Nakent og ærleg.

DANS

Lettere Amorose
Konsept, koreografi og dans: Raimund Hoghe
Gjestedansar: Lorenzo de Brabandere
Teaterhuset Avant Garden, Olavshallen Lille sal, Trondheim

Bildet: Ekspressivt. Velkoreografert rørsle kan gi vel så uttrykksfulle bilde som meir fysisk dans. Foto:raimundhoghe.com
 
Koreografert rørsle, så diskret at det er vanskeleg å kalle det dans, men likevel vel så ekspressivt.

Den som ventar ei tradisjonell danseframsyning med spektakulære sprang, enorm kroppskontroll, og rørsler tilnærma det gymnastiske, har kome feil ved å sjå framsyningane til Raimund Hoghe. I grenselandet mellom dans, teater og performance, er det meir koreografert rørsle enn eigentleg dans han framfører, men trass minimalismen, vel så uttrykksfullt.

Den tyske kunstnaren Raimund Hoghe (1949) har arbeidd som skribent, filmmakar, dramaturg, koreograf, og dei siste fjorten åra har han også laga eit utal danseproduksjonar med seg sjølv i hovudrolla. Lettere Amorose, som han nå har gjesta Trondheim med, er ein ni år gamal produksjon. Namnet er frå ein komposisjon av Claudio Monteverdi som framsyninga tar til med. Rommet er ein black box, og rekvisita er forskjellige gjenstandar Hoghe har lagra i utkanten av scena. Kulisser er fråverande, men lydkulisser er ulike komposisjonar og songar frå operaens far, Monteverdi, til Melina Mercouri, Frank Sinatra, Jacques Brel, Peggy Lee og mange andre. Med steinandlet går Hoghe rundt på scena, legg ut handdukar, pinnar, blomar og meir til, gjer diskrete, velkoreograferte rørsler, alt særs synkront med musikken i bakgrunnen, og berre avbrote av opplesing av nokre brev. Stykkets tittel kan sjølvsagt også tolkast som kjærleiksbrev, og breva han les frå, dreier seg kanskje meir om kjensler, lengt og svik enn eigentleg kjærleik, – om ikkje nettopp dette er viktige element i det store samleomgrepet kjærleik? Sams for breva, er at dei handlar om folk som på eitt eller anna vis er på utsida. Slik kan dei fort opplevast sjølvbiografisk.

Eg plar ikkje skrive om lyta til aktørane eg melder, men i dette tilfellet gjer eg eit unnatak. Raimund Hoghe er ingen grasiøs og spenstig dansar, han er tvert om liten og pukkelrygga. Men dette spelar han så medvete på, så ærleg, oppriktig, så sårbart og så nakent, at det blir ein særs viktig del av framsyninga, og ei unnlatingssynd ikkje å nemne det. Så vidt eg forstår, er prosjektet til Hoghe nettopp å utfordre oppfatningar og fordommar vi har om kropp og dans. Det greier han til fulle.

Eg må vedgå at under framsyninga var det ikkje alt eg forstod, men dette er ei oppsetting der ettersmaken er vel så viktig som opplevinga der og då. I skrivande stund, meir enn eit døgn etter presentasjonen, dukkar stadig nye bilde fram på netthinna. Hoghe spelar – og dansar – særs lågmælt. Her er ingen store faktar, og nettopp difor blir kvar ei lita rørsle så sterk. Han er dvelande, tar seg god tid, og mye av framsyninga får preg av rituelle handlingar. Musikken er ein integrert del av det heile, og om ein høyrer etter, forstår ein fort at utvalet er langt frå tilfeldig. Når Frank Sinatra syng It was a very good year og Hoghe dansar sakte selskapsdans med ein partnar som ikkje er der, er det ikkje vanskeleg å forstå kor han vil, og kor sårt dette er. Andre bilde og metaforar sit lenger inne, men om ein ikkje fattar alt, så er framsyninga likevel så gjennomsyra av det såre, nakne, og ikkje minst ærlege, at heilskapen ikkje er til å ta feil av. Det vakre og uttrykksfulle ligg ikkje alltid i det kroppsleg perfekte slik reklamen vil ha oss til å tru. Hoghe utleverer seg sjølv, utfordrar fordommar, og opnar auga våre. Det gjer godt!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 14. april 2008)

Leave a Reply