Når alt skal med

TEATER 

LIGGE I GRØNNE ENGER
Av Anne B. Ragde
Dramatisert og instruert av Otto Homlung
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Med: Tone Mostraum, Jakob Margido Esp, Trond-Ove Skrødal, Øyvind Brandtzæg, Jan Erik Berntsen med fleire.
Trøndelag teater – hovudscena 

Bildet: Skal, skal ikkje. Torunn (Tone Mostraum) blir riven mellom stavnsband og ønsket om eit betre liv. FOTO: GT NERGÅRD
Ei endelaus rekke tablå der alt er like viktig, og der ein aldri tar seg tid til å dvele ved noko.

Eit skeivt hus heng over scena som ei påminning om ein skakkøyrd gard, om fedrane (eller rettare mora) sine synder, om stavnsband og odelsbinding. Den scenografiske løysinga til Milja Salovaara fortel oss tydeleg at det meste har gått gale på garden Neshov på Byneset. Og der Berlinerpoplene hadde ei god blanding av tragedie og humor, er oppfølgaren Ligge i grønne enger definitivt langt svartare i innhald.

Vi tar til med sjølvmordet til Tor, far til Torunn (Tone Mostraum), og jamvel om vi både titt og ofte er innom situasjonskomikk med homseparet frå København, er det Torunn si baling med valet mellom stavnsband og skuldkjensla til faren på eine sida, og eit anna og betre liv på den andre som er den grunnleggande fortellinga. Om Otto Homlung hadde konsentrert seg om denne problematikken, kunne dette kanskje ha blitt ei interessant historie. Første bod for både forfattarar og dramatikarar er ”kill your darlings” og å konsentrere seg om det som er viktig. Det har så avgjort ikkje skjedd i denne oppsettinga. Ho er i staden blitt ei endelaus opphoping av uforløyste tablå der alt skal med, og der kvar einskild scene blir avslutta så raskt at ein ikkje heilt forstår kva som var meininga. Historiene om ei lita jente, om offerlam i kyrkja og om den tyske soldaten er tre scener som eg vil tru eigentleg er ganske viktige både dramaturgisk og for forståinga av fortellinga. Men her blir dei så stutte at dei blir fullstendig meiningslause. 

Det er mang ei odelsjente som har lidd same kvalar som Torunn, men jamvel om Tone Mostraum gjer ein god jobb for å freiste å gi liv til gardjenta på Byneset, blir ho diverre statist i alle dei ulike tablåa. Homseparet frå Danmark, som i Berlinerpoplene blei ei artig kontrastering, tar nå heilt over, og bringer i tillegg med seg fire andre danskar. Når halve ensemblet skal snakke dansk på ei norsk scene, blir det tidvis både uforståeleg og litt i overkant. 

Med eit utal sceneskift og minst like mange tablå, er for så vidt sceneløysinga logisk, men ikkje særleg spennande. Bord, seng og liktrille blir rulla ut og inn medan det skeive våningshuset heng dystert over scena. Ensemblet gjer mange gode einskildprestasjonar, men ettersom alle opptrinna blir så korte og uforløyste, får aktørane lite å spele på, og mange av dei blir difor litt for sjablongaktige. 

Oppsettinga av Berlinerpoplene blei ein formidabel publikums- og kassasuksess. Om ho ikkje var stor dramatikk, så var det i alle fall ei god historie og framifrå underhaldning, og med ein dramaturgi som nådde eit absolutt klimaks i finalen. Slik er det diverre ikkje denne gongen. Det som kan vere ei god historie i Ligge i grønne enger druknar i eit utal sprikande tablå. Og etter eit antiklimaks av ein finale, spør eg meg sjølv kva det eigentleg var teatret freista å fortelle.
Amund Grimstad
 

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag 11. september 2008)

Leave a Reply