Når nettene blir lange

TEATER

Jul i Prøysenland
Av Hilde Olausson
Basert på Alf Prøysen sine songar og fortellingar
Regi og koreografi: Erlend Samnøen
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Arrangør og musikalsk ansvarleg: Ivar Gafseth
Med: Mads Bones, Gunhild Sundli, Arne O. Reitan m.fl.
Trøndelag teater, hovudscena

Bildet: SAMSPEL: Nydeleg og barnleg undrande samspel mellom musa (Gunhild Sundli) og Jo (Mads Bones). FOTO: VEGARD EGGEN
 
Upretensiøst og underhaldande, men historia var vel i tunnaste laget?

Hilde Olausson, skodespelar ved Trøndelag teater, har tatt for seg nokre av dei julerelaterte fortellingane og songane til Alf Prøysen, og som eit teatrets svar på filmen ”Short cuts” freista å lage ein familiemusikal ut av dette materialet. Med kjende viser frå den mest folkekjære av alle norske artistar, er det sjølvsagt blitt ei hyggeleg framsyning, upretensiøs og relativt underhaldande, men heller ikkje så veldig mye meir. Så spørs det om ambisjonsnivået burde ha vore høgare, eller om dette er tilstrekkeleg som førjulsunderhaldning på hovudscena?

I ein særs god scenografi der Dagny Drage Kleiva med enkle middel har greidd å skape både eit verkeleg Prøysenland, og eit barneland med naivistiske kulisser, møter vi ei lita mus (Gunhild Sundli), og ein familie med fire barn der Jo (Mads Bones) er lillebror. Det er dagen før jul, og førebuingane er ikkje kome spesielt langt i denne huslyden som ut frå dialektbruk og påkleding både geografisk og tidsmessig definitivt høyrer heime i Prøysenland. Historia som blir fortald er knapt noka historie, og meir ei orsaking for å presentere gamle Prøysenviser. Dette er greitt nok om visene hadde vore hovudsaka, men det er blitt i lengste laget mellom dei, og nokre av dei blir i tillegg berre resitert. Teatret kallar produksjonen ein familiemusikal, og personleg kunne eg godt ha tenkt meg fleire songar. Men dei visene vi får, er til gjengjeld tatt særs godt hand om. Med så kjende og kjære songar kunne det ha vore freistande for teatret å berre resirkulere Prøysen, men Ivar Gafseth har halde seg langt frå det, og presenterer nye og gode arrangement. Dramatiseringa av ”Julekveldsvisa”, som blei både resitert og sunge, var passe surrealistisk, og fortellinga om juleførebuingane til den sjarmerande familien er krydra med ei mengd Prøysenreferansar for den som vil høyre etter. Ein del artige ordspel fekk vi og.

Men gode songar og nokre humoristiske gags er ikkje åleine nok til å forsvare ei oppsetting i så stort format. Dei tre som løftar framsyninga og gir ho det vesle ekstra er Jo, musa og nissen. Gunhild Sundli (tidlegare vokalist i Gåte) har lenge lent seg tungt på si uvanleg gode songstemme. Denne gongen slår ho ut i full blomst i ei unnseleg, men desto viktigare rolle, – som mus! Nettopp ved underspel, god mimikk og at ho er så hundre prosent til stades heile tida, syner ho at her er atskillig meir enn berre god røyst. Når ho i tillegg syng ”Julekveldsvisa” med ekte innleving, er den vesle rolla hennar komplett. I nydeleg og barnleg undrande samspel med Mads Bones som Jo, får ho fram mange gode og rette stemningar. Og sjølv om Bones ikkje først og fremst er ein songar, var hans versjon av ”Romjulsdrøm” til å få ståpels av. Dei andre familiemedlemma har fått atskillig mindre å spele på, og kvitterer med litt for mye overspel etter mi meining. Gunhild Sundli syner tydeleg at ein ikkje treng å spele i store bokstavar for å nå barna i salen, og instruktør Erlend Samnøen kunne nok ha dempa spelet ein smule. Ein som så avgjort ikkje treng demping, er Arne O. Reitan som nissen. Ein lun, smålåten, lågmælt og litt sjenert nisse til verkeleg å bli glad i. Og til å tru på! Finalen julekvelden med kompetansestrid mellom ekte og uekte nissar var artig og passe surrealistisk, – og først og fremst på ungane sine premiss som slikt teater sjølvsagt skal vere.

Amund Grimstad

Leave a Reply