008)

Leave a Reply