Gravid med Gud

TEATER

Endless Medication
Av Buelens Paulina
Konsept: Marijs Boulogne og Manah Depauw
Framført av Marijs Boulogne og Sara De Bosschere
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim  

Bildet:
Oppblåst: Eit svangerskap med Guds barnebarn skal snart ende med abort. FOTO: NADA ZGANK
Leiken religions- og sivilisasjonskritikk, – og så avgjort ikkje regiteater.

Den vesle belgiske teatergruppa Buelens Paulina serverer i ”Endless Medication” ei frodig og burlesk framsyning som uhøgtideleg harselerer med relativt heilage tema som graviditet, jomfrufødsel og religion, og gjer det på grensa til det blasfemiske. Men bak den humoristiske og temmeleg useriøse forma ligg det intelligent sivilisasjonskritikk så det held. Den ytre historia er om Rosa som ved hjelp av ”the JesusChristMachine” blir gravid, men som etter to-tre månader aborterer på eit like grotesk som humoristisk vis. Men Rosa gir seg ikkje med det. Ho berre VIL ha barn, og påstår etter kvart at ho er gravid på nytt, denne gong med Gud, og med barnet i leggen. Det viser seg å vere rett. Barnet kjem og blir født til evig liv, ikkje fordi det er guddommeleg, men fordi det ikkje er av kjøt og blod, men av plastikk og plastikk! Tittelen på produksjonen syner til at Rosa, etter å ha påstått å vere mor til Guds barn, blir dømd til tvangstrøye og endelaus medisinering.

I form er dette sjølvsagt heilt surrealistisk, særs humoristisk og i høgste grad trash. Det blir abortert, menstruert og avgitt kroppsvæsker og anna avfall i stor monn. Men bak den temmeleg barokke forma, ligg det lag på lag med kritisk blikk på såkalla vestleg sivilisasjon. Det er ein krass kritikk av eit samfunn der det ultimate ved å vere kvinne er å bli gravid. Det er ei openberr harselering med ideen om jomfrufødsel, men i vel så stor grad er det ei utforsking av og leik med kontrastar. Kor går skilnaden mellom religion og gudsspotting? Kan den outrerte religiøsitet ta form som blasfemi? Og for å ta det meir basale, leikar dei to seg også med kontrasten mellom reine og ureine kroppsvæsker på eit område der harselasen med pornografiens klisjear ligg snublande nær. Heile tida blir det nytta eit utal religiøse og andre metaforar som gir oppsettinga både dobbel og trippel botn.  

Dei to skodespelarane Marijs Boulogne og Sara De Bosschere nyttar eit scenespråk som i alle fall tilsynelatande verkar å vere langt frå regiteater. Med trekkspel og song, enkle rekvisittar, og særs lettfatteleg og tydeleg overspel leikar dei seg hemningslaust med kvinne- og morsrolla og med religiøse metaforar i ei både hysterisk morosam og på same tid djupt alvorleg oppsetting.
Amund Grimstad  

(Meldinga stod i Klassekampen fredag 12. september 2008)

Leave a Reply